Når dine ord blir andres ord

Mange norske aviser har eigne rettskrivingsreglar som dei følgjer internt i redaksjonen. Men korleis stiller dei seg til det språket lesarane brukar når dei skriv innlegg eller kronikkar?

AV INGUNN INDREBØ IMS

Eg skal sjå nærare på kva for haldningar norske aviser har til retting, eller vi kan kalle det sensurering, av språket i lesarinnlegg, og på i kor stor grad dei har rettskrivingsreglar som skil seg frå dei offisielle rettskrivingsnormalane. For å seia noko om det brukar eg funn frå hovudfagsavhandlinga mi frå 2007, der eg har undersøkt kva for haldningar, prinsipp og praksis som ligg til grunn for dei språkvala avisene tek.

Undersøkinga mi viser at overraskande mange aviser har eigne interne rettskrivingsreglar for det redaksjonelle stoffet. Dei fleste avisene seier likevel at dei ikkje endrar språket i lesarinnlegg etter dei interne reglane, med den grunngjevinga at slike innlegg er ei personleg meiningsytring, og at språkvalet til innsendaren skal respekterast på same måten som synspunktet han eller ho ønskjer å formidle.

Desse funna viser altså at det går an å ha interne rettskrivingsreglar i redaksjonen utan at dette automatisk fører til at avisa rettar lesarinnlegga etter dei same reglane.

Interne språkreglar

Å lage eigne interne rettskrivingsreglar, slik mange redaksjonar gjer, er ei form for språknormering. Dei offisielle rettskrivingsreglane i norsk, både i bokmål og nynorsk, opnar for til dels stor variasjon, og for å sikre at dei tilsette journalistane skriv nokolunde likt, vel mange redaksjonar å snevre inn dei offisielle reglane. Det finst altså mange aviser som ikkje tillet både sjuk og syk som redaksjonell norm i bokmål, sjølv om begge formene er tillatne i den offisielle bokmålsrettskrivinga. Nokre bokmålsaviser har sjuk som eineform, andre har syk, medan nokre tillèt begge formene. Den same problematikken finn vi i nynorskrettskrivinga – gi eller gje – nokre aviser tillèt begge formene, mens andre berre vil bruke den eine. Intern språknormering i avisredaksjonane er altså ikkje eit uvanleg fenomen, sjølv om det i denne samanhengen er verdt å nemne at over 50 % av både nynorsk- og bokmålsavisene seier at dei i prinsippet tillèt dei tilsette journalistane å bruke den valfridomen dei offisielle rettskrivingsnormalane opnar for. Å gi rom for valfridomen kan like fullt vera ei form for normering – det dreier seg om å ta eit val når det gjeld rettskriving, uansett om normene ein vel, er vide eller snevre.

Reglane varierer

Av dei 126 avisene som er med i undersøkinga, svarar 41 (av 98) bokmålsaviser og 17 (av 58) nynorskaviser at dei har eigne interne rettskrivingsreglar som skal følgjast i det redaksjonelle stoffet. (Fleire av avisene nyttar både bokmål og nynorsk, og same avisa kan derfor vera representert i begge gruppene.) I desse redaksjonane har dei anten laga ei eiga norm, ofte utarbeidd med eit visst grunnlag i talemålet på staden, eller dei har med fåe unntak teki i bruk NTB-normalen eller riksmålsnormalen. Felles for dei er at dei ikkje tillèt alle formene som den offisielle rettskrivinga gjev rom for, men har gjort eit utval. Ofte må òg eksterne skribentar, som spaltistar og dei som skriv meldingar av ymse slag, følgje denne norma. Dette gjeld aviser frå heile landet og av alle typar når det gjeld utgjevarfrekvens, geografisk utbreiing og abonnenttal.

For journalistar eller lesarar?

Når avisene lagar eigne språkreglar, er det først og fremst med tanke på at reglane skal gjelde for journalistane når dei skriv for avisa. Dei aller fleste avisene opplyser om at lesarar som skriv innlegg, skal få sitt skriftspråk på trykk, anten det dreier seg om eit nynorskinnlegg i ei bokmålsavis, eller eit innlegg på radikalt bokmål i ei avis som redaksjonelt har valt ei meir konservativ linje. Det er til dømes heilt avleggs å omsetja eit lesarinnlegg eller ein kronikk frå ei målform til ei anna – altså frå nynorsk til bokmål eller motsett. Av redaksjonane svarar 98 % at dei tillèt både nynorsk og bokmål i innsendt stoff frå lesarane. Berre tre svarar nei, og desse tre er bokmålsaviser. Sjølv om avisa til dømes berre tillèt journalistane å skrive nynorsk, vil altså eit lesarinnlegg på bokmål likevel koma på trykk.

På spørsmålet om avisene gjer om innlegg til intern norm, altså normering innanfor eit skriftspråk og ikkje på tvers av skriftspråka, er svarfordelinga litt annleis. 16 % av avisene svarar at dei rettar innlegg etter interne rettskrivingsreglar, mens 84 % seier at dei ikkje gjer det. Det er altså litt vanlegare å normere innlegg enn å omsetja frå ei målform til ei anna, men tendensen er likevel tydeleg – dei fleste avisene normerer ikkje innsendt stoff, dei let innsendaren sjølv få velja korleis han eller ho vil uttrykkje seg, så lenge det ikkje dreier seg om openberre skrivefeil.

Kva for språk blir sensurert?

Mykje tyder på at det er dei radikale formene i bokmål som stiller svakast når det gjeld retting eller språksensur i innsende innlegg. Det er kanskje overraskande, fordi vi elles er vane med at nynorsk stiller svakast når det gjeld skriftspråk her i landet. Fleire av informantane i dei bokmålsavisene eg intervjua, kunne like fullt fortelja at innlegg på nynorsk blir trykte slik dei er, mens innlegg på bokmål blir normerte etter den norma avisa elles har i det redaksjonelle stoffet. Grunngjevinga for denne praksisen er i fleire tilfelle at avisa har ein desk som kan rette bokmålstekstar, men ikkje har ein slik kompetanse for nynorsk, og difor blir tekstar på nynorsk heller ikkje retta i like stor grad. For meg er det eit paradoks at kompetanse i bokmål fører til ei streng normering av innsende innlegg. Kompetanse og kunnskap om normene og dei som brukar dei, kunne i større grad ha vori brukt til å få fram språkleg mangfald, ikkje det motsette.

Det er òg verdt å merke seg at bokmålstekstar er utsette for ei stilistisk normering som ikkje ser ut til å gjelde for nynorsk i same grad. Av bokmålsavisene seier 43 % at dei brukar ulike delar av rettskrivinga i bokmål til ulike typar saker og sjangrar. Sjølv i aviser som redaksjonelt praktiserer ei stram og konservativ norm, er det lov å nytte radikale former dersom det verkar «naturleg» i samanhengen. Det ser ikkje ut til at nynorsken på same måte blir utsett for ei slik stilistisk vurdering. Når nynorsken i avisa varierer, er det som oftast knytt til journalisten som skriv, ikkje til saksområdet eller til om språket i seg sjølv eignar seg til å skildre eit emne eller ikkje. Når den radikale delen av bokmålsrettskrivinga på denne måten er knytt til stil, saker og sjangrar i nokre aviser, kan det kanskje forklare kvifor nokre aviser òg rettar lesarinnlegg på bokmål etter same prinsipp. Det finst aviser som prinsipielt rettar alle lesarinnlegg på bokmål til ei moderat norm, men dei tillèt fleire radikale former dersom innlegget handlar om språk eller språknormering. Grunngjevinga er at val av språkform i desse tilfella er med på å underbyggje synspunkta innsendaren måtte ha om språklege emne.

Aktuell debatt

Det siste halve året har det vori lesarinnlegg i både Aftenposten og Morgenbladet som tek opp spørsmål kring språknormering og språksensur. Lesarar som har skrivi innlegg i desse to avisene, har reagert på at dei ikkje kjenner igjen språkforma i innlegga når dei kjem på trykk. Dette gjeld debattantar som bevisst har valt å skrive som dei gjer, og som brukar former som er innanfor offisiell rettskriving, men som likevel skil seg frå dei interne reglane til Aftenposten og Morgenbladet. Svaret dei har fått frå avisredaksjonane, er at språket er endra etter dei interne rettskrivingsreglane avisa følgjer: «Endringene er gjort i samsvar med avisens språknormering.»

Eg spør meg sjølv om det dreier seg om språksensur snarare enn språknormering når ei avis rettar lesarinnlegg. At avisene normerer det redaksjonelle stoffet, kjem ein ikkje forbi, men dei fleste norske avisredaksjonar har ein intensjon om å trykkje innlegg slik innsendaren vil ha det, sjølv om norma eller målforma innsendaren nyttar, bryt med redaksjonell praksis. Redaksjonen ønskjer på den måten å ta vare på meiningane til lesarane på alle nivå, slik at alle aspekt ved eit skriftleg innlegg blir synlege i den meiningsskapande fellesskapen som ei avis òg er. Det er sjølvsagt forståeleg at mange aviser har fåe ressursar, og at det kan vera vanskeleg å rette ein innsend tekst dersom innsendaren ikkje er særleg bevisst på eige språk og kva for former han eller ho nyttar. Men når bevisste skribentar med eit gjennomført skriftspråk ber om å få innlegg trykte slik dei opphavleg blei skrivne, bør det vera rimeleg at ein avisredaksjon innfrir ønsket trass i at avisa sjølv følgjer ei anna linje i det redaksjonelle stoffet. For skriftspråk er som kjent ikkje berre kommunikasjon – skriftspråk er òg tankar, haldningar og verdiar. Dersom vi ønskjer ytringsfridom og demokrati, også når det gjeld språk, er språksensur svært uheldig.

 

-- Ingunn Indrebø Ims er cand.philol. med hovudfag i nordiske språk. Ho er redaksjonsassistent i Norsk Ordbok 2014. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.10.2008 | Oppdatert:09.06.2015