Ein nynorsk pioner

Aasta Hansteen (1824–1908) var kvinnesakskvinna som skreiv lesebøker på landsmål før nokon andre, og som ville få Ivar Aasen til å slutte å lage ordbøker.

AV ELI BJØRHUSDAL

På byrjinga av 1860-talet var det enno magert på målfronten. Ivar Aasen hadde fått ut nokre skrifter, og Aasmund O. Vinje hadde tort seg frampå med landsmålsavisa Dølen. Eit par verk og pamflettar på halvnorrønt og bygdemål var òg lanserte.

Diskusjonane etter desse utgjevingane kring 1860 utgjer den fyrste større, offentlege målstriden i Noreg. No kom det open motstand mot det nye skriftmålet, både fordi det vart klart at det ikkje lenger var eit språkleg eksperiment, men eit alternativ, og fordi målflokken hadde byrja å organisere seg i dei største byane.

I denne absolutte pionertida for nynorsken kom ei merkverdig bok – Skrift og Umskrift i Landsmaalet (1862), utgjeven anonymt. Snart visste likevel heile det intellektuelle Kristiania kven som stod bak: Aasta Hansteen, ei kvinne, jamvel frå hovudstaden! Skrift og Umskrift var altså ei av dei aller fyrste bøkene på landsmål, og Aasta Hansteen må truleg reknast som Noregs fjerde målforfattar. Den tredje var Eirik Sommer.

Frå Asta til Aasta

Aasta Hansteen var mellom dei fyrste kvinnene i norsk soge som tok bladet frå munnen og våga seg ut i offentleg debatt. Det gjorde ho ikkje ustraffa. Hundre år etter at ho døydde, er ho framleis mest kjend som frittalande kvinnesakskvinne og som modell for Gunnar Heibergs skodespel om den nærast halvgalne Kristiania-peparmøya Tante Ulrikke (1884). Mange samtidige kommenterte mustasjen og ølvomma hennar, og det er ei kjend sak at ho promenerte i bygatene medan ho skravla med seg sjølv og slo etter fattiggutane med paraplyen. Og var ho ikkje eigenleg lesbisk? Og kjærasten til Ivar Aasen?

Ho var fødd inn i Noregs intellektuelle elite. Far hennar, Christopher Hansteen (1784–1873), var professor i astronomi og matematikk og ein av dei fyrste store vitskapsmennene i landet, og slekta hennar stod heilhjarta på Welhaven og «Intelligenspartiet» si side i 1830-åra. Christopher Hansteen finansierte ei relativt lang kunstutdanning for dotter si, og frå midten av 1840-talet arbeidde ho særleg med portrettmåling. Men frå 1860 vart det jamt stogg. Ho skifte namn frå det danske Asta til det norske Aasta, slutta å måle og tok til å skrive på og arbeide for landsmål. Fleire har meint at engasjementet hennar slik tok ein heilt ny veg, og har såleis spurt seg om kvifor dette hende. Eit døme er Anna Caspari Agerholt, som i si epokegjerande kvinnehistorie frå 1937 hevdar at Aasta Hansteen «hadde ikke vedholdenhet i noe». Og når kunsthistorikaren Anne Wichstrøm i 1984 drøfter kvifor Aasta Hansteen slutta å måle og tok til med landsmål kring 1860, viser ho til det Hansteen sjølv karakteriserer som eit nervøst samanbrot i 1856. Hansteen fortalde at det einaste ho greidde å arbeide med, var målsaka «som om den krevde mindre enn maleriet», tilføyer Wichstrøm.

Landsmålsproduksjon

No kan det ikkje ha kravt så reint lite for ei vaskeekte norsk-dansk embetsmannsdotter frå Kristiania å lære seg det nye skriftmålet til Ivar Aasen, og det er ikkje usannsynleg at ho gjekk nettopp til han for å få hjelp. Det fyrste Aasta Hansteen gjorde på landsmål, var å få på trykk ei omsetjing av Bjørnsons Faderen i bladet Folkevennen i 1860, som Søren Jaabæk (1814–1894) gav ut. Arbeidet med Skrift og Umskrift var truleg i gang på dette tidspunktet. I Ivar Aasens dagbøker finn me Aasta Hansteen nemnd frå november 1861, då ho var hjå han og fekk merknader til manuskriptet. På nyåret i 1862 fekk Aasen «Nyt Besøg af jf. [jomfru] Hansteen », og seinare same året skreiv han at han har skaffa seg boka. Ivar Aasen fylgde altså dette skriveprosjektet og har truleg hatt sitt å seie for Aasta Hansteens landsmålskunnskapar.

Skrift og Umskrift vart likevel ingen bestseljar. Ein del av stykka er uoriginale – her finst utdrag frå Bjørnsons Arne og folkeeventyr frå samlingane til Asbjørnsen og Moe, dessutan omsetjingar av dikt av Welhaven, Wergeland, Jørgen Moe og Andreas Munch. Det å setje om kjende norsk-danske stykke til landsmål var ikkje ein uvanleg strategi i den tidlege målrørsla: Ein trudde at folk ville verte meir positive til målet om dei møtte det i tekstar dei kjende frå før. Sjølv har Aasta Hansteen skrive ein målpolitisk argumenterande tekst og tre propagandadikt for landsmålet.

Mottakinga skriftet fekk, var ikkje eintydig. Paul Botten-Hansen (1824– 1829) i Illustreret Nyhedsblad ville ikkje heilt forkaste boka til Hansteen, men kunne ikkje skjøne kvifor kreftene skulle «splittes paa et uendeligt Oversætterværk i Kredsen af det allerede Forhaandenværende». Presten og folkeviseutgjevaren Magnus Brostrup Landstad (1802–1880) var langt meir positiv i meldinga si i Morgenbladet: Tekstutvalet var «meget heldigt», omsetjingane sameleis, og målforma var «[…] behandlet med megen Kyndighed og Formerne nyttede med Maadehold». Landstad meinte det var «[…] saare ønskeligt og tidsmæssigt, at der nu i Skolerne – ei blot i Almueskolerne – kunde være Anledning til at lade Børnene læse noget i Landsmaalet ». Truleg var dette alt som vart skrive om Skrift og Umskrift etter utgjevinga, men det kunne vore verre. Vinjes Ferdaminni frå 1861 vart berre nemnd med eit par notisar i avisene, og sameleis fekk korkje Aasens Symra eller Vinjes Diktsamling mykje merksemd. Då dei kom ut i 1863, var det berre Illustreret Nyhedsblad som vyrde dei.

Fleire større landsmålsverk vart det ikkje på Aasta Hansteen. To uprenta manus med dikt vart liggjande, men ho fekk sendt mange av landsmålsdikta sine til Syn og Segn, der dei vart prenta i 1908. Det største ho arbeidde med, var likevel Lesebok i Landsmaalet, som ho freista å få gjeve ut i 1867. I eit brev til bergensmålmannen Henrik Krohn (1826–1879) fortel ho at ho har skaffa tekstar frå dei fremste samtidsforfatta rane. Ho skriv òg at boka skal innehalde ein grammatikk og ei ordliste, noko som gjev særleg grunn til å tru at Ivar Aasen har vore kopla til prosjektet. Det hjelpte likevel lite – boka kom aldri ut.

Aasta Hansteen var truleg den aller fyrste som tok opp arbeidet med ei lesebok på landsmål. Det å få gjeve ut didaktiske tekstar på landsmål er ein tunn, men likevel raud tråd i målstrevet hennar, ettersom òg Skrift og Umskrift er ein lesestykkeantologi. I 1865 hadde Hansteen ein diskusjon med Ivar Aasen om landsmålslesebøker – ho freista å få han til å leggje bort vitskapen og ordbokarbeidet til fordel for skjønnlitterær skriving: «Eg talade so varmt som eg kunde om kvor viktugt det var at hava nokra mynstralega skrifter i landsens mål», skriv ho til Henrik Krohn. Aasen høyrde likevel ikkje på det øyra.

Ivar Aasen var rettleiar for landsmålsskriftene til Aasta Hansteen både i 1862 og 1867. Etter at det gjekk dårleg med leseboka, er Hansteen ikkje nemnd i dagboka til Aasen før i 1873 – då er ho framleis ute etter manusmerknader. Både Hansteens og Aasens dagbøker syner at ho er hjå han for å få hjelp til utgjevingar fleire gonger seinare på 1870-talet, jamvel om me ikkje snakkar om landsmålsbøker. Aasta Hansteen oppsøkte altså Ivar Aasen for å få manushjelp og råd i språkpolitiske og faglege spørsmål, slik som så mange andre (menn) gjorde. Dette kan ha hatt sitt å seie for mytane om at ho gjekk på friarføter hjå han, mytar som gjer både Hansteen og landsmålsengasjementet hennar kuriøst og sært. Som me har sett, hadde Aasta Hansteen òg kontakt med Henrik Krohn, som var den leiande målmannen i Bergen. I målmiljøet i Kristiania ser det ut som om ho heldt seg med den radikale Olaus Fjørtoft-tilhengjaren Jens Rolvsson og presten Landstad.

Kvifor landsmål?

Mykje ved Aasta Hansteen var originalt og eksentrisk. Det tyder likevel ikkje at det politiske engasjementet hennar var feilslått, korkje når det gjeld målsak eller kvinnesak. Når ho kring 1860 vart målkvinne, var det nok av same grunn som andre norske intellektuelle vart målfolk: Ho tok stilling i ein kvass offentleg kulturkamp, og ho hadde då òg eit prosjekt med målarbeidet sitt – lesebøkene. Skrift og Umskrift kom elles i ein liten flaum av landsmålsskrifter etter 1860, då bylgjene etter målstriden hadde lagt seg. Alt i alt må ein kunne seie at Hansteens politiske virke ikkje var merkt av påfallande nevrotisk ambivalens, slump eller vantande «vedholdenhet».

 

-- Eli Bjørhusdal er stipendiat i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter