Namnemotar i Noreg frå 1700-talet til i dag

AV GULBRAND ALHAUG

Når begynte vi å få namnemotar i Noreg? Innføringa av kristendommen førte til store endringar i namnetilfanget i Noreg. Såleis fekk vi kristne namn som Maria, Cecilia, Jakob og Peter til norden – jf. Maria Haraldsdotter, Cecilia Gyrdsdotter, Jakob Olavsson og Peter Byrdesvein (som alle er nemnt i Snorre). Men representerer dei kristne namna ein namnemote? Eg vil seia nei. Når folk tok i bruk dei kristne namna i mellomalderen, hang det saman med ei djupare endring i samfunnet – overgangen frå den gamle gudetrua til kristendommen. Sjølve moteomgrepet går ikkje på slike djuptgripande endringar, men meir på «overflatefenomen», t.d. klesmotar til ulike tider. I denne artikkelen vil eg gjøra greie for nokre namnemotar frå 1700-talet til i dag.

Dobbeltnamn

Frå utlandet fekk vi på 1700-talet inn fleirnamnsmoten, t.d. Hanna Petrina og Maria Georgina. Ja, somme foreldre pryda barna sine med enda fleire fornamn, t.d. Gerhard Wilhelm Christopher og Helena Margretha Nicolina Antonetta. I folketeljinga av 1801 har 8,0 % av kvinnene og 3,4 % av mennene minst to fornamn. Her ser vi forresten eit allment trekk ved namnemotar: Ein ny mote får fyrst gjennomslag i kvinnenamna.

Det var fyrst og fremst tyske innvandrarar som tok med seg fleirnamnsmoten til Noreg, men ettersom denne moten hadde fått tidligare fotfeste i Danmark enn i Noreg, var det også ein del embetsmannsfamiliar frå Danmark som bidrog til at moten spreidde seg i Noreg. Det var særlig overklassa, t.d. prestar og offiserar, som tok i bruk den nye namnemoten, og dette er eit vanlig sosialt mønster når ein namnemote spreier seg: Han begynner i overklassa og spreier seg etter kvart til lågare sosiale lag.

Kvinnenamn laga av mannsnamn

Ovafor har eg nemnt Helena Margretha Nicolina Antonetta som eit døme på fleirnamnsmoten. I dette namnet får vi samtidig demonstrert ein annan namnemote frå 1700-talet: kvinnenamn på -ina og -ine – jf. Nicolina. Denne namnemoten slår ut i full blom på 1800-talet, men alt på 1600-talet fins det døme på denne moten. Såleis blir ei dansk prinsesse i 1650 døypt Wilhelmine Ernestine. Det vi ser her, er at jenter blir oppkalla etter mannlige slektningar, her er det Wilhelm og Ernst. Dette er noko nytt: oppkalling over kjønnsskiljet. Etter kvart er det fleire suffiks som blir tekne i bruk, og på 1800-talet er desse blant dei vanligaste:

-e/-a: Anton-e, Anton-a
-ine/-ina: Jens-ine, Jens-ina
-ette/-etta: Jon-ette, Jon-etta

Ved overgangen til 1900-talet blir det så teki i bruk andre suffiks i denne funksjonen, t.d. -y i Jensy og Sverry. Nå kjennes -ine litt gammaldags, og Jensy kjem i staden for Jensine. Denne moten med å kalle opp jenter etter menn kjem eigentlig frå katolske land, men der var denne skikken avgrensa til oppkalling etter mannlige helgenar, t.d. Stefana etter St. Stefan. I norden utvida ein så dette systemet slik at jenter også kunne bli oppkalla etter menn som ikkje var helgenar. Namn som Ingvarda og Arvida er døme på dette.

Namna på -ine var særlig populære i namn nummer 2, t.d. Anne Wilhelmine, og av dei som hadde eit dobbeltnamn i Nord-Noreg i perioden 1865–1900, var det heile 29 % som bar eit -ine-namn som det andre namnet. Namn som er resultat av oppkalling over kjønnsskiljet, har vori kalla moveringar, ein term som er lånt frå ordlagingslæra – jf. pianistinne som movering av pianist. på norsk burde vi kanskje ha ein betre term.

Mens det var ein utbreidd mote å kalle opp jenter over kjønnsskiljet, skjedde det motsette sjeldan – at gutar vart oppkalla etter kvinner, t.d. Irenius av Irene. Døme på menn med slike sjeldsynte fornamn er komponisten Catharinus Elling (f. 1858) og vår fyrste litteraturprofessor Cathrinus Dorotheus Olivius Bang (f. 1822). Det var i det heile mye gjævare å bli oppkalla etter ein mannlig enn etter ein kvinnelig slektning. I dag – med auka likestilling – vil ein kalle dette kjønnsdiskriminering.

Nordiske namn

Frå omtrent 1860 fekk vi ein ny namnemote, den nordiske namnerenessansen. Inspirert av nasjonalromantikken tok da nordmenn i bruk namn frå sagatida, t.d. Hjørdis, Dagny, Gudrun, Gunnar, Sigurd og Sverre. Slike namn fann foreldra i Snorre og annan sagalitteratur. Dette var gjerne namn som hadde legi i dvale i mange hundre år, og som nå vart gjenfødd (jf. termen namnerenessanse). Også denne namnemoten fekk fyrst innpass i overklassa, men i dei store byane var ein del av desse namna, t.d. Hjørdis og Dagny, mest brukt i lågare sosiale lag mot slutten av 1800-talet. Her kan vi observere ein «namnedynamikk» i klassesamfunnet på 1800-talet: Etter kvart som overklassa oppdaga at fornamna «deira» var tekne i bruk i lågare sosiale lag, måtte dei finne nye namn til barna sine for å markere sosial avstand. Namn var på den måten berarar av det den franske kultursosiologen pierre Bourdieu har kalla «symbolsk kapital».

Dei nordiske namna vart enda meir populære utover på 1900-talet. Eit av dei mest omtykte var Arne, og nærmare 4 % av gutane i kvart årskull i mellomkrigstida fekk dette namnet. Mens mange foreldre i siste halvdel av 1800-talet kunne vera inspirert av Bjørnsons nasjonalromantiske bondeforteljing «Arne» (1859), var det ikkje lenger nasjonalromantikken som låg bak når foreldre valde Arne og andre nordiske namn på barna sine i mellomkrigstida.

Av dei gutane som var fødd i perioden 1900–1904, var det litt over 30 % som fekk nordiske namn. Utover på 1900-talet gjekk det så sakte og sikkert oppover med dei nordiske namna til toppen vart nådd i 1950-åra. Da var det litt over 60 % av gutane som kunne pryde seg med eit nordisk namn. Deretter gjekk det nedoverbakke, og i perioden 2000–2004 var det berre 16 % av gutane som fekk slike namn. Like før hadde forresten den nedgåande kurva for dei nordiske mannsnamna kryssa den oppstigande kurva for dei bibelske mannsnamna.

Ein kunne kanskje ha venta at Lillehammer-OL i 1994 ville ha ført til eit oppsving for nordiske namn, men Sondre er det einaste dømet eg vil oppfatte som ein klar OL-effekt. OL-elden vart tent i Morgedal, fødestaden til den legendariske skiløparen Sondre Norheim, og på topplista for 1990-åra finn vi Sondre på ein 18. plass. Som kurva på nettsida til Statistisk sentralbyrå viser, fekk namnet ei bratt stigning i fyrste halvdel av 1990-åra. Også før OL i Oslo (1952) og Squaw Valley (1960) vart OL-elden tent i Morgedal, men da førte ikkje det til nokon auke for det lite brukte Sondre-namnet.

Bibelske og kyrkjelige namn

I 2006 er topplista for gutar prega av bibelske og kyrkjelige namn – med 10 namn blant dei 14 mest populære (her med rangnummer i parentes): Jonas (1), Mat(h)ias (2), Andreas (4), Elias (5), Kristian/Christian (6), Sebastian (7), Markus/Marcus (8), Tobias (10), Martin (11), Lukas (14).

Nokre av desse namna var så å seia ikkje brukt på 1800-talet. Såleis hadde berre tre menn helgen helgennamnet Sebastian i folketeljinga av 1900. Moten med bibelske mannsnamn begynte i 1970-åra da omtrent 5 % av gutane hadde eit slikt namn. Deretter har det gått gradvis oppover med desse namna, og av gutane som var fødd i perioden 2000–2005 har omtrent 20 % eit bibelsk namn. Korleis kan vi forklare denne namnemoten? kyrkjene er ikkje akkurat stappfulle under gudstenesta i dag, og det må vera andre grunnar enn religiøse til at desse namna har vorti så populære. Det er ikkje berre i Noreg, men også i mange andre land i Europa at dei bibelske mannsnamna toppar namnelistene i dag. Ei mulig forklaring på populariteten kan vera at ein del av desse namna fyrst vart populære i USA, særlig i det såkalla «bibelbeltet» i det søraustlige USA. Ettersom religionen speler ei viktig rolle i dette området, er det rimelig at det her er kristendommen som ligg til grunn for populariteten for dei bibelske namna. Europa har jo teki imot sterke kulturimpulsar frå USA (film, popmusikk osv.), og det er naturlig at vi også har vori mottakelige for namneimpulsar frå USA. Men når foreldre i Europa har gitt barna sine bibelske namn, har dei nok ikkje assosiert dei med Bibelen, men heller omtolka dei som internasjonale namn. Det er nok på den bakgrunnen vi kan forklare internasjonal stavemåte i nokre av desse namna, t.d. Marcus, Lucas, Sarah og Leah. Om norske foreldre hadde funni dei i Bibelen, ville dei nok ha skrivi dei slik dei er stava der: Markus, Lukas, Sara og Lea. Også Noah kan nemnas i denne samanhengen, men merkelig nok er det denne unorske stavemåten med h som er brukt i dei siste bibelomsetjingane. Forma Noa, som er brukt i tidligare bibelomsetjingar, høver best i norsk skriftspråk ettersom vi ikkje uttaler h i utlyd.

Engelske og franske namn

Engelske og franske namn har på ingen måte hatt så stor innverknad på namnemønsteret i Noreg på 1900-talet som dei nordiske og bibelske namna. Vi kan likevel peike på nokre periodar da desse namna har hatt eit oppsving, men her er det tale om tendensar, og eg finn dei ikkje sterke nok til at det t.d. er grunnlag for å rekne med ein spesifikk fransk namnemote på 1900-talet.

Dei fleste engelske kvinnenamna når toppen i perioden 1920–1924, t.d. Annie/ Anny, Edit, Evelyn, Lilly og Mary. For dei engelske mannsnamna kan vi rekne med tre bølgjer. Den fyrste kjem tidlig på 1900-talet – med namn som Arthur, Edvin og Henry – mens den andre gjør seg gjeldande i mellomkrigstida – med bl.a. Harry og Willy. Den sterkaste bølgja slår over oss mellom 1960 og 1985. Da ligg bl.a. desse namna på toppen av kurva si: Johnny, Ronny, Tommy, Frank, Glenn, Kenneth, Kent, Raymond, Robin, Roger, Roy, Richard og Tom.

Mens det er mannsnamna som dominerer blant dei engelske namna, kan vi registrere det motsette for dei franske namna. Her er det berre eitt mannsnamn, André, som er omtykt, mens kvinnenamna gjør meir av seg, t.d. Anette, Charlotte, Henriette, Jeanette og Louise. Desse kvinnenamna når toppen mellom 1980 og 2000.

Hilda og Hilde – «a-mote» og «e-mote»

Eg har tidligare i artikkelen peikt på at bl.a. ulike kulturimpulsar kan ligga til grunn for namnemotane, t.d. nasjonalromantikken som inspirasjon for den nordiske namnerenessansen. På tvers av slike kulturimpulsar kan det påvisas bestemte strukturelle motemønster. Slike strukturelle mønster er lettast å påvise for kvinnenamna, bl.a. for tostava namn med utlyd på -a og -e, t.d. Hilda og Hilde. Tidlig på 1900-talet har vi ein «a-mote» da namn som Hilda, Laura, Lina, Magda, Minda, Ragna og Olga er populære. Når vi så kjem lenger ut på 1900-talet, tek «e-moten» over, t.d. Grete, Tove og Wenche. Særlig vanlige blir dei frå omtrent midten av hundreåret, t.d. Bente, Hanne, Hege, Helle, Hilde, Jane, Janne, June, Lene, Line, Mette, Stine, Tone, Tonje, Trine og Trude. Innafor same strukturtype kan vi finne både utanlandske og nordiske namn, t.d. June, Grete, WencheTove, Hege, Tone. I siste halvdel av 1900-talet er det så duka for ei ny «a-bølgje», men da med heilt andre namn enn dei som dominerte tidlig på 1900-talet, t.d. Anja, Ina, Lena, Linda, Nina, Pia, Tanja og Tina. Og i topplista for 2006 endar alle dei sju vanligaste – bortsett frå Julie (nr. 4) – på -a: Thea, Emma, Sara, Ida, Hanna og Nora. Korte namn
Ein annan strukturtype som har vori populær på 1900-talet, er korte namn, nærmare bestemt einstava namn. Denne typen har særlig vori vanlig i mannsnamn, t.d. Fred, Jan, Kai, Kjell, Svein, Ulf, Dan, Glenn, Jim, Jo, Jørn, Ken, Kim, Pål, Stig, Tom og Trond. Dei fleste begynner å gjøra seg gjeldande i mellomkrigstida og når ein topp midt på 1900-talet. Også einstava kvinnenamn har blomstringstida si i denne perioden, t.d. Aud, Bjørg, Brit, Liss, Unn, Ann, Gro, Gry, Gunn og Siv. Desse namna har både nordisk og utanlandsk bakgrunn, t.d. Kjell, Svein, Ulf, Stig, TrondJan, Kai, Glenn, Jim, Ken. I dag derimot har denne strukturtypen gått av moten, og på topplista for 2006 må vi heilt ned på 38. plass før vi finn eit einstava namn – Mats. I sterk kontrast til dette står topplista for 1949 da åtte av dei ti vanligaste mannsnamna har éi staving: Jan, Per, Kjell, Geir, Svein, Knut, Tor, Odd og Hans.

Kva for namnemotar vil vi få i framtida? Eg finn det vanskelig å spå om det, men vil nemne at ein dansk namneforskar, Eva Villarsen Meldgaard, trur at det snart går mot ein ny renessanse for dei nordiske namna i Danmark.

 

-- Gulbrand Alhaug er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø. Han har mellom anna skrivi boka Fornamn i Noreg frå 1900 til 1975 – med vekt på endringar i namnemønsteret.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.06.2008 | Oppdatert:10.06.2015