Leiar

Kjære lesar!

Arnfinn Muruvik Vonen

Denne vinteren har vi blitt minte om kor mykje engasjement som ligg på lur når språk skal debatterast. Eit framlegg frå Utdanningsdirektoratet om å senke ambisjonsnivået for opplæringa i sidemål har vekt oppsikt og ført til fleire gode diskusjonar. Rimelegvis har òg sterke kjensler kome til uttrykk. Nokre er glade for framlegget. Dei minnest norsktimar med terping av bøyingsmønster som dei ikkje klarte å motivere seg for å lære ordentleg. Stemninga i klassen var at dette var noko ein aldri kom til å få bruk for seinare. Kan hende bidrog jamvel læraren til den stemninga. Andre blir såra og fortvilte og tenkjer at dette er eit åtak på språket deira. Det er ikkje til å kome ifrå at meiningar om eit språk (eller, som her, ei målform) lett blir oppfatta som meiningar om dei som bruker språket.

Vi i Språkrådet følgjer med på diskusjonen og engasjerer oss, vi òg. For oss er det dei språkpolitiske sidene av saka som står i sentrum. Oppdraget vårt frå stortingspolitikarane er å arbeide for at det norske språket – og det omfattar både bokmål og nynorsk – skal sikrast som fullverdig og samfunnsberande språk på alle samfunnsområde i Noreg. Vi har gått imot framlegget frå Utdanningsdirektoratet. Årsaka er at den målforma som er mest utbreidd som sidemål, nemleg nynorsk, lett kan bli skadelidande viss dei fleste elevane skal lære endå mindre av ho enn i dag. Vi har òg til gode å bli overtydde om at elevane blir betre til å skrive på hovudmålet sitt om dei ikkje lenger skal få skrivetrening på sidemålet. Vi har meir tru på tiltak som kan auke motivasjonen hjå bokmålselevar for å lære seg å skrive nynorsk. Det er gjort gode pedagogiske forsøk dei seinare åra. Og nynorsken kan bli meir synleg i samfunnet. Her kan statsorgana utrette mykje ved å følgje reglane i mållova.

Mållova er emne for ein av artiklane i dette nummeret av Språknytt. Elles finn du mykje om termar og andre ord. God lesnad!

Vennleg helsing

Arnfinn Muruvik Vonen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter