Seminar: Norskfaget under lupa

Læreplanen i norsk skal endrast, og norskfaget er igjen under debatt. Språkrådet og Utdanningsforbundet inviterer norsklærarar til seminar i Oslo 7. november.

Program:

  • Eit heilskapleg norskfag v/Ove Eide, leiar for fagrådet for skole og offentleg forvaltning i Språkrådet
  • Utfordringar i norskfaget v/Bente Aamotsbakken, Høgskolen i Vestfold
  • Grunnleggjande ferdigheiter v/Ingrid Metliaas, Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
  • Læreplanen som «verneplan» v/Torill Steinfeld, Universitetet i Oslo
  • Det nordiske perspektivet v/Bodil Aurstad, Nordisk språkkoordinasjon, København
  • Språklege minstekrav og sidemålet sin plass i skolen v/Synnøve Matre, Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking
  • Elevperspektivet v/Andreas Borud, leiar i Elevorganisasjonen
  • Diskusjon

Språkrådet fekk hausten 2010 gjort ei undersøking blant norsklærarane, og resultata viser at lærarane si haldning til sentrale emne samsvarer eintydig med graden av kompetanse: Dei som er negative til emne som undervisning i sidemål og nabospråk, oppgir at dei har liten eller ingen kompetanse i å undervise i desse fagområda.

Vel møtt!

Utover hausten vil Språkrådet åleine eller saman med andre arrangere andre diskusjonsmøte og seminar om same tema andre stader i landet. Følg med på nettsidene våre.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.09.2011 | Oppdatert:28.05.2021