NHO og Språkrådet vil ha norsk i næringslivet

«Bruk norsk når du kan, og engelsk når du må» er parolen i språkplakaten for næringslivet som Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og Språkrådet har laga i fellesskap. Plakaten har tittelen Språkvett for næringslivet.

AV SVEIN ARNE ORVIK

Målet for samarbeidet er å gjere norske næringsdrivande bevisste på å bruke norsk i alle samanhengar der det er mogleg. Plakaten gjev konkrete råd om val av språk i bl.a. reklame, stillingsannonsar og i annan ekstern og intern kommunikasjon.

Sylfest Lomheim og Finn Bergesen jr.– Det handlar om å ha eit medvite forhold til det norske språket. Dette er ein haldningsplakat, sa Finn Bergesen jr., administrerande direktør i NHO, då plakaten vart lansert i juli.

Fordel med norsk

– Norske bedrifter har eigeninteresse av å bruke morsmålet, sidan det oftast gjev meir presis kommunikasjon internt og eksternt. Språkleg kvalitet og presis kommunikasjon er ein fordel for alle som skal konkurrere i ein marknad, seier Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet.

Språkrådet og NHO har samarbeidt om innhaldet i plakaten. Han blir gjord kjend for alle medlemsbedriftene i NHO gjennom nyheitsbrev, nettsidene til organisasjonen og i andre samanhengar.

Finn Bergesen jr. har også tidlegare teke til orde mot unødvendig bruk av engelsk i norsk næringsliv. I 2007 heldt han innlegg på Språkråds-konferansen Språkdagen, der han rådde næringslivet til å bruke norsk.

Støtte frå pressa

Ei rekkje aviser har støtta NHO og Språkrådet på leiarplass etter lanseringa av språkplakaten.

«Det er komplett uforståelig at det skal være nødvendig for kleskjeder å reklamere i Norge med at de har «sale», når de kunne ha skrevet at de holder salg. Vi vet ikke om slikt skyldes bevisstløshet eller språklig husmannsånd. I begge tilfeller er det god grunn for den bevisstgjøring som avtroppende NHO-direktør Finn Bergesen maner til», stod det å lese i leiarartikkelen «Bruk norsk» i Adresseavisen.

«All ros til Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), som sammen med Språkrådet har utarbeidet en språkvettplakat for næringslivet. Næringslivsfolk anstrenger seg ikke alltid like mye for å utvikle et norsk fagspråk på sitt eget felt», meinte leiarskribenten i Aftenposten under overskrifta «Skriv norsk!». «Hvorfor f.eks. tviholde på et ord som «offshoreindustri» når vi har det gode norske «utaskjærsindustri»?», spurde Moss Avis på leiarplass.

«Vi vil jo ikke at en potensiell underwriter assistant hos Gard skal tro at vedkommende skal hjelpe kjendiser med å skrive autografer», kommenterte leiarskribenten i Agderposten.

Språkvett for næringslivet

Bruk norsk når du kan, og engelsk når du må

1 Norsk er det naturlege for norsk næringsliv

  • Presisjon er viktig i næringslivet. Vi er alltid meir presise på morsmålet, fordi vi har eit større ordtilfang og ei betre språkkjensle på vårt eige språk.
  • Med norske medarbeidarar er norsk språk mest effektivt i og for bedrifta.
  • Lag reklame på norsk, ikkje på engelsk, når du vender deg til norske kundar.
  • Bruk norsk i stillingsannonsar når du vender deg til eit norsktalande publikum.

2 Ulike språk for ulike behov

  • Snakk og skriv norsk når du kommuniserer med norske kollegaer og andre som skjønar norsk best. Bruk engelsk når det er føremålstenleg.
  • Med tilsette i ulike land og tilsette med ulike morsmål treng bedrifta fleire språk.
  • Bedrifta bør bruke det språket som høver best i den konkrete kulturelle samanhengen.

3 Språkvett er viktig for bedrifta og samfunnet

  • Den engelskspråklege påverknaden er ei utfordring ikkje berre for lærarar, foreldre, elevar og opinionsdannarar – som masse-media – men også for næringslivet.
  • Bruk norske fagtermar, da bidreg du til å utvikle og halde oppe norsk fagspråk.
  • Tryggleiken syter ein best for på det språket dei tilsette meistrar best.
  • Stimuler språkleg bevisstgjering i bedrifta.
  • Det er ingen motsetnad mellom det å vere for globalisering og samtidig ta vare på norsk språk og kultur. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter