Klipp

– Så i fagmiljøet er det ikke noe dere kaller for «ras»?

– Det må i så fall være et takras. Men vi bruker jo verbet. Vi sier at noe raser ut, ikke at det skreder ut. Og så kan jeg legge til at ordet skred er godt, i den forstand at det favner alt, både snø-, jord-, fjell- og leireskred. Vi sliter litt med engelsk, de har ikke et slikt felles ord.

Geolog ved Norges geologiske undersøkelse, Kari Sletten, intervjua i Adresseavisen

***

Der kom det! Nyordet «villsnø» dukka opp i ei radiosending frå NRK Østlandssendingen, med tydinga «snø som ikkje er kunstsnø». […] «Natursnø er eit omgrep som har vore nytta mellom fagfolk ei tid», melder ein av facebook-venene mine som respons på Språkteigen sitt nyord-nyhende. Det skulle for så vidt berre mangla. Snøkanonen kom til som fylgje av eit arbeidsuhell, (til liks med trekkspelet), og vart patentert i Canada allereie i 1954. Det er på høg tid å få knadd fast terminologi som gjer tydeleg om dei aktuelle snøkrystallane kjem frå skyene, eller frå ein kanon.

Som del av eit omgrepspar, eller òg kalla ein dikotomi (at ein reknar dei respektive omgrepa som djupt forskjellige og som uttømmande alternativ) spelar natursnøen opp mot kunstsnøen. Kunst versus natur har vist seg å vera ei særs fruktbar (i tydinga provoserande) motsetjing. Kva då med villsnøen? Kan me snakka om den menneskeskapte varianten som tam-snø? Var eg marknadsføringskonsulent for eit av dei eminente skitrekka i omlandet, er eg usikker på om eg ville nytta meg av omgrepet tam-snø. Det er litt lite sprut over slikt. Ja, beint fram litt tamt.

Tina Kjerland i innlegg i avisa Hordaland

***

Og kan det vera at det nye svadaspråket, vagt og abstrakt som det er, eigentleg er eit ganske nyttig verktøy for den nye administrative broilerklassen som ryddar seg rom på stadig fleire område i samfunnet, til fortrengsel for fagtradisjonar som byggjer på erfaringar, verdiar og identitetar?

Eit språk som er tomt for meining, er håplaust å argumentera mot. Men når det har fått hegemoni i ein organisasjon eller kultur, er det dette språket som gjeld. Den som insisterer på å bruka eit anna språk, stiller seg utanfor og blir ikkje rekna med.

Vår nye administrative klasse, i offentleg eller privat sektor, er eit produkt av det demokratiske, mjuke, likestilte samfunnet. Dei går ikkje med uniform, ridepisk eller flosshatt. Dei framstår ikkje som autoritære og dei vil oss alle så vel.

Men makt har dei. Og bak det ulne språket ligg det ofte brutale realitetar.

Derfor er det nødvendig å avsløra at keisaren ikkje har språklege klede på. Og dessutan er det ganske moro. Lykke til med språkgeneratoren!

Kommentator Tom Hetland i Stavanger Aftenblad – om svadageneratoren Språkrådet har laga (http://gamma.kaldera.no/svada)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter