Norskfaget i endring

Læreplanen i norsk skal reviderast. Språkrådet meiner det er viktig at den reviderte læreplanen sikrar grunnlaget for ei god utvikling for nynorsk. Sidemålsundervisninga må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast, fordi sidemål for dei aller fleste er nynorsk.

AV NINA TEIGLAND

Språkrådet er samd i at sidemålsopplæringa treng fornying, men det er ikkje grunn til å vente at nynorsk samla sett får ei god utvikling viss ein svekkjer nynorsk som sidemål. Skrive- og lesekompetanse i begge målformer må prioriterast endå strengare i norskfaget dersom omfanget av faget har blitt for stort.

Målet for revisjonen av læreplanen er å styrkje språklæringa og språkutviklinga i norskfaget. Høyringsutkastet for læreplanen skal vere klart 1. oktober 2012, og forslaget til revidert læreplan skal vere ferdig 15. februar 2013. Den reviderte læreplanen skal gjelde frå skuleåret 2013–2014.

Rådgivande forum

Alt våren 2010 etablerte Utdannings-direktoratet ei arbeidsgruppe for å få råd om kva endringar som trengst i norskfaget. Gruppa blei kalla Forum for norskfaget, og der møtest 19 personar som arbeider med norskfaget i grunnopplæringa og i lærarutdanninga. Forumet har gitt råd og føreslått tiltak og identifisert behov for kompetanseutvikling.

Sluttrapporten frå Forum for norskfaget, datert februar 2012, er interessant lesnad. Forumet tilrår mellom anna at den reviderte læreplanen bør leggje opp til at elevane alt frå første skuleår blir bevisste på dei to norske skriftspråka, og at det blir lagt større vekt på sidemålet til eleven på barnesteget. Forumet skriv òg at det fagdidaktisk sett er seint å innføre skriftleg sidemål på 8. årstrinn, slik stoda er no. Det peikar på at mange elevar med bokmål som hovudmål ikkje får tilfredsstillande opplæring i sidemålet sitt. I den vidaregåande skulen, studieførebuande program, tilrår forumet éin samla karakter i norsk. I dag er det tre – skriftleg hovudmål, skriftleg sidemål og munnleg. Forumet set som ein føresetnad for ei slik samanslåing av karakterane at eksamen i sidemål etter vidaregåande trinn 2 blir obligatorisk.

Lågare ambisjonsnivå?

Kunnskapsdepartementet sende 6. desember 2010 eit oppdragsbrev til Utdanningsdirektoratet. Som ein del av brevet blir Utdanningsdirektoratet bede om å gi tidleg tilbakemelding om læreplanen i norsk knytt til hovudmål og sidemål.

Forslaga til endringar som gjeld hovudmål og sidemål i norskfaget, kom i brev frå Utdanningsdirektoratet 19. januar 2012. Utdanningsdirektoratet tilrår her at læreplanen i norsk blir endra i omfang, ambisjonsnivå og vurderingsordningar for skriftleg sidemål. Utdanningsdirektoratet tilrår vidare at kompetansen i skriftleg norsk blir vurdert samla i éin karakter, og at eksamensdagen i norsk sidemål etter 10. årstrinn fell bort. På studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande skulen tilrår Utdanningsdirektoratet at eksamensordninga held fram slik ho er i dag, der eksamen i skriftleg hovudmål er obligatorisk, medan skriftleg sidemål og norsk munnleg er trekkfag.

Ulike kompetansekrav?

Kunnskapsdepartementet skreiv svarbrev til Utdanningsdirektoratet 8. februar 2012. I brevet går det fram at revideringa av læreplanen ikkje skal svekkje det faglege nivået, men at det skal vurderast om kompetansekrava til hovudmålet og sidemålet kan vere ulike. Departementet legg òg til grunn at alle elevar skal lese fleire tekstar på nynorsk gjennom heile grunnopplæringa, og at det framleis skal vere skriftleg opplæring i sidemål på ungdomssteget og på studieførebuande program i den vidaregåande skulen. Departementet ber om at framlegget frå Forum for norskfaget blir nærare utgreidd. Departementet ber òg Utdanningsdirektoratet om å vurdere alle faglege innspel i arbeidet med høyringsutkastet. Slike kom det mange av etter Utdanningsdirektoratets brev. Blant anna har Språkrådet sendt eit brev til Kunnskapsdepartementet datert 6. mars 2012 for å løfte fram visse perspektiv vi meiner er vesentlege, og som ikkje kjem fram i saksutgreiinga frå Utdanningsdirektoratet. Mellom anna er Senter for nynorsk i opplæringa i desse dagar i ferd med å avslutte ein treårig tiltaksplan for opplæringa i nynorsk, ein plan som har utgangspunkt i Kunnskapsdepartementets eiga språkopplæringsmelding Språk bygger broer. Arbeidet som Nynorsksenteret har gjort, må vere med og danne eit kunnskapsgrunnlag for revideringa av læreplanen. Særleg er forsøka med tidleg oppstart interessant lesnad.

Skulen og språksamfunnet elles

Språkrådet meiner at den skriftlege kompetansen i sidemålet må dokumenterast, anten med standpunktkarakter eller med eigen eksamenskarakter. Kompetanseheving for lærarar vil òg vere eit godt tiltak. Utdannings- og kunnskapssektoren er heilt sentral når det gjeld å halde oppe og styrkje Noreg som språksamfunn. Derfor blir det viktig for språket vårt kva avgjerd Kunnskapsdepartementet landar på i denne saka.

 

-- Nina Teigland er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter