P.A. Munch om språket

AV KJELL VENÅS

Peter Andreas Munch (1810–1863) var fødd i Kristiania, men voks opp i Gjerpen, der far hans, Edvard Munch, var sokneprest. Saman med Anton Martin Schweigaard (1808–1870) frå Kragerø vart han dimittert til Universitetet frå Skiens latinskole. Dei hadde vore skulelys der og lyste òg opp Universitetet og miljøet kring det. Dei studerte båe juss; Schweigaard vart juridisk kandidat i 1832,Munch i 1834. Etter studia arbeiddeMunchmed språkvitskap og grunnla norrøn filologi som forskingsfag i Noreg. I samtida interesserte han seg for tale- og skriftmålet i landet, talemålet på bygdene, folkekultur og kulturminne gøymde i målet. Sist vart han den store mellomalderhistorikaren. Schweigaard vart professor i lovkunne, statsøkonomi og statistikk. Både som stortingsmann og som økonomisk liberalist fekk han mykje å seia for samfunnsvoksteren på 1800- talet.

Synet sitt på språket gav Munch uttrykk for fleire gonger. Språket var viktig i den nyfødde, men gamle nasjonen Noreg, og Munch hadde sterke meiningar om det, endå dei nok skifte frå tid til tid. Eit utfall i ein artikkel i 1832, med han endå var student, skapte mest røre, og ettertida har jamt vendt attende til den. Den språklege praksisen og samfunnssynet til den framstormande diktaren Henrik Wergeland (1808–1845) gjorde mest til at Munch drog våpen. Han fekk svar frå den han utfordra, og dei polemiske skriftstykka deira sette skarpe liner om hovudsakene. Ein kan sjå dei som ei innleiing til mykje som følgde i ordskiftet om språket i Noreg. Som i 1830- åra drøfter vi enno tilhøvet mellom språk og samfunn.

«Norsk Sprogreformation»

Dette er tittelen på artikkelen Munch skreiv i 1832. Med språkreformasjon tenkte han på visse særdrag i skriftspråket åt nokre samfunnsdebattantar, særlegWergeland, og kva haldningar den språkbruken fortalde om. Stykket av Munch vart prenta i tidsskriftet Vidar. Det var eit nyskipa organ for Studenterforbundet, somåret før hadde brote ut frå Studentersamfundet, i opposisjon og motstand. I brodden for Forbundet stod «Klubben», der Munch, Schweigaard, Wergelands-kritikaren Johan Sebastian Welhaven (1807–1873) og ein meir anonym fjerdemann, Christian Langberg, sat. Bladnamnet Vidar bar i seg sjølv eit program. Det var teke frå gammalnorsk mytologi, der Viðarr, eigenleg ‘vedkrigaren’ – son åt Odin og etter Tor den sterkaste av æsene – braut opp gapet på den vonde Fenrisulven, som hadde slukt Odin.

Brotet med Danmark i 1814 var utgangspunktet forMunch. Noreg hadde vunne att gammal fridom då, og det var naturleg at vi hadde trong til å feste og slå ut håret når vi atter var eit fritt land. Midt oppe i det måtte vi likevel slå oss til tols med at vi ikkje hadde eit eige skriftspråk, for det delte vi med dei som rådde før 1814, danskane. Talemålet åt allmugen var dialektar, som bar bod om det gamle målet i landet. Etter 1814 hadde det vore strid om namnet på skriftspråket. Somme hevda at det var like mykje norsk som dansk, andre heldt på at vi ikkje skulle krangle om namnet, men gje oss med tap, for språket var mest dansk. Ei eiga gruppe hevda at om skriftspråket vårt vel var dansk, så var det råd å gjera det norsk, det var dei Munch kalla språkreformatorane. Fremst gjekk Henrik Wergeland.

Språk og nasjon

Språkreformatorane såg eit eige norsk språk som kjennemerke på at vi var ein nasjon. Munch meinte derimot at nasjonaliteten ikkje bygde på språket, men på «Indbyggernes Characteer og LandetsNatur». Talemålet vårt var særkjenne godt nok. Elles var det ikkje nokmed eit eige skriftspråk, det trongst nasjonalskrifter på språket. Den heimlege litteraturen og marknaden av folk som las, var så småe hjå oss at det kunne vera ein føremon å ha språkleg tilgang til den rike danske bokheimen og det som danskar formidla frå andre kulturar.

I denne samanhengen kom Munch inn på ein folkeflyttings- og busetjingsteori som han var talsmann for saman med opphavsmannen, historikaren Rudolf Keyser (1803–1864). Dei meinte at nordmennene hadde vandra inn nordfrå og drive andre stammer unna. Rett nok var dansk og norsk så like kvarandre at både Snorre sjølv og andre skrifter frå gammaltida brukte nemninga «dansk tunge» om språket i Norderlanda. Men i 1319 kom Noreg saman med Sverige, og med Kalmarunionen i 1397 byrja den ulukkelege tida då danskane styrte oss og norsk skriftspråk kom til nedfalls. Likevel var det i brevlitteraturen fram til 1600 far etter det gamle skriftspråket. Den endelege overgangen til dansk kom brått, men var lenge førebudd. Munch visste at det i talemålet åt allmugen endå var minningar av det gamle norske målet, jamvel om dei grammatiske særdraga var borte. Han meinte at folk var så vane med dansk at berre tvang kunne få dei til å godta eit anna skriftspråk.

Innvandringsteorien åt Keyser og Munch var rang. Det vart fullgildt prova etter at Munch var avliden. Også Ivar Aasen gav tilskot til å avkrefte han.

Reformatorane herja vilt

Reformatorane tok opp nye ord i skriftspråket for å gjera det norsk, men var usikre på innhaldet i dei nye orda, på den nasjonale verdien deira, og på korleis dei skulle brukast. Dei tok like gjerne opp svenske og tyske ord som norske. Munch gav døme: Etter tysk laga dei Verkmester og Gelender, Grop var eit svensk ord, Sjuh berre ein interjeksjon – eit taleutbrot. Andre ord dei brukte, kunne nok vera norske, men var kjende berre i eit eller anna område, som Kulp. Munch tok opp att Kulp like etter, då som lekk i ei rekkje ord som var kjende berre frå bruk i «de lavere Klasser», slik at inntrykket av dei var «saare ubehageligt» for den som las. Han hermde ordrekkja «at smyge, siige, skvette, Sjø, Sju, Raane, tyne, Kulp, flunkende» osv. I skrivemåte og bruk av slike til dels gammalnorske ord tykteMunch at reformatorane la for dagen «den groveste Uvidenhed og den latterligste Inkonseqvents ». Eit døme var at Wergeland hadde brukt Gard om både ein inngjerd plass og gjerdet kring plassen. Rett nok var gammalnorsk garðr brukt slik, men det vart gale når Wergeland brukte Gard i tydinga ‘gjerde’ og andre stader i den same teksta skreiv Gaard om ‘bondegard’, så det vart to ord av eitt. Som grammatisk ending i hokjønn brukte reformatorane «det platte, aldeles pøbelagtige a». Det var utoleleg å sjå skrivemåtar som Myra og Stunda i staden for dei rette formene Myren og Stunden. Brukte dei slike former med -a, skulle dei òg ha skrive Barna og ikkje Børnene, men dei skreiv det siste.

Verre enn det: Særleg Hr. Wergeland extravagerte i å laga nye ord – som Sprudslesly, Ordbladerasel, Tankeqvisteqvasl, Luepill. Her hadde Munch anten skrive gale av eller sleppt frå seg tre trykkfeil, for hjå Wergeland stod det Sprudslesky, Ordbladerasl og Luespill. Munch synte vidare atWergeland braut med rett syntaks, som i dømet «hvis loe du» (istf. hvis du loe). Han poengterte at å byte ord ikkje rørte ved kjernen i språket, for den var dansk, og det var vel betre å skrive rein enn utskjemd dansk, som likevel aldri kunne bli norsk. Ordlikskap avgjorde aldri kva språk som høyrde saman, språkforma vart avgjord av grammatikken. Der hadde Munch eit godt poeng, henta frå grammatikarar ute i Europa.

Munch skreiv ikkje fint og høvisk. Han karakteriserte motmennene med nedsetjande ord og kalla såleis dei som hadde endinga -a i talemålet sitt, for «den laveste Pøbel i de mere fordærvede Egne». Meir kunne nemnast av same slag.

Ei anna løysing

Eit eige punkt kom til slutt i «Norsk Sprogreformation». Betre enn eit slikt falsk-patriotisk strev hadde det vore om reformatorane heidra førtidsminna våre ved å spreie kunnskap omden tida, om gammalnorsk og gammalnorske skrifter. Det arbeidet kunne kanskje følgjast opp med å byggje eit eige nytt skriftspråk på éin god dialekt og gammalnorsk. I staden for «skjændigen at forhuttle og sammenjaske vore Dialekter i vild Uorden», kunne dei med hjelp av ein fast skrivemåte også setja opp eit talemål for heile landet. Dei som ville, kunne bruke eit nytt skriftspråk ved sida av det etablerte, sameleis som mange franskmenn skreiv provençalsk og sveitsarar alemannisk-sveitsisk. I eit slikt språk ville kvart element svara til andre element av same slag. Å reise det ville vera eit nasjonalt føretak, noko langt anna enn det Munch til slutt karakteriserte som «hiin fortvivlede Stræben uden fastMaal og sikker Plan». Han signerte stykket med merket «–h».

Denne siste – positive – tanken om eit nytt norsk skriftspråk bygt på éin dialekt og gammalnorsk har gjeve ettertida ein særskild grunn til å minnast artikkelen hans. Moltke Moe (1859– 1913) såg Munch som ein førelaupar for Ivar Aasen og ville gje han tilnamnet «maaltankens fader». D.A. Seip og Halvdan Koht la imot det og meinte at Jonas Anton Hielm (1782–1848) og Henrik Wergeland var rettare fedrar; dei såg ein tydeleg skilnadmellommåltankane til Munch og Aasen. Aasen ville byggje eit nytt skriftmål på alle dialektane og la mindre vekt på gammalnorsk; for han var gammalnorsk ein appellinstans, ei hjelp til å velja mellom former i samtidsmålet.

Munch om språk i 1840-åra

I 1845 varMunch oppteken av å skrive folkemålet på ein betre måte. Han hadde ein annan bakgrunn då. I 1840 gav Jørgen Moe ut ei samling av songar og viser på målføre, og Ivar Aasen arbeidde vitskapleg med dialektane. Munch stod ikkje lenger på at skrivemåten skulle byggje på éin dialekt. Han ville i staden dra ut det sams norske av dialektane, men leggje skrivemåten nær gammalnorsk,mellomanna ved å bruke teiknet ð, som i stað.

Då Ivar Aasen kom til Kristiania i 1847, rådførte han seg med Munch, og Munch skreiv oppglødde meldingar av Det norske Folkesprogs Grammatik, som Aasen gav ut i 1848, og Ordbog over det norske Folkesprog i 1850. Munch tykte at båe bøkene var nasjonalverk, som heile folket skulle glede seg over, og som var til stor heider for Aasen. Han hadde òg råd å gje, særleg om å leggje språkforma nærare gammalnorsk. Kor mykje Aasen følgde råda, har det vore ulikemeiningar om. I 1850-åra la Aasen skrivemåten for landsmålet (nynorsk) noko nærare gammalnorsk, og det har somme tolka sompåverknad fråMunch. Achille Burgun skreiv likevel at for Munch var det norske målet prinsipielt gammalnorsk, for Aasen var norsk eit levande mål. Gustav Indrebø tykte at normeringa åt Munch gjekk i rett lei, og han meinte at det var sjølve oppgåva å skapa eit samsmål formange dialektar som fekk Aasen til å normere slik han gjorde.

I 1836 hadde Aasen sett opp sitt språkprogram, noko annleis ennMunch i 1832. I 1845 heldt han fast ved hovuddraga i programmet. Munch på si side skreiv i 1840-åra lærebøker i gammalnorsk og i nordiske språk, han varmålsmann for norsk skrivemåte av namn: både personnamn, mytologiske namn og stadnamn, og i meldinga av Aasens grammatikk trudde han endå det var råd å lyfte folkemålet opp til skriftspråk. Seinare hjelpte han Asbjørnsen ogMoe med språket i eventyrsamlingane dei arbeidde med.

Munch om språk i 1850-åra

I 1852–1854 førte Munch språkstrid mot ein ny mann, fornorskaren overlærar Knud Knudsen (1812–1895), men også i polemikkenmot han komMunch attende til spørsmålet om eit norsk skriftspråk bygt på dialektane og gammalnorsk. I 1853 såg han ein vanske i å ta folkemålet i bruk som skriftspråk: Nasjonalmålet vårt hadde ikkje faste reglar og høvde ikkje til vitskapleg bruk. I 1854 gjekk han imot Knudsens tanke om eit heilnasjonalt fornorska dansk-norsk med same motlegg som han året før hadde brukt mot tanken om å byggje på gammalnorsk. Språkstrev som gjekk imot «Kulturens og Civilisationens Udviklingsgang», var dømt til å mislukkast. Med nasjonalmålet vårt kom vi til ein eldre kulturtilstand og laut gå ned til det steget der allmugen i dei mest avsidesliggjande bygdene stod. Språket som Knudsen arbeidde for, ville sjukne bort mellom mahognimøblar, i tapetserte rom med velfylte bokhyller, med innan- og utanlandske aviser, i larmen av dampskip, jernbaner og fabrikkar. Det høvde til bjelkeveggen, peisen og røykstova. Allmugemannen sjølv ville heller at vi skulle lyfte han til oss enn at vi skulle stige ned til han. Vi ser at aristokraten Peter Andreas Munch hadde vunne over sitt gamle ego, mannen som hyste tankar om eit norsk språk bygt på målføre og gammalnorsk.Med det gjekk han ut av målsoga og vart historikar på heiltid.

 

-- Kjell Venås har vore professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han har skrive bøker og artiklar om målføre, stadnamn, sosiolingvistikk og faglege biografiar om nynorske språkfolk og målbyggjarar.

Artikkelen byggjer mest på Trygve Knudsen: P.A. Munch og samtidens norske sprogstrev (Kristiania 1923) og Achille Burgun: Le developpement linguistique en Norvège depuis 1814 (Kristiania 1919 og 1921). Andre kjelder er Gustav Indrebø: Norsk Målsoga (Bergen 2001), P.A. Munch: Samlede Afhandlinger, band 1 (Kristiania 1872), HenrikWergeland: Samlede Skrifter, band VII (Kristiania 1852) og Ivar Aasen: Skrifter i samling, band III (3. utgåve, Oslo 1996).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.09.2014 | Oppdatert:11.06.2015