Den norske ko-ismen

AV ALF KJETIL WALGERMO

Eit levande språk forandrar seg, tek opp i seg nye uttrykk, fangar inn nye bruksmåtar av enkeltord. Likevel går språket aldri så raskt framover som når vi skriv fullstendig feil. Årsakene til feilskrivingane kan vere så mangt: mangelfull innlæring av touchmetoden, taste- og ordlistefeil på SMS – eller regelrett opprør mot konvensjonane.

Av og til er det nemleg herleg å skrive eit feil ord. Eit ord som ikkje er eit ord. Eller eit ord som enno ikkje er eit ord som betyr noko. Som betyr noko for andre enn meg. Som kanskje betyr noko heilt anna. Bortsett frå for meg og for dei eg deler løyndomen om ordet med.

Slik oppstår små språkfellesskap innanfor den store norske språkfellesskapen. Små subkulturar av bokmål og nynorsk som lever og høyrer til i randsonene, langt unna Språkrådets blikk.

Fenomenet står i nært samband med nyord av typen «å knause». Uttrykket dukka opp i Klassekampen, hjå signaturen Norbert, som verb for det å bryte inn i samtalar med referansar til Karl Ove Knausgård og bokverket Min kamp. Men endå meir radikale er nyord og feilskrivingar som ikkje får si påfølgjande forklaring i ei avis.

I ein lukka krins av språkinteresserte har vi stor glede av slike ordbyte. Dei er høgst private, og kan neppe inkorporerast i verken slangordlister eller andre ordlister. Kvifor gjer vi dette? Det er språkleik, rett og slett. Det ligg noko pirrande i å skape eigne temporære reglar innanfor eit tilsynelatande trygt system.

Ein kamerat har for vane å svare med antonym skrivne baklengs. Eventuelt med eit heilt anna ord, gjerne baklengs. På spørsmålet om vi har ein avtale, svarer han som oftast: «Ko!»

«Ko-ismen» opnar for ei rekkje nye tolkingar av ei gitt utsegn. Medan det i vanlege språksystem er ein samanheng mellom teikn og semantisk innhald, går alle relasjonar i ko-ismen mot det arbitrære. I prinsippet må ein rett og slett gjette seg fram til intensjonen bak utsegna, men i nokre tilfelle er det råd å bestemme ut frå konteksten kva det heile dreier seg om. Praktisk er det ikkje, men svært oppkvikkande.

Kanskje er ko-ismen ein språkundergravande ideologi som ikkje bør omfamnast av altfor mange språkbrukarar. Tenk om alle byrja å byte ut ord i tide og utide!

På den andre sida kunne ein seie: Feilskrivingar er som mutasjonane i naturen. Nokre av dei kan vise seg levedyktige, for ikkje å seie livsreddande, om nokre år.

Inntil vidare er ordet fritt.

 

-- Alf Kjetil Walgermo er kritikar, forfattar og journalist.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter