Småstoff


Språkdagen 2007– norsk under press

Språkrådet inviterer til Språkdagen 2007 torsdag 15. november.

I Språkrådets utredning «Norsk i hundre!» fra 2005 er forskning og høyere utdanning og deler av næringslivet utpekt som områder der norsk språk er under så sterkt press at det ikke er selvsagt at norsk vil være i bruk på disse feltene i framtiden. Språkrådet har derfor valgt å gjøre språket i disse viktige samfunnssektorene til hovedtema for Språkdagen 2007.

Blant innledere og paneldeltakere på konferansen er prorektor Haakon Benestad, Universitetet i Oslo, professor Tove Bull, Universitetet i Tromsø, rektor Torunn Lauvdal, Universitetet i Agder, og professor Brit Mæhlum, NTNU. Fra næringslivet blir det innlegg ved administrerende direktør Finn Bergesen, NHO. Det blir presentert en meningsmåling om språket i næringslivet, og toneangivende personer fra Norden drøfter et nordisk perspektiv på globalisering og språkpolitikk i våre land.

Språkrådet tar sikte på å gjøre Språkdagen til en årviss foreteelse. Temaene vil skifte fra år til år.

Revisjon av nynorskrettskrivinga

Under føresetnad av at Kultur- og kyrkjedepartementet godkjenner vedtaket, vedtok styret i Språkrådet 13. september å setja i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram nynorsknorm utan sideformer. Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Vedtaket har denne ordlyden:

«Under føresetnad av godkjenning frå KKD gjer styret slikt vedtak:

  1. På grunnlag av utgreiinga om nynorsknorm i 2003 set styret i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ønskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innafor ei norm.
  2. Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid.
  3. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma.
  4. Fagrådet for normering og språkobservasjon, saman med sekretariatet, får i oppdrag å planleggja og å følgja opp prosessen, innafor dei retningslinjene som styret gjev. Fagrådet gjer framlegg om samansetjinga av den gruppa som skal stå for sjølve arbeidet. I denne gruppa kan det vera personar frå fagrådet, og det bør vera med ein nynorskrådgjevar frå sekretariatet. I gruppa skal det dessutan vera representantar frå målrørsla, forvaltninga, utdanningssektoren, forlagsbransjen og medieområdet. Fagrådet foreslår òg sekretær for gruppa.
  5. Styret ber om forslag til arbeidsplan og framlegg om prosjektgruppe innan 15. desember i år.
  6. Styret tek sikte på å gje endeleg tilråding våren 2009.»

Pris til Nynorskordboka

Redaktørane for Nynorskordboka, Dagfinn Worren, Anne Engø og Marit Hovdenak, fekk torsdag 27. september Ordbokprisen 2007. Prisen blir delt ut av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Første utgåva av Nynorskordboka kom ut på Det Norske Samlaget i 1986; siste utgåva er frå 2006. Boka har over 90 000 oppslagsord og er utarbeidd av Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo, i samarbeid med Språkrådet. Nynorskordboka ligg også på Internett. Ein kan søkje i ordboka mellom anna frå nettsidene til Språkrådet. Adressa er: http://www.sprakrad.no/Ordboeker/ Soek/

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter