Kammar har tenner, river og fjell har tindar

Det er likskap i form og tyding i hokjønnsordet ei tann – fleire tenner og hankjønnsordet ein tind – fleire tindar. Slik var det på norrønt òg i hokjønnsordet ein tǫnn – fleiri tennr og hankjønnsordet einn tindr – fleiri tindar.

Men det er òg ulikskapar mellom tann og tind, for rotvokalen er ikkje den same, og der det er nn i tann, er det nd i tind. Likevel har dei to orda hatt ei sams rot som inneheldt konsonantane t-n-th, ein gong langt attende i germansk tid. Denne rota finn me i det gammalgermanske språket gotisk, der tann på 300-talet etter Kristus heitte tunth-us.

Stor likskap med det gotiske ordet har desse fire orda, som alle tyder ’tann’:

latin dent-es (nominativ fleirtal)
litauisk dant-ys (nominativ fleirtal)
gresk o-dont-es (nominativ fleirtal)
sanskrit dantas (nominativ fleirtal)

Også ordet kam har eldgamle røter. På norrønt heitte det kambr, jf. engelsk comb. Attåt ’kam’ kunne det tyda ’takkete rand eller fjellrygg’. Jamfør at Kamben, som er namn på fjell fleire stader, har same ordtone som kammen. Det same opphavet som norrønt kambr har:

gresk gómph-os (nominativ eintal), som tyder ’kinntann’
sanskrit jambh-a- (ordstamme), som tyder ’hoggtann’
litauisk žamb-as (nominativ eintal), som tyder ’skarp kant på ein bjelke’

Til og med polsk ząb ’tann’, som liknar lite på dei tre orda over, kjem frå ei rot *gombh-.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter