Har du kandidatar til Språkprisen 2010?

Juryen for Språkprisen ønskjer framlegg frå heile den mangfaldige norske språkverda. Tenk gjerne utradisjonelt!

AV OVE EIDE

Språkprisen er Språkrådet si årlege feiring av framifrå bruk av norsk i sakprosa, både på nynorsk og bokmål. Prisen er såleis eit tiltak for å fremje og styrkje stillinga for norsk språk. Med alle dei utfordringane norsk språk står overfor i dag, treng vi kanskje meir enn før å rette merksemda mot god språkbruk på alle samfunnsområde. Derfor er ikkje dette ein pris berre til «gullpennar» eller for spesielt interesserte. Prisen kan gjevast til alle som nyttar godt norsk språk i praksis – i helg eller kvardag.

Og prisvinnarane kan kome frå alle tenkjelege samfunnsområde: næringsliv, skule, offentleg styre og stell, forsking, organisasjonsliv, presse, teknologi, medium. Kravet er at dei nyttar godt språk, noko som det sjølvsagt ikkje finst berre éin mal for. Det kjem an på så mangt – kven ein skriv til, kva ein vil med skrifta si, kva sjanger ein skriv i osb.

Sakprosa bind samfunn saman

Mange er vel vande med å tenkje at det er skjønnlitteraturen som gjeld, at det er i romanar, skodespel og lyrikk det norske språket utfaldar seg. Men tenkjer vi etter, vil vi sjå at sakprosaen har vore minst like viktig som skjønnlitteraturen for utviklinga av samfunnet vårt. Vi har sakprosa omkring oss kvar dag, tekstar som fortel om røyndommen på eitt eller anna vis. Det er tekstar som freistar å påverke oss, tekstar som formidlar viktig kunnskap, og tekstar som grip inn i kvardagen vår på ein mykje meir direkte måte enn skjønnlitteraturen. Tenk berre på reklame, avisartiklar, brosjyrar, vekeblad, offentlege skriv, lover og reglar, nettsider, bøker om politikk og livssyn, lærebøker. Gjennom sine mange sjangrar skaper sakprosaen grunnlag for debatt, opplysning, læring og fellesskap. Sakprosaen er eit viktig bindemiddel i samfunnet vårt.

Eit mangfald av tekstar

Rekkja av sakprosasjangrar er nær sagt uendeleg, men i denne straumen av skrift er det nokre skribentar som passar særleg godt på språket, og som legg ned mykje arbeid i formuleringar og former. Det er nettopp dei vi ønskjer å få namna på. Dei kan ha skrive eit enkeltverk, eller dei kan ha arbeidt trottig i mange år med det norske språket. Kandidatane kan vere enkeltpersonar eller grupper, og prisen skal gå til eitt eller fleire arbeid frå dei siste fem åra. Prisen er både ein pengesum og eit diplom, som er eit bilete av ein norsk kunstnar.

Dei som har fått Språkprisen til no, er Karin Sveen (2007), Anders Johansen og Kjartan Fløgstad (2008) og Stephen Walton og bokprosjektet Flerspråklighet i skolen, ved redaktøren Rita Hvistendal (2009).

Juryen

Med i juryen for Språkprisen er Ove Eide, leiar (lektor og forfattar), Karianne Bjellås Gilje (skribent og redaktør av tidsskriftet Prosa), Unn Røyneland (postdoktor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo) og Espen Søbye (forfattar og litteraturkritikar).

 

-- Ove Eide er leiar i juryen for Språkprisen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter