Sendingar og utsendingar på gresk

'EΠΙΣΤΟΛAÌ ΚΑÌ  'ΑΠÓΣΤΟΛΟΙ  ῾ΕΛΛΗΝΙΣΤÍ
'ΑΓΓΕΛÍΑ ΚΑÌ '´AΓΓΕΛΟΙ ῾ΕΛΛΗΝΙΣΤÍ

På gammalgresk kunne:
å senda heita anten epi-stél-lein eller ap-angél-lein
ei sending heita anten epi-stol-é eller angel-ía
ein utsending heita anten apó-stol-os eller ángel-os
ein god bodskap heita ev-angél-ion

Epistolé har gitt oss epistel, av apóstolos har me fått apostel, av ángelos kjem engel, og evangélion har blitt til evangelium på latin.

Den latiniserte forma evangelium finst i liknande former i dei fleste språka i Europa. Men gammalengelsk hadde opphavleg ordet god-spell, som tydde ’god bodskap’, altså ei beinveges omsetjing av ev-angelion. Seinare mistok engelskmennene god i godspell for God, altså ’Gud’. Men med tida har dei nok ikkje skjøna godspell rett heller, for i den moderne forma gospel er det ikkje noko som peikar mot God.

Norrønt lånte gōd-spell frå gammalengelsk og skreiv det både goðspell og guðspell (av guð). Guð gjekk av med sigeren, for islendingane i dag skriv guðspjall.

 

-- Av Svein Nestor, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.11.2009 | Oppdatert:25.09.2015