Leserspørsmål

LeserspørsmålSpørsmål: Som forkorting av eventuelt brukar folk flest evt., men i Norsk forkortingsordbok er evt. forkorting for etter vår tidsrekning. Eg har aldri vori borti evt. som forkorting i denne tydinga.

Har det alltid vori slik som det står i forkortingsordboka, at forkortinga for eventuelt skal vera ev.? Om ikkje, tykkjer eg at det er merkeleg å endre tydinga av ei forkorting som er i vanleg bruk.

Svar: Forkortinga ev. for eventuelt vart fastsett i 1970-åra i samband med eit komitéarbeid som gjaldt praktiske skrivereglar. Forkortinga evt. for etter vår tidsrekning er langt yngre og var visstnok lansert som eit livssynsnøytralt alternativ til etter Kristi fødsel i skoleverket rundt tusenårsskiftet. Mange kjenner ikkje desse reglane, og det er ugreitt.

***

Spørsmål: I trøndersk, og også i ein del andre dialektar, finst det eit ord som heiter kvervil. Ein kvervil er eit område på hovudet hjå menneske eller dyr (dyr kan ha kverviler også andre stader) der håret veks i ei anna retning enn håret rundt. Dei er oftast i bakhovudet eller i panna.

På engelsk heiter dette cowlick. Kva heiter det på bokmål og nynorsk? I mi engelsk-norske ordbok står det at cowlick er ein pannelugg, men det er ikkje rett.

Svar: I Nynorskordboka står hankjønnsordet kvervel, som har fleire tydingar:

1 snøgg krinsrørsle straumen laga kvervlar i elva

2 flekk, punkt på hovudet der håret deler seg til alle sider

3 hår på kvervel

Opphavet til dette ordet er norrønt hvirfill, som tyder det same som på nynorsk

På nynorsk kan det og heita kverv, på bokmål både virvel og verv.

***

Spørsmål: Finst det reglar for når ein skal bruka prosentteiknet, og når ein skal skriva prosent med bokstavar?

Svar: Ein tommelfingerregel når det gjeld ordet prosent og teiknet %, er at ein normalt skriv dette ordet med bokstavar når ikkje spesielle omsyn talar for noko anna. Spesielle omsyn kan vera presisjon (kan henda med desimalar), kor mykje plass ein har å skriva på (i tabellar, figurar o.l.), og anna.

Det skal vera mellomrom mellom sifferet og teiknet: 30 %. I løpande tekst vil det svært ofte vera best å skriva prosent

***

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter