Det du ikkje visste om l og m

Vi har kjent det i heile den lubne lekamen. Land og strand rundt har ein labra lågt om bokstaven l, mamra i søvne om m. Og no er dei her!

AV LEIV INGE AA

Det sjuande bandet (av tolv) av Norsk Ordbok vart nyss prenta, og opp mot 32 000 ord har dermed fått spalteplass. I eitt år og fem månader har 29 redaktørar ved Universitetet i Oslo og NTNU freista å dekkje alle ord som byrjar på l og m i det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet – det vil seie så langt som til ordet mugetuft. Men kva er ei mugetuft?

Norsk Ordbok er like mykje ei dialektordbok som det er ei nynorskordbok. Mange jomfruordboksord er med, som aldri før har vore prenta i ei ordbok – som aldri har vore prenta i det heile! Oppslaget lakeballe (uttala lakabådl) manglar i både Nynorskordboka og Bokmålsordboka (og Norsk Riksmålsordbok). I Norsk Ordbok er det eit sjølvsagt oppslag, som vi har belegg for frå talemålet i Midtre og Indre Sogn. Der nyttar ein det om slaskar, slaurar og alminnelege toskar. På Nordmøre og i Trøndelag har ein dessutan berre skore seg i fingeren når ein hevdar å ha teke ljåmusa.

Meir vanlege ord kan òg ha ei uventa ladning. Preposisjonen med gjev døme på det. Frå Stangvik på Nordmøre har ein kar skrive ned eit tilbod som kan synast i overkant generøst for framandfolk: «Du kan få liggja med meg.» Før du blir altfor smigra, eller eventuelt labbar til ein nordmøring med liknande tilbod, skal du vite at med kan tyde hjå (hos) på heile Nordvestlandet. Det handlar altså ikkje om å dele seng med denne karen, men om å få losji hjå han.

Nynorskordboka og Bokmålsordboka hevdar begge at eit klesplagg som er lårkort, «rekk eit stykke ned på låret». Kor langt er eit stykke? Då dette adjektivet skulle inn i Norsk Ordbok, ville redaktøren finne ut meir nøyaktig kor grensa for lårkorte skjørt går. Om det er nokon skilnader på bokmål og nynorsk, skal vi ikkje spekulere i, men det var ein tydeleg skilnad mellom oppfatninga til kvinner og menn! Medan kvinnene trekte lårkort-grensa ned, ville mennene ha henne opp. Språkbrukarane var usamde, og redaktøren måtte formulere seg romsleg: «(om kjole el skjørt) som berre rekk til (eit stykke) ovom knea.» Eg meiner opplagt at «eit stykke» er viktig å framheve i definisjonen. Men eg er mann.

 

-- Leiv Inge Aa er cand.philol. i nordisk språkvitskap og redaktør i Norsk Ordbok 2014.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter