Engasjerande prisvinnarar

No image

– Erik Tunstad og Marta Norheim er lesarorienterte, engasjerte, engasjerande og viktige stemmer i det norske sakprosalandskapet, seier juryen for Språkprisen. Dei to forfattarane fekk prisen for framifrå bokmål og nynorsk på Språkdagen i Oslo Konserthus 13. november.

Vinnarane fekk 50 000 kroner, eit trykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar. Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet, delte ut prisen. – Den som skal få Språkprisen, må skrive mykje og lenge og godt og klokt, sa Grepstad i talen til prisvinnarane.

«Begge formidlar omfattande fagstoff til ei brei ålmente. Begge har gjennom bøkene sine vist at dei både kan trekkje opp lange linjer og stogge ved karakteristiske detaljar som kastar lys over heilskapar», skriv juryen.

– Ein stor forteljar

Erik Tunstad fekk Språkprisen 2012 for framifrå bruk av bokmål i bøkene Darwins teori. Evolusjon gjennom 400 år og Juks. Hvordan forskere svindler – og hvorfor det ikke er så farlig … og for ein omfattande forskingsjournalistisk produksjon i artikkelform.

«Han er en stor forteller, tydelig til stede i sin egen tekst, han er saklig og subjektiv, viser både faglig tyngde og populærvitenskapelig begeistring. På forbilledlig vis lykkes han i å formidle omfattende vitenskapstradisjoner til norsk offentlighet, i en form som kan engasjere også lesere uten naturvitenskapelig bakgrunn. Prisvinneren har sans for karakteristiske detaljer, og for formuleringer som åpner for skrå blikk på seriøse tema. Språket er ledig og variert, med opplysende metaforer og innslag av muntlig stil – midt i det strengt faglige. Han går heller ikke av veien for klingende bokstavrim og overraskende sammenstillinger. Forfatteren skriver et sted om Darwins Artenes opprinnelse at boka «er lettlest, uten altfor mange tekniske termer […] formulert i et hverdagslig språk». Det samme kan sies om hans egne tekster», skriv juryen.

– Opplysande brubyggjar

Marta Norheim fekk Språkprisen 2012 for framifrå bruk av nynorsk i bøkene Røff guide til samtidslitteraturen og Friksjonar. Essay frå kulturelle grenseområde.

«[Ho] er ein av våre fremste tolkarar og formidlarar av norsk samtidslitteratur, ein opplysande brubyggjar mellom skjønnlitteraturen og det store, lesande publikummet. I to essaysamlingar frå dei siste åra reflekterer ho over sentrale tema i nyare norsk litteratur og i det norske kulturelle landskapet. I begge bøkene viser ho stor evne til å vise fram og drøfte komplekse problemstillingar i eit presist og klårt språk. Men ho kan òg lage forfriskande metaforar, som når ein laptop vert til «utlagd hjerne». Prisvinnaren skriv ein stad at kritikarens oppgåve er «å reflektera vidare, innover i andre tekstar, utover i verda, nedover i sinnet». På denne måten kombinerer ho det personlege med det faglege, men ho overskrid det private og gjer synspunkta sine allmenne. Dette er ein eigenskap ved gode bøker, skriv ho – og tekstane hennar er i samsvar med dette kravet.»

Ove Eide, Tiril Rem, Karianne Skovholt og Espen Søbye har sete i juryen. Her finn du nett-tv-opptak av overrekkinga og takketalane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.11.2012 | Oppdatert:09.06.2015