Har universiteta eit språkansvar?

På Språkdagen 2007 blei det på nytt slått fast, m.a. gjennom Vera Swachs undersøking av språket i mastergradsavhandlingar ved norske universitet, at bruken av engelsk i akademia framleis er aukande. Swach er forskar ved NIFU STEP og har gjennom fleire år vore opptatt av å kartleggje utviklinga kvantitativt. I 2004 konkluderte ho på denne måten om språket i norske vitskaplege publikasjonar:

Best dokumentert er den formaliserte, fagfelle vurderte publikasjonen. Vitenskapens lingua franca er engelsk, andre fremmede språk brukes sjelden. Flesteparten av de norskspråklige publikasjonene tilhører bestemte faggrupper av humaniora som norsk og historie. I deler av samfunnsvitenskapene synes norsk å brytes mot engelsk. Det synes å være tilfelle med statsvitenskap, mens pedagogikk fremdeles opererer på en enspråklig norsk arena.

8 av 10 vitenskapelige artikler skrevet av norske forskere utkommer på engelsk og 1 av 3 bøker skrevet av norske forskere utkommer på engelsk, utenforNorge. Den vitenskapelige artikkelen på engelsk i et internasjonalt tidsskrift fremstår som den dominerende publiseringsformen, fagsamfunnet sett under ett. Språkfordelinga i doktoravhandlinger følgeret mønster kjent fra vitenskapelig publisering i fagområdene. Av 10 avhandlinger vil 7–8 være skrevet på engelsk og 2–3 på norsk. Tegn tyderpå at andelen av engelsk er stabil eller svakt økende. En indikasjon på det er at rundt 80 prosent av universitets- og høyskoleansatte publiserte minst ett bidrag på fremmede språk i 2002 mot 65 prosent i 1979. (Swach, V. 2004. Norsk vitenskap – på språklig bortebane? NIFU skriftserie9)

I eit anna arbeid i 2004 formulerer ho seg slik: «Hvis man innskrenker studier av forskningens språk til den fagfellevurderte vitenskapelige publikasjonen og doktoravhandlinger, ville konklusjonen vært at norsk har lidd et domenetap i vitenskapen.» (Schwach,V.: Norsk vitenskap på engelsk? Presentasjonav en undersøkelse 2. I D.F. Simonsen (red.): Språk i kunnskapssamfunnet. Engelsk – elitenes nye latin?)

Til jamføring seier B.L. Gunnarsson dette om forholda i Sverige: «Det är inte en överdrift att påstå att vetenskapligt språk på svenska håller på att försvinna innom många discipliner och att det är engelskan som där tagit över.» (Gunnarsson, B.L.: Angloamerikansk påverkan på språket – ett hot eller en naturlig förändring? I G.Alhaug et al (red.): Mot rikare mål å trå. Festskrift til Tove Bull. 2005) Det er verdt å merke seg at Gunnarsson også byggjer på data om munnleg språkbruk, særleg frå seminar på doktorgradsnivå.

Mastergradsavhandlingar var altså temaet for Swachs innlegg på Språkdagen. Der har utviklinga kanskje ikkje vore så dramatisk. Engelskfrekvensen er rimelegvis høgare for doktoravhandlingar og ikkje minst for artiklar skrivne av etablerte forskarar.

Språkpolitiske retningslinjer

Den generelle språkutviklinga ved dei høgare utdanningsinstitusjonane våre med stadig meir bruk av engelsk har etter kvart fått Universitets- og høgskolerådet og fleire enkeltinstitusjonar til å utarbeide språkreglar som både skal ivareta internasjonaliseringa (les: angloamerikaniseringa) og ansvaret for norsk som akademisk språk. Mellom anna vedtok styret ved Universitetet i Tromsø nokså kortfatta, men etter mitt syn svært gode språkpolitiske retningslinjer førre året. Her heiter det m.a. at undervisningsspråket normalt skal vere norsk, at samisk og norsk er likestilte offisielle språk ved Universitetet i Tromsø, og at engelsk eller andre språk kan brukast når det er fagleg føremålstenleg eller nødvendig. Dette blir nærmare presisert i særskilde avsnitt som gjeld undervisning, forsking, formidling og samfunnskontakt, og administrasjon og informasjon.

Parallellspråklegheit

I det relativt omfangsrike framlegget til språkpolitikk frå Universitets- og høgskolerådet, som kom i 2006, blir parallellspråklegheit nemnt som eit sentralt og overordna prinsipp for den språkpolitiske strategien. Parallellspråklegheit er derimot ikkje nemnt i dei mykje kortare retningslinjene somgjeld ved Universitetet i Tromsø. Det er likevel klart at felles for alle dei retningslinjene som finst, er ideelle førestellingar om at norsk og engelsk, og gjerne andre språk, skal brukast parallelt. Vi må gå ut frå at ein legg vekt på at norsk skal bevarast som vitskapleg språk, i alle eller dei fleste disiplinar, jamvel om det ikkje alltid blir eksplisitt sagt. Samstundes skal ein jo kommunisere med det store, internasjonale forskingssamfunnet, og da må ein bruke engelsk.

Så spørst det da om den viljen til parallellspråklegheit som blir uttrykt i desse språkpolitiske retningslinene, er tilstrekkeleg. Det første spørsmålet det er rimeleg å stille, er om retningslinene hittil har gjort noko frå eller til. Har det skjedd noka form for endring etter at dei blei vedtekne? Så langt eg kan sjå, er det lite som tyder på det. Trass i eksplisitte retningsliner og festtaleretorikk om verdien av norsk språk synest utviklinga gå sin skeive gang. Engelsken breier seg på kostnad av norsk, og etter som tida går, er akademia stadig meir truga av domenetap. Dersom det er rett at dei retningslinene som er fastsette, ikkje blir etterlevde, er forklaringa truleg å finne i (u)medvetne holdningar, gamle (u)vanar og interesseløyse.Vi kan gjerne hevde at universiteta våre er kulturinstitusjonar med eit klart ansvar også for norsk språk og kultur, og at vitskapleg tilsette i alle fag har ansvar for at norsk terminologi og norsk fagspråk blir vidareutvikla i eige fag. Det hjelper likevel lite kva som står i språkpolitiske innstillingar, dersom ein professor i t.d. ikt slett ikkje ser poenget, eller aldri har tenkt ein tanke om at han eller ho også har eit ansvar for norsk terminologiutvikling.

I mange fag er språket i doktoravhandlingar eller andre vitskaplege publikasjonar eit ikkje-spørsmål, det er heilt sjølvsagt at det må vere engelsk. Om ein underviser på norsk, vil alt undervisningsmateriell likevel kunne vere på engelsk, og da vil den «norske» terminologien ein bruker, lett bli heil eller halvengelsk. Dersom spørsmål om språk og språkval er spørsmål ein aldri diskuterer, aldri tenker på, ja, da seier det seg sjølv at det språkinteresserte kollegaer på t.d. eit humanistisk fakultet finn på å meine om språkval i t.d. naturvitskaplege fag, er heilt irrelevant. Og det betyr vidare at studentane i desse faga blir sosialiserte inn i ein medvettslaus språkkultur der det er heilt utenkeleg at ei doktoravhandling skal kunne skrivast på norsk.

Holdningsendringar må til

Kva bør gjerast dersom det ikkje nyttar å lage interne retningslinjer? Det enkle svaret er sjølvsagt at holdningsendringar må til. Spørsmålet om korleis det skal kunne skje, har derimot ikkje noko enkelt svar. Dei holdningane som dominerer i eit bestemt fagmiljø ved universiteta, reflekterer gjerne generelle holdningar i samfunnet. Lågt medvett om kva val av språk faktisk kan innebere, og liten innsikt i kva morsmålet har å seie for kognitiv og intellektuell utvikling, kombinert med ei form for beundring av alt engelskspråkleg, er truleg like karakteristisk for akademia som forsamfunnet som heilskap. Det er derfor ikkje så lett å peike på kva boteråd ein bør ty til. Noko er likevel lettare å sjå enn anna. Det enklaste ein kan gjere, er å rette opp gammal urett. I Universitetsoghøgskolelova av 1995 var det ein paragraf der det stod at undervisningsspråket til vanleg er norsk. Den paragrafen blei fjerna da lova blei revidert, og nokon tilsvarande paragraf blei heller ikkje skriven inn i den nye lova av 2005. Det er inga usemje om at det bør finnast somme engelskspråklege undervisningsprogram på universiteta, men det treng da ikkje innebere at norsk ikkje normalt skal vere undervisningsspråk. Å fjerne denne paragrafen i 1995 var ei sterk symbolhandling; det gav tydelege signal om bestemte holdningar til norsk, og indirekte til engelsk. Å gjeninnføre den same paragrafen vil vere ei enda tydelegare symbolhandling. Kunnskapsdepartementet kan godt ta initiativ til at det blir gjort. Det går vidare an å stille strengare språklege krav, også til den engelsken som blir brukt i undervisning og i vitskaplege publikasjonar. Universitetet i København har etablert eit språksenter som skal ha ansvar for at den språklege kvaliteten er akseptabel, både i dansk og engelsk. Kanskje er det noko også norske universitet kan gjere.

Ein annan språkpolitikk

Det som er sagt til no, kan gje inntrykk av at vi lar oss bli skylt over av engelsk motstandslaust og apatisk. Men slik er det sjølvsagt ikkje overalt. Og vi treng ikkje gå særleg langt for å finne institusjonar som både ønskjer og er i stand til å praktisere ei heilt anna form for språkpolitikk. I Noreg har vi den einaste urfolkinstitusjonen i verda som har eit urfolkspråk som undervisningsspråk og administrativt språk, nemleg Sámi allaskuvla (Samisk høgskole) i Guovdageaidnu (Kautokeino). Dei har som uttalt mål å utvikle samisk som vitskapleg språk i alle fag. Det tar dei alvorleg. Og alle gjer det. Det er full semje om språkpolitikken. Dersom ein antydar noko om at dei har ei lita lesargruppe, og at dei må vel òg av og til publisere på engelsk, får ein ei forelesing om det språk- og kulturpolitiske ansvaret institusjonen har i høve til det samiske samfunnet. Dei tilsette ved Sámi allaskuvla er såleis med på å erobre nye språkdomene for samisk språk. Domenevinst, i motsetnad til domenetap, er ein politikk som har vist seg å vere heilt realistisk ved ein knøttliten høgare utdanningsinstitusjon inne på Finnmarksvidda. Spørsmålet om kvifor domenebevaring er så vanskeleg på norske søsterinstitusjonar, treng verkeleg nærmare analyse.

Referansar

Framlegg til ein språkpolitikk for universitet og høgskolar i Noreg (2006) www.uhr.no/aktuelt_fra_uhr/nasjonal_sprakpolitikk_for_universitets_og_hogskolesektoren Språkpolitiske retningslinjer ved Universitetet i Tromsø http://uit.no/forsknavd/fa/7

 

-- Tove Bull er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø.

Artikkelen i dette bladet byggjer på debattinnlegget hennar på Språkdagen 2007, som Språkrådet skipa til 15. november 2007.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter