Leiar: Nye tider; nye sider

Siste fredagen i juni stod kulturminister Trond Giske i Litteraturhuset i Oslo med St.meld. nr. 35 (2007–2008) i handa, Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. To dagar seinare heldt Øyvind Nordsletten, vår ambassadør i Moskva, stemnetale i Aasentunet på Sunnmøre og proklamerte at stortingsmeldinga representerte eit «paradigmeskifte». Eg vågar òg påstanden at me går nye språkpolitiske tider i møte.

Eit viktig første steg var Språkrådets utgreiing Norsk i hundre hausten 2005. I 2006 bestemte regjeringa Stoltenberg seg for å leggja fram ei stortingsmelding om ein ny språkpolitikk. Det enda i 2008 – med to meldingar. Først St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer, frå Kunnskapsdepartementet den 23. mai. Så den andre, hovudmeldinga på nær tre hundre sider, frå Kulturdepartementet den 27. juni. Der blir det sagt at språkpolitikken no skal femna vidare i samfunnet – før dominerte dei klassiske områda stat og skule. Stortinget skal minst ein gong i kvar periode drøfta tilstanden for det norske språket, og Språkrådet skal utvida arbeidsområdet til å gjelda språksituasjonen i Noreg – ikkje berre norskens stilling i Noreg. Det er faktisk stor skilnad!

I Språkrådet viser dei nye tidene seg ved at publikasjonane og nettsidene har fått ny utsjånad i 2008. Frå og med dette nummeret endrar Språknytt både form, format og innhaldsorganisering. Utsjånaden følgjer den nye grafiske profilen til Språkrådet, og den redaksjonelle omlegginga vonar me skal verka meir interessevekkjande på nye lesargrupper, samstundes som me vonar at dei trufaste lesarane finn oss like leseverdige som før og blir med oss vidare. Me vil forsøkja å få til større emnebreidd. I kvart nummer blir det eit intervju med ein språkengasjert person, og i spalta Språkbrukaren gir me rom til ein gjesteskribent. Førstemann ut er journalist Kjetil S. Østli, som fekk NTBs språkpris for 2007.

Me gler oss – over nye sider og nye tider!

 

Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter