Kan dei ikkje eta cakes, da?

Når avisene det siste året har dekt på med matretter på framsidene, har det mest vori tale om lågkarbofarsotta og smørkrisa. Her skal vi laga plass til meir sukkerhaldige retter, som på bloggar og andre nettsider slett ikkje ser ut til å ha gitt opp karbokampen. Vi snakkar sjølvsagt om kaker, eller var det cakes?

Nokre av favorittane hos dessertgenerasjonen er cupcake, crumblecake, fudge cake og cake pops – og slektningen cookie. Skal vi baka til norske alternativ til desse orda?

«Noko muffins»

Frå tid til anna tek vi heldigvis til oss matvanar frå andre, og dei nye rettene får namn som kan tilpassast språket vårt – anten med nye namn eller med tilpassa uttale. Med matretter har vi ofte valt det siste. Pizza, børek, borsj og gulasj er døme på namn som har følgt med maten frå høvesvis italiensk, tyrkisk, russisk og ungarsk. Desse orda blir no bøygde og uttala etter mønsteret i norsk. Vi har ein del matord frå engelsk òg, som bakverka pai, muffins og kjeks frå pie, muffin(s) og cake(s). Dei to siste er døme på at ord frå engelsk kan få med seg fleirtalsforma inn i den norske eintalsforma, og kjeks har tilpassa seg norsk uttale så mykje at det ikkje ligg i dagen kva opphavet er.

Tek cakes kaka?

Det som på amerikansk engelsk heiter cupcake, er ein søtare slektning av muffinsen, ofte med glasur så det monar. Vi finn han òg att som fairy cake og patty cake på engelsk. Fram til 2010 ville vi nok berre ha kalla dette muffins på norsk, men no meiner openbert mange at vi treng eit anna ord til bakverket. Om vi set dei engelske orda om til norsk, får vi koppkake, alvekake og posteikake. Dei to første alternativa ser no ut til å vera i bruk på norsk. Av desse er det koppkake som er mest bruka, og difor vågar vi oss til å tilrå dette avløysarordet. Det svarar òg til svensk koppkaka, som dukkar opp på oppskriftsider i grannelandet.

Ein annan populær nykomar på kakebordet er cake pops, små kakekuler på pinne. Det ser ut til at avløysaren her alt er funnen nett i kakekuler.

Kva med crumb(le) cake og fudge cake? Den første kaketypen har faktisk ofte namnet Streuselkuchen på engelsk, og vi ser at det er tysk. Det same namnet finn vi i ein del oppskrifter på norsk, ved sida av strøsselkake. I tillegg har vi smuldrepai eller smuldrekake, som er ein annan bakst. Ei kake med fudge synest stort sett å ha dei same ingrediensane som ei konfektkake, og da treng vi kanskje ikkje spara på konfekten?

Ein amerikansk cookie er helst det som på britisk engelsk er biscuit, altså kjeks på norsk. Amerikansk kjeks kan nok vera stor, men likevel meiner vi at det innarbeidde ordet kjeks verkar betre, ikkje minst i bøyingsmønster og uttale. 

 

-- Av Daniel G. Ims, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.03.2012 | Oppdatert:27.05.2015