Klart språk i heile verda

Verdas nest største klarspråkskonferanse gjekk av stabelen i Oslo 14. februar, med dr. Neil James frå Australia som hovudtalar. – Eg er litt misunneleg på det de har oppnådd i Noreg dei siste åra, ikkje minst fordi de har eit prosjekt som «Klart språk i staten» med forankring i regjeringa, innrømmer James.

AV TORUNN REKSTEN

Neil JamesNeil James er klarspråksekspert og dagleg leiar for konsulentselskapet Plain English Foundation. Selskapet arbeider for eit klarare og meir etisk offentleg språk i Australia og med å utvikle fagfeltet klarspråk internasjonalt.

–Australia hadde eit offentleg klarspråksprogram, men det fall bort etter regjeringsskiftet i 1996. Vi skulle gjerne hatt offentlege styringsdokument, ein anerkjent klarspråkspris, offisiell nettstad og offentleg finansiering, slik som i Noreg, seier James.

Fagfeltet klarspråk

Internasjonalt er fagfeltet klarspråk i rask utvikling, og det vinn tilhengjarar både i det offentlege og i privat næringsliv. Dei siste åra er det næringslivet som har drive klarspråksarbeidet i Australia framover. Det er vanleg å bruke klarspråk som eit marknadsføringsverktøy, og stadig fleire kan dokumentere at dei sparer tid og pengar på å skrive klart og tydeleg.

– At fagfeltet er i utvikling og framgang, fører òg med seg nokre utfordringar. Det er til dømes fare for at klarspråksinstitusjonar ikkje klarer å utvikle seg i takt med etterspurnaden. Vi treng fleire forskingsresultat, formelle standardar, eit godt samarbeid med universitet og høgskular om forsking og utdanning og helst ei internasjonal sertifiseringsordning, seier James.

For å møte utfordringane er det sett ned ei arbeidsgruppe, International Plain Language Working Group, som arbeider med dei vanskelegaste spørsmåla på klarspråksfeltet. Gruppa består av tolv klarspråksekspertar frå ti land med Neil James som leiar.

Internasjonal erfaring

Arbeidsgruppa har samla erfaring frå klarspråksarbeid i heile verda og har funne ein del fellestrekk og universelle suksessfaktorar. Resultata viser at klarspråksarbeidet i eit land bør gå føre seg på tre nivå om det skal lukkast. I tillegg til utvikling på fagnivået må det vere initiativ og støtte frå sentralt hald, helst på regjeringsnivå, og dessutan støtte i verksemdene.

– På toppnivå trengst forsking, ressursar, motivasjonstiltak og styringsdokument. Eit sentralt organ bør arbeide med å utvikle gode retningslinjer, samle erfaring, organisere konferansar og forelesingar og tilby ressursar som publikasjonar, verktøy, opplæring og nettverk. Vidare kan organet bidra med insentiv som støtteordningar, prisar og marknadsføring. Aller best er det også om regjeringa utarbeider direktiv, innfører rapporteringskrav eller til og med vedtek ei lov om klarspråk, slik dei har gjort i USA, Sør-Afrika og Sverige, konkluderer James.

På organisasjonsnivå har arbeidsgruppa ikkje funne nokon ideell modell som kan fungere for alle verksemder, men nokre trekk går att blant dei verksemdene som har lukkast.

– Undersøkingar viser at andre etatar har lukkast med klarspråksarbeid, og at arbeidet er forankra i leiinga, samstundes som verksemda har eldsjeler internt som vil og kan drive arbeidet. Dei mest vellukka tiltaka er intern opplæring og nye rutinar og malar. Klarspråksarbeid er spesielt viktig for verksemder som har avdekt intern svikt, medan kritikk utanfrå viser seg å vere mindre viktig, oppsummerer James.

Noreg og verda

Lærdommen frå arbeidsgruppa stemmer godt med erfaringar frå Noreg. Ein fersk evalueringsrapport viser at prosjektet «Klart språk i staten» er ei viktig drivkraft. Hittil har 48 verksemder fått til saman ca. fem millionar kroner i støtte til arbeid med klarspråk, og over 4000 offentleg tilsette har gått på klarspråkskurs. Også dei som ikkje har fått støtte, opplyser at prosjektet er den viktigaste årsaka til at dei har sett i gang klarspråksarbeid i sin eigen organisasjon.

– Det er tydeleg at Noreg har hatt suksess med det sentrale klarspråksprosjektet, for mange verksemder kan vise til gode resultat av språkarbeidet. No er nok tida moden for at verksemdene sjølve tek tak. Men de må for all del ikkje gjere same feilen som Australia gjorde, nemleg å ta vekk den sentrale forankringa, åtvarar James.

-- Torunn Reksten er rådgjevar i Språkrådet, språktenesta for statsorgan.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter