Det løner seg å klage!

Ei av dei faste oppgåvene til Språkrådet er å behandle klagesaker som fell inn under mållova. Dei siste åra har me hatt ein jamn auke i talet på klagar. Det er ikkje bra at det ofte er god grunn til å klage på målbruken i ulike statsorgan, men på den måten har me fått betre oversyn. Og viktigast: Klagane fører ofte fram.

AV ASTRID MARIE GROV

Skilt på nynorskAlle statsorgan har plikt til å bruke bokmål og nynorsk i tråd med reglane i lov om målbruk i offentleg teneste (mållova). Lova er til for å sikre ei jambyrdig veksling mellom målformene i statstenesta. I § 1 kan me lese: «Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.» Me kan, grovt sett, oppsummere to typar krav i mållova: 1. Statsorganet skal veksle mellom målformene i skriftlege publikasjonar. 2. Kontakten som private rettssubjekt og kommunar har med staten, skal vere på deira eiga målform. Språkrådet kjenner til at desse reglane i mange tilfelle ikkje blir etterlevde. I tilsynsarbeidet vårt får me kvart år tilbakemelding frå kring 160 landsdekkjande statsorgan om korleis dei vekslar mellom bokmål og nynorsk. Det finst òg mange regionale og lokale statsorgan, men dei fører me ikkje systematisk tilsyn med. Difor er innspel frå publikum til god hjelp for å få vite meir om målbruken der. I mange tilfelle er det dei regionale og lokale statsorgana som har den mest synlege publikumskontakten, og difor er det særleg viktig at desse statsorgana får beskjed når dei ikkje oppfyller krava i mållova.

Det hjelper å klage!

Mållova gjeld fleire sider ved det norskspråklege tilfanget til eit statsorgan. Gjennom det årlege tilsynsarbeidet får Språkrådet vite korleis det står til med målbruken i publikumsretta tekstar frå dei sentrale statsorgana. Men for at me skal ha oversikt over andre krav i mållova, til dømes i kva grad statsorgana svarar i den målforma innsendaren har brukt, og om dei har skjema og faste formular på både bokmål og nynorsk, treng me hjelp frå publikum.

Dei siste åra har me mellom anna fått fleire klagar på at det har blitt sett opp skilt på bokmål langs vegar i kommunar med nynorsk som målvedtak. Det ansvarlege statsorganet har fått beskjed, og skilta blir endra. Språkrådet har òg nyleg fått klagar på at vinmonopolutsala alltid har skilt på bokmål, også i nynorskkommunar. Skilta kjem no til å kome på nynorsk. Som eit tredje døme kan me nemne at me jamleg får klagar på at skjema berre ligg føre på bokmål. I dei fleste tilfelle fører klagane til at nynorskversjonen kjem på plass raskt.

Klaging gjev kunnskap

Retten til å klage på brot på mållova er nedfelt i sjølve lova. Både privatpersonar og organisasjonar kan klage. Dei siste åra har Språkrådet hatt ein jamn auke i talet på klagesaker. Desse sakene gjev Språkrådet viktig kunnskap om korleis reglane blir etterlevde, og slik kan me òg lettare føreslå tiltak der det trengst mest. Det kan vere tale om meir informasjon om regelverket, framlegg om gode rutinar eller tilbod om nynorskkurs. Dersom statsorgana blir minte om målbruken oftare, aukar sjansane for at det blir etablert ein god praksis.

Årsaka til at statsorgan bryt mållova, kan vere samansett, men ein av grunnane er at dei kjenner regelverket dårleg. Såleis kan ei påminning føre til at statsorgan blir meir medvitne om sin eigen målbruk. Det kan i mange tilfelle òg vere fint for statsorgana å vite at publikum, ikkje berre Språkrådet, følgjer med i målbruken deira. Ei anna vanleg årsak til brot på mållova er utskifting av tilsette. Nye medarbeidarar blir kanskje ikkje informerte godt nok om kva reglar som gjeld. Då kan det vere nyttig for statsorganet å bli mint om regelverket, slik at det kan etablere gode rutinar. Bidrag frå klagarar kan såleis ofte føre til at krava blir oppfylte i framtidige saker frå det same statsorganet, og me unngår at eit dårleg handlingsmønster blir til ein husregel. På den måten kjem ein klage på eit mållovsbrot fleire enn klagaren til gode.

Språkrådet er der for deg

Dersom du lurer på om du har med eit brot på mållova å gjere, og er usikker på om du skal sende inn ein klage, kan du gå inn på www.sprakradet.no. På nettsidene våre finn du informasjon om regelverket og kontaktinformasjon til oss som arbeider med mållova. Og hugs: Det hjelper å klage!

 

-- Astrid Marie Grov er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.03.2012 | Oppdatert:09.06.2015