Når Bibelen blir ny

Norsk er eit språk i utvikling. Vi har fått ny kunnskap om gamle kulturar og gamle tekstar. Ideala for omsetjing har endra seg. Dette er tre gode grunnar til å omsetje Bibelen på ny.

AV ANDERS ASCHIM

NattverdenBibelen står høgt på dagsordenen i året 2011. I den engelskspråklege delen av verda feirar ein 400-årsjubileet for den viktigaste moderne omsetjinga av verdas viktigaste bok, King James-omsetjinga frå 1611. Ho har påverka språk, litteratur og kultur i engelsktalande land på ein måte som berre Shakespeare kan måle seg med. Her til lands har vi òg eit jubileum å feire: Det er 175 år sidan Elias Blix blei fødd. Pionerinnsatsen hans innanfor norsk salmedikting og songlyrikk er godt kjent. Mindre kjent er det at Blix også er ein av dei viktigaste aktørane i den nokså korte historia om norsk bibelomsetjing og bibelspråk.

Framfor alt kan vi markere at Bibelselskapet i haust gir ut nye bibelomsetjingar på bokmål og nynorsk, Bibel 2011. Det er 33 år sidan sist, så det er på tide. United Bible Societies tilrår at slike nyomsetjingar blir gjorde ein gong for kvar generasjon, altså med 25–30 års mellomrom, i språkområde der det finst ressursar til det. Det er fleire gode grunnar til dette rådet.

Språk i utvikling

Norsk er, som andre levande språk, i kontinuerleg utvikling og endring. «Eg vil at Bibelen skal tala til meg. Og for at det skal skje, må Bibelens ord korrespondera med det språket eg bruker og lever i», skriv forfattaren Oskar Stein Bjørlykke i boka Bibelsk. «Derfor denne oppdateringa av bibelspråket.»

Dette treng ikkje tyde at språket blir spesielt kult, ungdommeleg eller kvardagsleg. Bjørlykke, som har lang røynsle i arbeidet med bibelomsetjing, seier det slik: «Det norske bibelspråket skal vera verdig.» Det nye bibelspråket skal vere eit godt og moderne litterært norsk, eit språk som både gamle og nye bibellesarar kan kjenne seg att i.

Bibelen er nok ikkje staden der ein skal leite etter radikale tendensar når det gjeld rettskriving og val av bøyingsformer. Omsetjarane har rett nok hatt nær kontakt med nemnda som har arbeidd med ny rettskriving for nynorsk. På nokre få punkt har vi faktisk teke framlegg derifrå på forskot. Verbet stønna blir til dømes bøygd som a-verb i den nye bibelen (stønna – stønnar – stønna – stønna). Vidare blir substantivet okle til ankel, verbet fråssa til fråtsa. Stort sett vil dei fleste likevel oppleve normeringa av formverket som moderat, både på bokmål og nynorsk. Somme bokmålsbrukarar vil nok reagere på diftongane i ord som grein og bein. Andre vil vere skuffa over at så få hokjønnsord får a-ending i bunden form; det heiter framleis boken og solen.

Dei viktigaste oppdateringane av det norske bibelspråket finst på andre område, og på ulike område for bokmål og nynorsk. Nynorskbrukarane vil særleg merke endringar i ordvalet. Ljos blir lys, hjå blir hos, for å nemne eit par mykje brukte ord. I mange tilfelle har vi valt å skifte ut vakre, men lite brukte ord med meir vanlege: Staup er blitt til beger, verdotter til svigerdotter. Nokre typiske bibelord har vore sterkt omdiskuterte. Ikkje alle er fortrulege med at kyrkjelyd blir bytt ut med forsamling. Men ordet læresvein, som i prøveutgåva av nytestamentet frå 2005 var erstatta av disippel, kjem attende i Bibel 2011. Det er resultatet av ei av dei forbausande få kampvoteringane i Bibelselskapet sine vedtaksføre organ.

I bokmålet er det særleg setningsbygnaden, syntaksen, som har fått ei varsam modernisering. Her har ofte dei nynorske løysingane vist vegen til eit meir smidig og moderne bokmål. «La navnet ditt helliges. La riket ditt komme. La viljen din skje på jorden slik som i himmelen» er formuleringar nynorskbrukarar vil nikke attkjennande til.

Ny kunnskap

Bøkene i Bibelen er mellom dei eldste og mest gjennomstuderte tekstane vi har. Men framleis leverer vitskapar som arkeologi, filologi, historie og religionshistorie ny kunnskap om gamle kulturar, språk og tekstar. Slikt kan kaste nytt lys over språk, samfunn og religion i den bibelske verda. Datateknologi har gjort det mogleg å utnytte denne kunnskapen på meir effektive måtar enn før. Eit godt døme er det nyleg utgitte materialet frå dei assyriske statsarkiva i det gammaltestamentlege Ninive. Eit anna er det monumentale prosjektet Thesaurus Linguae Graecae, som tek mål av seg til å presentere all litteratur på gresk frå og med antikken i digitalisert og søkbar form.

For bibelforskinga er det likevel dei såkalla Daudehavsrullane som har vore det viktigaste funnet i nyare tid. I perioden 1947–1956 fann beduinar og arkeologar eit heilt bibliotek av jødiske manuskript frå førkristen tid i elleve hòler ved Qumran-ruinen litt sør for Jeriko. Først i 2005 var heile materialet publisert. Det er funne større eller mindre restar av nesten 1000 bøker. Her er eksemplar av bibelske bøker, bibelkommentarar og tekstar som gir innblikk i jødisk tru og liv på Jesu tid.

Gamle bibelhandskrifter frå Qumran-funnet har faktisk på eit par punkt gitt oss heilt ny bibeltekst. Etter Salme 145,13 har Bibel 2011 fått eit vers som ikkje har stått i norske biblar før. Etter 1. Samuelsbok 10,27 har det kome inn ein ny episode i forteljinga om Saul og ammonittane. På slike punkt kan altså nye funn endre ikkje berre kunnskapen vår om Bibelen, men jamvel sjølve Bibelen.

Omsetjingsideal

Ei av dei mest sentrale sidene ved bibelomsetjinga frå 1978 var ein sterk kommunikasjonsvilje. Dei bibelske tekstane skulle gjerast forståelege for moderne menneske. Dette pedagogiske ønsket kunne stundom gi forklarande omskrivingar som resultat. Der stilen i kjeldetekstane ofte er kortfatta og knapp, kunne omsetjinga fort ese ut. Det var òg ein tendens til å skifte ut eller forklare metaforar og andre språklege bilde som ein meinte at det var vanskeleg å forstå. «For du har skapt mitt indre», heitte det i 1978-versjonen av Salme 139,13. Men på hebraisk er det nyrene Gud har skapt; Det gamle testamentet plasserer mykje av det indre livet i magen, hjartet eller nyrene.

Det er på dette punktet ein finn dei mest merkbare endringane i den nye bibelomsetjinga. Ho er prega av ei fornya interesse for litterære og retoriske mønster i dei bibelske kjeldetekstane, og av eit nytt fokus på det opphavlege bildespråket. Denne tendensen samsvarar med ei språkleg og litterær vending i bibelvitskapen og i humanistiske fag generelt. I Bibel 2011 har ein ønskt å ta vare på dei konkrete bilda: «For du har skapt mine nyrer, du har vove meg i mors liv», lyder salmeverset no. I slike tilfelle representerer Bibel 2011 ofte ei tilbakevending til eldre bibeltradisjon.

Det greske ordet sarks tyder ’kjøt’, rått og konkret. Det kan òg nyttast om kroppen til eit menneske eller eit dyr. Dessutan kan sarks nyttast i overført meining med litt ulike nyansar. Da gir ikkje det norske ordet kjøt utan vidare dei same assosiasjonane. Omsetjinga frå 1978 nytta eit stort tal fortolkande omskrivingar. I Romarbrevet 8,6 heiter det til dømes: «For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred.» Bibel 2011 legg seg tettare på den greske ordlyden: «For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred.» No blir det opp til lesaren å tolke kva Paulus har meint med det.

Forfattarar i viktig rolle

I denne prosessen har eit dusin norske skjønnlitterære forfattarar gjort ein svært viktig innsats. Det har ikkje vore uvanleg å trekkje inn forfattarar i bibelomsetjingsarbeid, men da helst som konsulentar på ein nesten ferdig bibeltekst. I arbeidet med Bibel 2011 har forfattarane etter kvart fått ei langt meir sentral rolle, som deltakarar i eit stort gruppearbeid saman med filologar og teologar som er kyndige i dei bibelske grunnspråka, gresk og hebraisk. Dei har arbeidd i grupper på fire, to filologar/teologar og to forfattarar som har representert kvar si målform. Denne arbeidsmåten har vore ei stor vinning for den nye bibelteksten. Forfattarane sine ettertankar om dette arbeidet finst i skjønnlitterær eller reflekterande form i boka Bibelsk, som kom ut tidlegare i haust.

 

-- Anders Aschim er bibelomsetjar i Det Norske Bibelselskap.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter