Leiar: Er du «tverr»? Eller «fagleg»?

Dette nummeret har ein artikkel om historia til neger, finn og lapp. Ord som ein gong var sensitive (finn og lapp), er no ute or soga, eit ord som ein gong var uproblematisk i norsk (neger) har i dag vorte høgst problematisk. Dette er språkets vesen. Ved å sjå bort frå at det er nettopp slik det er, bidreg me berre til komplikasjonar.

Språkrådet har merka at debatten om nordmann og neger, som har gått sidan hausten 2006, har hatt følgjer for språkklimaet. Mange har vorte forvirra og usikre. Det har meldt seg dei som vil forby offentleg bruk av ord som døv, innvandrar, polakk, spanjol og ikkje-vestleg. Nokre har til og med hevda at tverrfagleg ikkje burde brukast fordi det er ein negativ eigenskap å vera tverr. Oftare enn før må Språkrådet seia frå om at det ikkje er grunn god nok til å stansa ordbruk at nokon påstår at ordet er diskriminerande. Ei slik tilnærming til språkbruk er for det første det motsette av toleranse, for det andre er det på kollisjonskurs med korleis eit ope språksamfunn skal utvikla seg.

I det litt oppheta ordklimaet me har no, har Språkrådet plikt til å gjera to ting samstundes: Språkrådet skal forklara så sakleg som mogeleg korleis folk bruker orda, og må streka under at verken Språkrådet eller andre personar eller grupper har rett til å bestemma (definera) kva ord i allmennspråket skal tyda. Ein må såleis godta at ord kan ha fleire bruksmåtar. Men – Språkrådet kan ikkje vera berre haldningslaust beskrivande. Språkrådet skal bidra til språkleg toleranse. Særleg i offentlege samanhengar pliktar ein å ta omsyn til kva den ein snakkar til eller om, meiner om den aktuelle ordbruken. Folkeskikk føreset at ein unngår å fornærma andre. Dermed blir det klokt å laga «veiledning i flerkulturelt språk» (Aftenposten) og «veiledning i inkluderende språk» (Arbeids- og inkluderingsdepartementet). Å ha debattar gåande om svartelisting av ord er derimot ikkje vårt samfunn verdig.

Det er usunn praksis å feia sensitiv språkbruk under teppet. Å omtala til dømes mørk hudfarge kan i visse samanhengar nettopp vera nødvendig for å kjempa mot diskriminering på grunn av hudfarge. Det ubehagelege sit ikkje i orda, men i hovudet. Difor er debatten om uønskte haldningar viktigare enn debatten om uønskte ord.

 

Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.06.2008 | Oppdatert:10.06.2015