Revisor Riise

– Vi skal ikkje finne opp ein ny nynorsk. Nynorsken skal vere til å kjenne att for alle som bruker han, også etter 2011. Det vi skal sjå på, er kva former som faktisk har festa seg over 150 år. Kva er det som ser ut til å vere slitesterkt og varig? seier ho som skal leie arbeidet med den nye rettskrivingsnorma, Grete Riise.

AV HALLVARD ØSTREM

Grete RiiseSunnmøringen Grete Riise (62) er leiar i nemnda som skal revidere nynorskrettskrivinga og lage framlegg til ei ny og enklare nynorsknorm. I nemnda har ho med seg både språkfagleg kompetanse og representantar for brukargrupper. For første gong er allmenta invitert til å vere med og meine noko, for eksempel om det skal heite hjarte eller hjerte eller begge delar. Når nemnda har sagt sitt, skal framlegget vidare til direktøren og styret i Språkrådet og til Kulturdepartementet, som har det siste ordet. Fagrådet for normering og språkobservasjon i Språkrådet blir konsultert undervegs.

– Eg har mest lyst til å be deg gå til Språkrådet og spørje dei, ler Riise når vi spør om korleis omsynet til både dialektar, bruk, geografisk spreiing og tradisjon skal kunne takast vare på i ei ny og stram nynorsknorm.

– Det er på ein måte ei umogleg oppgåve. Vi skal prøve å ta alle omsyn, men ei stram norm og eit breitt dialektgrunnlag er ikkje heilt lett å sameine. Eg er ikkje sikker på at vi får det til, seier ho.

Riise er til dagleg seniorrådgivar og nettredaktør hos Fylkesmannen i Hordaland. Ho er utdanna lærar med faga nordisk, historie og sosiologi, men har for det meste arbeidd som rådgivar i det offentlege. Ho har vore aktiv i Noregs Mållag i mange tiår, alt på 1970-talet som styrerepresentant for Norsk Målungdom, ungdomsorganisasjonen i Mållaget, seinare ein periode som nestleiar i styret, og frå 1998 til 2000 var ho dagleg leiar i organisasjonen. Ho har òg vore involvert i styre og stell i nynorskinstitusjonar som Samlaget, Nynorsk kultursentrum og Det Norske Teatret.

– Men rolla mi her er nok å representere det offentlege, trur seniorrådgivaren.

Grete Riise er leiar i nemnda som skal revidere nynorskrettskrivinga.

Godt grunnlag

Nemnda har ikkje så veldig god tid på seg. Eit ferdig forslag skal liggje føre alt 1. februar neste år. Normgivarane startar likevel ikkje med blanke ark, men har det store utgreiingsarbeidet som Språkrådet gjorde i 2001–2003, å gå ut frå.

– Det er eit omfattande materiale som kjem til å bety mykje for oss. Der finst det ein god del undersøkingar og forsøk på å klassifisere det ein meinte burde vere innanfor og utanfor norma – på den tida, seier Riise.

– Samtidig er mandatet vårt eit anna enn det språkforskarane i den førre nemnda hadde. Vi har fått klar beskjed om å fjerne klammeformene, og vi har fått ei ny bestilling, som ikkje låg der den gongen, om at norma skal vere stram. Normgivarane foreslo den gongen òg å ta ut ein del former, men i mange tilfelle foreslo dei jamstilte former der vi i alle fall må vurdere å vere strengare, seier nemndleiaren. Det forslaget som vart sendt til Kulturdepartementet den gongen, vart lagt på is fordi departementet ønskte at ein skulle fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer, som i bokmål.

– Men ein stor del av det språklege grunnlaget som vart lagt – dette vart jo gjort av språkkunnige folk – vil liggje til grunn for arbeidet vårt også.

Går etter bruken

I tillegg til utgreiingsmaterialet frå Språkrådet har nemnda Norsk ordbank ved Universitetet i Oslo og det rikhaldige nynorskkorpuset til Norsk Ordbok, med tekstar frå aviser, tidsskrift og litteratur, å støtte seg til. Nemnda vil òg prøve å undersøkje nærare kva språk som eigentleg blir brukt i kommune og stat, og kva slags nynorsk sidemåls- og hovudmålselevar i den vidaregåande skolen helst brukar til eksamen.

– Vi har ein fordel som Ivar Aasen ikkje hadde: Vi har eit skriftleg materiale å byggje på. Når vi normerer i dag, trur eg at vi må leggje stor vekt på det skriftlege. Eg legg til grunn at nynorsk er eit uttrykk for dialektane. Det er ikkje oppgåva vår å prøve å finne ut av det no, slår Riise fast.

– De skal altså ikkje finne opp nynorsken på nytt?

– Nei, nynorsken skal vere til å kjenne att for alle som bruker han, også etter 2011. Det vi skal sjå på, er kva former som faktisk har festa seg over 150 år. Kva er det som ser ut til å vere slitesterkt og varig? Med slitesterke former kan ei norm kanskje klare seg i tretti år framover – viss vi får det til. Så må vi sjølvsagt vurdere om enkelte mindre brukte former har så stor symbolverdi, eller identitetsverdi, at dei likevel bør vere jamstilte.

