Kvifor skil geiter seg ut frå hestar og sauer?

Bokmål har fleirtalsendinga -er i både hestersauer og geiter. Nynorsk har fleirtalsendinga -ar i hestar, men -er i sauer og geiterNorrønt har fleirtalsendinga -ar i hestar, men -ir sauðir og -r i geitr.

I norrønt har hestar og sauðir to stavingar, geitr har berre éi. Norrøne ord som hadde to stavingar, slik som hestar og sauðir (og fleire hundre andre substantiv og verb), har fått tostavingstonelag (tonem 2) i moderne norsk. Norrøne ord som hadde éi staving, slik som geitr, har fått einstavingstonelag (tonem 1) i moderne norsk. Dette gjeld berre nokre fåe substantiv, men ganske mange verbformer. Døme på substantiv er:

norrønt: hǫnd hend-r rǫnd rend-r stǫng steng-r strǫnd strend-r tǫng teng-r
nynorsk: hand hend-er rand rend-er stong steng-er strand strend-er tong teng-er
bokmål: hånd hend-er rand rend-er stang steng-er strand strend-er tang teng-er


I den forteljande setninga Stenger (a) stenger (b) døra har stenger a opphav i norrønt stengr (som er fleirtal av substantivet stǫng), og difor har dette ordet tonem 1 i moderne norsk. Stenger b har opphav i norrønt stengir (som er presens av verbet stengja), og difor har dette ordet tonem 2 i moderne norsk. Alle høyrer skilnaden.

I spørjesetninga Stenger (a) stenger (b) døra? har stenger b opphav i norrønt stengir (som er presens av verbet stengja), og difor har dette ordet tonem 2 i moderne norsk. Stenger a har opphav i norrønt stengr (som er fleirtal av substantivet stǫng), og difor har dette ordet tonem 1 i moderne norsk. Alle høyrer skilnaden her òg.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter