Rom for tolking

No image

Politimeister Ellen Katrine Hætta forsvarer retten til eit språk som er tolka korrekt, og vurderer rettstryggleiken med eit kritisk språkblikk. – Språket representerer tryggleik og identitet og kan vere avgjerande for utfallet av rettssaker, seier juristen. Ho spør seg kor godt dommarar, advokatar og tolkar eigentleg kjenner samisk språk og kultur.

AV ERLEND LØNNUM

– Eg kjem aldri til å gløyme den unge samiske guten som var tiltalt for eit lovbrot han openbert hadde gjort seg skyldig i, og som gret av glede da han oppdaga at det var eg som var aktor i saka. «Du skjøner i alle fall kva eg seier», utbraut han. For han visste i den augeblinken at eg som samisktalande faktisk ville forstå nett kva han meinte, fortel Hætta. Og dette er ikkje det einaste dømet på at dei tiltalte gruer seg til rettargangen fordi dei er redde for å bli misoppfatta.

Ellen Katrine Hætta er politimeister i Østfinnmark og var Noregs første samiske statsadvokat.

På tryggleiken laus

– Det er vanskeleg å få sjølv fagfolk til å forstå kor viktig det er med presis tolking i retten. Det gjeld ikkje minst mellom samisk og norsk. Også eg kunne trenge tolk i ein rettsleg samanheng, avslører Noregs første samiske politimeister, som har samisk som morsmål, finsk som andrespråk og norsk som tredjespråk frå ho gjekk på skolen. I rettssalen hender det at ho kontrollerer og jamvel korrigerer tolkane, både på samisk og finsk, og det har til og med hendt at ho har bede retten om å byte tolk.

– Tolkinga er ikkje alltid like god, og det går ut over rettstryggleiken, sjølv om det har blitt litt betre med åra, seier Hætta. Ho meiner at tolking av juridisk språk burde bli eit eige fag ved høgskolane, og at tolkefaget generelt fortener større vørdnad.

– Det er urovekkjande om kulturaspektet forsvinn i omsetjinga mellom språka som blir brukte i rettssalen. Det kan medverke til at retten feller dommar på gale grunnlag, fordi språktolking ikkje alltid er nok i kommunikasjonen. I tillegg kan eit komplisert samisk juridisk språk i seg sjølv vere eit trugsmål mot rettstryggleiken, åtvarar Hætta.

Historisk statsadvokat

Ellen Katrine Hætta er fødd og oppvaksen i Kautokeino, med ein bestefar som var tolk i retten, og som lærte ho at «kielta on voima», «språk er makt». Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Tromsø og har ti års røynsle frå politiet og påtalepraksis for norske domstolar, frå lågaste instans til Høgsterett, mellom anna som den første og hittil einaste samiske statsadvokaten i Noreg. For eitt år sidan blei ho i statsråd utnemnd til politimeister i Østfinnmark politidistrikt.

Det er framleis berre ved domstolen i Indre Finnmark tingrett i Tana det er mogleg å prosedere på samisk.

– I Tana fungerer det godt sidan sorenskrivaren er samisk og kjenner samisk språk og kultur. Men heller ikkje der er det alltid like greitt ved simultantolking mellom samisk og norsk. For det er no ein gong slik at norsk er utgangspunktet. Og då blir det så som så med klarleik og presisjon, seier Hætta.

Ho har sjølv eksaminert vitne og tiltalte på samisk, mest i tingretten i Tana, men òg for Hålogaland lagmannsrett i Tromsø. Elles har ho berre éin gong valt å halde prosedyren på førstespråket sitt.

– Det var frigjerande å kunne prosedere på mitt eige morsmål, ei reint ut ubeskriveleg kjensle. Saka blei tolka simultant, og eg merka raskt at forsvararen til den tiltalte ikkje skjønte det tolken sa. Då meiner eg at den tiltalte ikkje har fått eit godt nok forsvar. Hadde det ikkje vore for at han blei frikjend, hadde eg måtta anke dommen for å hindre urett, innrømmer Hætta. Etter denne opplevinga har ho ikkje prosedert meir på samisk, av omsyn til tryggleiken til dei samisktalande tiltalte.

Mykje mellom linjene

På samisk seier ein ikkje nødvendigvis alt ein tenkjer. Meininga er ofte underforstått og blir uttrykt også med blikk, rørsler og ansiktsuttrykk.

– På norsk seier ein gjerne at den som teier, samtykkjer. På samisk er det snarare tvert om. Togn kan til dømes vere uttrykk for at ein ikkje vørder det som er sagt. Samisk er eit langt meir ikkje-uttalt språk enn norsk, og det er det mange som ikkje veit, forklarer Hætta.

– Den største bøygen er at så mange i nord trur at dei kjenner og forstår samisk kultur godt, truleg fordi kulturane lever så tett på kvarandre. Sjølv om vi har eit anna språk og ein annan kultur, ser vi ikkje så annleis ut. Til dømes er det vanleg å oppfatte Noreg som eit einspråkleg land, sjølv om det ikkje er tilfellet. Vi må ikkje gløyme at vi òg har eit samisk språk å ta vare på!

Skilnader på samisk og norsk

Hætta har fleire døme på at skilnadene mellom språka kan skape forvirring i rettsleg samanheng: Ein oppkava same ringjer til politiet og fortel at huset hans har brunne ned. Farga av samisk språkstruktur kan han kome til å seie at «Æ har brent huset mitt». Ein norsk mottakar kan oppfatte dette bokstaveleg som at den tiltalte har tent på sitt eige hus. Så spør mottakaren: «Kvifor har du brent huset?» Dette spørsmålet er så dumt at den tiltalte ikkje vørder det. I ein rettssal kan slike mistydingar avgjere utfallet av saka.

Eit anna døme er verbet plagast, som har ei langt vidare tyding på samisk enn på norsk. Om ein same etter ein biltur utbryt at «Æ plagdes på turen min», kan det tyde alt frå at han har punktert, til at passasjeren døydde.

Ordet tilståing byr på ei anna språkleg utfordring. Det blir omsett til samisk med dovddastus, som tilnærma tyder ‘vedkjenne syndene sine’, og som er knytt til bibelsk språk.

– Det er eit altfor sterkt og ladd uttrykk for noko så konkret og viktig som ei tilståing. Kanskje det er noko av grunnen til at så få samar ønskjer å tilstå jamvel dei mest openberre lovbrot? spør politimeisteren.

Slike omstende gjer rettargangen unødig innfløkt fordi det gjerne endar med ordinære hovudforhandlingar i staden for ein forenkla rettargang med ein enkel tilståingsdom mellom dommaren og den tiltalte. Hætta ønskjer derfor å betre terminologien for å gjere innhaldet klarare og meir praktisk brukeleg.

Juridiske termar på samisk

Hætta har sidan 2004 delteke i prosjektet Samisk lovspråk i Tana kommune. Prosjektet er ein sentral del av nettverksbedrifta Samisk nærings- og utredningssenter (SEG), der dei arbeider for å styrkje samisk språk, kultur, næringsutvikling og samfunnsliv gjennom rådgiving, utgreiing og kunnskapsformidling. I Samisk lovspråk utviklar dei nordsamisk rettsterminologi ved å omsetje og modernisere gamle ord og lage nye ord som kan brukast i rettssalen og i lovomsetjingar. Prosjektet har knytt til seg ressurspersonar med både juridisk og språkleg kompetanse, mellom anna i norsk, samisk, finsk, svensk og latin.

– Samisk er eit rikt språk med eit stort ordtilfang, og det er mykje som er nedskrive, men som ikkje er i dagleg bruk. Det har hittil mangla ei rekkje samiske juridiske omgrep, og det er i seg sjølv eit kulturtap. Derfor har prosjektet utarbeidd ordlister på nett, som allereie blir brukte flittig både av pressa og rettsapparatet. Og det fører i alle fall til eit klarare og meir presist språk, forsikrar Hætta.

Klarsynt

– I samfunnet i dag er det ikkje mange nok fagpersonar som meistrar både juss og språk godt nok til å syte for ei god og rettssikker utvikling. Det finst riktig nok ein del språkjuristar i FN-systemet, men førebels ingen samiske. Eg vonar at heva status for språkarbeid vil kunne hjelpe på sikt, seier den språkinteresserte juristen, som i haust heldt foredrag om samisk språk i norsk rett under ein nordisk klarspråkskonferanse på Island.

– Det å vere jurist handlar nemleg òg mykje om språk, ikkje minst retorikk. Eg har blitt meir språkmedviten med åra, rett og slett fordi språk er så viktig. Ikkje minst veit eg at klart og presist språk er grunnleggjande for jussen. Det er viktig med klarspråk på alle samfunnsområde, for nesten ingen les det i lita skrift lenger, meiner Hætta. Ho understrekar samstundes at kravet til klarspråk ikkje må vere for strengt.

– Vi må passe på at klarspråket ikkje går ut over rettstryggleiken og kulturen. Særleg må vi vere varsame når vi forenklar og omset juridiske tekstar, så det ikkje øydelegg innhald og presisjon. Og vi må godta at det trengst ein del overordna og generelle omgrep i fagspråket som ikkje utan vidare lèt seg forenkle.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.03.2012 | Oppdatert:22.05.2015