Av det som nemnda heilt sikkert ikkje kjem til å diskutere, er jamstillinga av pronomena me og vi og den valfrie infinitivsendinga på -a eller -e. Denne valfridommen er ikkje diskusjonstema, slår nemndleiaren fast.

– Men det som kan vere eit tema, er om vi skal godkjenne kløyvd infinitiv, for eksempel, seier Riise. Men ho strekar under at nemnda enno ikkje har teke stilling til det.

– Den lettaste delen av jobben er å peike ut det som nesten ikkje er brukt, og som heller ikkje har ein symbolverdi. Eg vil tippe det kan gjelde former som kjemer. Om vi tek det vekk, kjem nesten ingen til å oppfatte at vi gjer det ein gong, trur Riise.

– Men viss vi tek vekk valfridommen mellom y og ø i ynskje eller ønskje, er vi plutseleg inne på ei anna mark. Sjølv om vi for så vidt kan diskutere om vi treng begge delar, så vil det vere svært sterke føringar både etter dialektområde og ideologi.

Ventar med endelege vedtak

Nemnda kjem heller ikkje til å gjere nokon endelege vedtak før heile norma blir spikra 1. februar neste år. I staden vil nemnda gjere førebels delvedtak undervegs.

– Det vil seie at vi truleg kjem til å lage innstillingar som vi vil ha retten til å gå tilbake på når vi ser korleis dei passar med resten av norma. Det skal jo helst sjå ut til slutt, seier Grete Riise.

– Kva meiner de med at arbeidet skal gjennomførast i ein open og inkluderande prosess?

– Da tenkjer eg først og fremst på nettsida vår og at vi opnar for at folk kan vere med. Eg har arbeidd med nettet lenge og veit akkurat kva som skal til: ei nettside og eit forum for idéutveksling, slik at alle kan sjå oss i korta heile vegen. Vi lover ikkje å svare på alt vi får inn, men vi lover å vurdere alt.

– Kven kjem nemnda til å ha møte med eller få i tale?

– Skolen og det offentlege er dei som blir nøydde til å følgje oss når norma er vedteken. Dermed er lærarar, og norsklærarar spesielt, ei interessant gruppe å snakke med. Og så må vi snakke med offentleg tilsette om kva dei ønskjer seg av ei slik endring, seier Riise.

– Blant avisene kjem vi sannsynlegvis til å avgrense oss til å snakke med Bergens Tidende, eventuelt Stavanger Aftenblad og andre regionaviser. Vi vil likevel ha eit stort materiale å sjå på, blant anna frå lokalavisene, fortel Riise.

– Så kan vi tenkje oss å snakke med dei som lagar læremiddel: lærebokforfattarar og forlag. Dessutan er dei som gir råd og er med på å forme språket i andre organ, interessante å snakke med. Den store marknaden av språkrettleiarar som held på å vekse fram, er også sentral.

– Kva slags innspel ønskjer de frå nynorskbrukarane?

– Førebels har vi ikkje sagt noko spesielt om det. Men eg tippar at vi kjem til å ønskje oss fleire innspel når det begynner å bli vanskeleg for oss. Ettersom nemnda er sett saman av folk frå så ulike hald, kan eg tenkje meg at usemja kjem nokså fort. Der det blir usemje i nemnda, reknar eg med at det er stor usemje i andre miljø òg. Da treng vi argument for å ta ut og inn ting, og det kan folk hjelpe oss med.

Nynorsken står trygt

– Korleis kan ei ny nynorsknorm gjere det lettare å vere nynorskbrukar?

– Det blir lettare viss du kan kjenne deg tryggare på at det du skriv, er rett. Det trur vi folk blir viss dei møter ein nynorsk som er meir einsarta. Dessutan vil mange synast det er godt at dei ikkje må gjere så mange val heile tida.

– Men er valfridom nødvendigvis vanskeleg?

– Nja, valfridom kan vere både vanskeleg og lett. Føresetnaden til Språkrådet no er at vi har for mange val. Når vi har seks ulike måtar å skrive mogleg på, er det unødvendig. Det gjer folk utrygge. Skal eg velje mogeleg eller mogleg, mogelig eller moglig, muleg eller mulig?

– Desse formene er nokså like?

– Ja, og eg ser ikkje heilt skilnaden i identitet mellom formene. Og det gir eit ustabilt skriftbilete som flyttar seg. Om vi tek vekk den variasjonen, kan det kanskje vere med på å gjere det lettare å lære å skrive ordet korrekt, meiner Riise.

Men anten nemnda vel å gjere rettskrivinga slik eller slik, trur Grete Riise nynorsken står trygt og godt i lang tid framover.

– Eg trur nok ikkje nynorsken forsvinn i mi tid, seier ho som skal få til det umoglege. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter