Hollandsk språk og kultur til Agder

AV MARTIN SKJEKKELAND

Me kjenner alle det sterke handelssambandet mellom dei nordtyske hansabyane og byar i Skandinavia frå midt på 1300-talet og framover. Norsk (og skandinavisk) tok etter kvart opp mykje språkstoff frå nedertysk. Det er særleg i ordforrådet me ser den nedertyske påverknaden på dei skandinaviske språka. Det er store mengder nedertyske lånord, t.d. arbeid, å bli, bukse, bukt, fin, flink, frukt, frykt, gå, mektig, nytte, håpa, klokke, koka, lukt, måte, plaga, prata, snakka, skrika, skriva. I tillegg til ord av dette slaget tok me mot mange ordlagingselement (affiks) frå nedertysk. Døme på ord med prefiks er: angrep, anlegg, bedageleg, bedrag, bedømma, befala, erstatning, erfaring osb., og med suffiks: fruktbar, låsbar, betingelse, besvarelse, elendighet, sikkerhet osb.

Mellom Ytre Agder og Holland

Frå midt på 1500-talet blei hollendarane, frisarane, engelskmennene og skottane viktige handelspartnarar på Agder, og slik var det i meir enn to hundre år framover. Trafikken mellom folk på Agder og dei utanlandske kjøpmennene var ganske enorm. Vest på Agder var det samkvæmet med hollendarane som blei særleg viktig. Dei kom for å kjøpa trelast og tømmer. Særleg var den sørlandske eika ettertrakta som verdfullt byggjemateriale for hus og for skip til den store hollandske flåten. Men hollendarane kjøpte òg ferdigbygde båtar. I tillegg kjøpte dei huder, skinn, mose til farging, smør, talg, ull og fisk.

Dei hollandske skipa hadde også med seg varer som nordmennene kjøpte eller bytte til seg. I særleg grad var det matvarer: korn, salt, sild, ost og krydder. Fleire nytteprodukt, som kork og jernvarer, hadde sjøfararane òg med seg til Agderkysten, seinare òg murstein og teglstein. Av meir luksusprega ting var leirkrukker, steintøy og all slags fajanse, vidare sølv, tekstilar av ulike slag og farge, gjerne raude tøystoff og blå hattar. Hollandske møblar, m.a. fine skatoll og kister, var også populære.

Svært mange unge menn frå Agder tok seg hyre på hollandske skip, der hyrene jamt over var mykje høgare enn på dei norske. Jenter frå Sørlandet fekk seg arbeid som tenestejenter og hushjelper i Holland. Arkivmateriale i Amsterdam fortel at emigrasjonen frå Vest-Agder, eller Lister og Mandals amt, som det heitte den gongen, var heilt spesiell. Dei fleste migrantane til Holland kom derfrå.

Arnvid Lillehammer har skrive om samhandelen mellom Agder og Holland, og noko av det mest interessante hjå han er drøftinga av kva form kontakten mellom kjøpar og seljar hadde. Han meiner at det oppstod nær kontakt mellom oppkjøpar og seljar, mellom hollandske, skotske og danske skipperar og norske bønder. Ein slik direktekontakt er viktig å ha i minne når ein skal forklara den språklege påverknaden frå hollendarane. Samkvæmet mellom Holland og Agder heldt fram til ca. 1770.

Hollandsk språk til Noreg

Det nære sambandet mellom egdene og hollendarane frå midt på 1500-talet og framover sette spor etter seg i språket på Agder, slik også det nedertyske hansaspråket påviseleg gjorde det. Eg meiner at hopehavet mellom Sørlandet og Holland har vore med på å halda fast på dei tidlegare lånorda frå hansatida. Det er elles ofte vanskeleg å avgjera om eit ord kjem frå nedertysk eller frå hollandsk, av di desse språka var så like.

Lånord kjem inn i talemålet

Mykje av Agder høyrer til det sørlandske dialektområdet som har «blaude konsonantar», dvs. overgang frå p, t, k til b, d, g i stilling etter vokal, jf. døme som: ei piba, å eda (eta), å baga osb.

Ein del ord skil seg likevel ut ved ikkje å ha «blaude konsonantar»; dei har halde på p, t, k der me skulle ha venta overgang til b, d, g. Nokre av desse orda kan berre forklarast som lån frå nedertysk eller hollandsk. Orda må vera innlånte etter at den sørlandske prosessen med overgang til «blaude konsonantar» var avslutta. Døme på dette er: eit prat, å prata (frå nedertysk), å pruta (frå nederty.), ei fauta 'ei fuge', ikkje i fautan 'ikkje i form' (frå nederty.), ein døyt (frå hollandsk), kaut adj. 'kry' (tyder 'triveleg' på holl.), ein kaper (frå holl.) (væpna privatfarty), staut adj. (frå holl.), ei skøyta (frå holl.), ein sprøyt, å sprøyta (frå holl.).

Andre ord frå hollandsk

Nederlendaren Bram de Boer nemner i Språklig samling 2/2002 desse orda i norsk: akterut (holl. achteruit, achteruitrijden 'bakoverkøyre', baugspryd (holl. boegspriet; spriet = stake), spant ('innvendig ribbe i båt'), vant (holl. want = tauverk), bramseil (holl. bramzeil), malstrøm (holl. maalstroom, holl, malen svarer til norsk mala = knuse); klinker (holl., murstein som kling når han blir delt i to), papp (holl. pap 'graut'. Papp blir laga av grautaktig papirmasse). De Boer nemner også fartøy, kahytt, hyre, vindås og kyst. Her under følgjer eit utval av andre ord, som i Nynorskordboka er oppførte med hollandsk som opphav. Ein del av orda er omlaga i form og tyding. Nokre av orda har opphav i fjernare språk, men har kome til oss gjennom hollandsk:

appelsin (eig. flamsk appelsien, hollandsk i dag: sinaasappel), å balera 'trampa', 'ståka', bambus (eig. frå malayisk bambu), bas, bederva, bengel, bestefar og bestemor (hollandsk i dag grootvader og grootmoeder), bestikk, bever, å brasa, bus, børs, drill, døyt, edamer, eddik, filibuster (ei spansk-portugisisk omlaging av holl. vrijbuiter, 'fribyttar'), forsuffa 'forfjamsa', å fortona (seg), frakt, gauda (etter bynamnet Gouda), gut, å heisa, kalkun, kaut, å knabba, komfyr, kvakksalvar, kvalross, å kvesta, lubben (holl. lobbig 'romsleg'), lurendreier, løyert, å mangla, å mankera, nikkers (frå  «knickerbockers», amerikansk nemn­ing på nederlendarane i USA på 1600-talet, eig. eit hollandsk familienamn Knikkebakker), nøkkelost (etter nøklane i Leidens byvåpen, prenta på osten), palme, passiar (eig. malayisk bicara, holl. pitsjaren), å pelma, platting, å rappa, singel (småstein), sjaber, sjenever, å skaffa, å skeisa, å skofta, å skolera, skøyar, å skøya, slitasje, å sprøyta, å spyla, stillas, å svaia, tralt, vaterpass og vatt.

Sjømannsord og sjømannsuttrykk

Unge egder lærte i stor grad det «moderne» sjømannsyrket av hollendarane. Difor er det ikkje merkeleg at mange av dei orda våre som er knytte til sjømannslivet, har opphavet sitt i hollandsk. Eg har alt nemnt ein del slike ord. Her er fleire:

anker, bakk, bedding, bramrigg, bris, å buksera, båtsmann, certeparti, cruise, dekk, dis, dokk, dregg, dørk, fallreip, farty, farvatn, fokk, å forhala, forlis, å forlisa, å fortøya, frakt, harpun, å heisa, ein hyling (ugreie på fiskegarn), jagar, jakt, å jibba, kai, å kantra, kaper, kjetting, å kjølhala, klyver (trekanta stagsegl), korvett, kryssar, kuling, køy, laber, lekkasje, å lensa, matros, orkan, orlog, å overhala, passat, å peila, å praia, reiar, reling, ropert, ruff, sjau, å skalka, skøyte, å slingra, slupp, spant, å spleisa, stropp, å svaia, talje, tokt, trinse, utkikk, vasspegel, vaterbord (planke ytst i skipsdekket), vimpel, vrak og yacht.

Ord som sørlendingane kjenner

I samtalar med egder om språk og kultur har det ofte kome opp ord som informanten meiner har opphav i Holland. Det gjeld ord som allgodt adjektiv 'sikkert', ankerasje substantiv 'ankerplass', beje v. 'gje opp' («vil du beje?»), bekomst subst. 'det ein fortener', bomse subst. 'stor kvinne' (i hollandsk òg nemning for ein bestemt båttype), dandera v. 'stella til, pynta', flensje subst. 'isflak' (i hollandsk: lita kake av pannekakerøre), nå forbaser det 'går det for langt', hautenhaler subst. 'energisk person, våghals', holk subst. 'dårleg båt', kapseisa v. 'kantra', lappsalva v. 'setja inn tauverk med tjøre’, maskepi subst.'intrige', pøs subst. 'bøtte', remedie subst. 'saker og ting' (frå latin, gjennom hollandsk), spons subst. 'propp til ei tønne', søsterkake subst. (hollandsk kaketype).

Faste uttrykk

Mange faste uttrykk i norsk har kome frå nedertysk og hollandsk. Døme er:

akta og æra (nederty. achten, eren), gå over styr (holl. overstuur gaan), stikka i brann (holl. in brand steken), spott og spe (nederty. spott un spee), rubb og stubb (nederty. rump un stump), ditt og datt (nederty. dit un dat), hulter te bulter (nederty. huller de buller), reie pengar (nederty. rêden penningen), på lykke og fromme (nederty. vrômen), til punkt og prikke (nederty. tô pricke), pikk og pakk (nederty. pak), basta og binda (nederty. basten), velja og vraka (nederty. wraken), koma i beknip (nederty. in beknip komen), koma i stand (holl. tot stand komen), ta til ekte (nederty. tô êchte nemen).

Konstruksjonen han sin og henna sin

Eit svært sentralt grammatisk fenomen i dialektane på Agder er å uttrykka genitiv med refleksivt eigedomspronomen. Det gjeld typen: æ dæ Kari sin kjole?; dæ æ hans sin båt; dæ æ henna sin katt osb. Det er semje mellom språkforskarane om at denne konstruksjonen har opphav i nedertysk og hollandsk.

Det geografiske kjerneområdet for sin-kontruksjonen på Agder fell saman med det området der samkvæmet med hollendarane var særleg sterkt på 1500- og 1600-talet.

Dette underbyggjer min teori om at hollendarane ikkje berre bidrog med sine eigne ord og uttrykk til dialektane, men at dei også styrkte den eldre nedertyske språkpåverknaden frå hansatida i dei områda der dei etablerte seg med handel.

Namneskikk frå Holland

Me merkar at det frå 1600-talet og utover kjem inn ein del hollandske og tyske personnamn i egdemåla. Tidleg på 1600-talet heitte dei fleste mennene her Anders, Ola, Arne, Halvor, Ånun, Torgeir, Jon, Tobias, Tallak osb. På 1600- og 1700-talet kjem det inn namn som Arnt, Adrian, Bertel, Bernt, Cornelius, Claus, Didrik, Evert, Hans, Hermann, Jan, Laurits, Reinert, Vollert, Villum, Valter, Verner, Teis mfl. Kvinnenamna endrar seg også: Anna, Sigrid, Guri, Ingrid og Åse får nå konkurrentar i namn som Alida, Amalie, Berte, Bertine, Alette, Emma, Gesine, Gunda, Henrikke, Hansine, Juliane, Jørgine, Katrine, Susanne mfl.

Nordmenn på folkemunne

I hollandsk har det vore ein del uttrykk der den norske måten å vera på blir trekt fram for å karakterisera ein person. Sølvi Sogner (1996:194) nemner ein del slike: Hij kijkt als een bok uit Noorwegen ('han glaner som ein geitebukk frå Noreg'), De duivel voere hem naar Noorwegen ('måtte djevelen ta han med til Noreg'), Hij slacht de Noorman: hij kan niet beloven en houden (eldre språk, 'han slektar på nordmannen, han kan ikkje halda ein lovnad'; nemninga Noorman blir i dag bare bruka om vikingane, moderne nordmenn heiter Noren, eintal Noor), Dat is een zoet lief beestje, zei Pieter de Noorman, en hij zag een platluis ('det var eit søtt lite dyr, sa nordmannen då han såg ei flatlus'), Hij bromt als een Noorse beer ('han brummar som ein norsk bjørn'), Men zou eerder met een lekke schuit naar Noorwegen varen ('eg ville heller segla til Noreg med ei lekk skute').

Dersom ein skal ta desse uttrykka på alvor, stod ikkje nordmennene så høgt i kurs hjå hollendarane. Men uttrykka fortel i alle fall om nær kontakt mellom dei to landa.

Litteratur

  • Lillehammer, Arnvid 2001: Skottar og hollendarar på Agder- og Rogalandskysten. I: Andersen, Kåre A. mfl. 2001. Flekkefjord: Flekkefjord Museum. 4–24.
  • Naumann, Hans-Petter 2000: Lågtysk fraseologitransfer: Strukturer og modeller. I: Jahr, E.H. (red.) 2000. 95–110.
  • Sogner, Sølvi 1996: Popular contacts between Norway and the Netherlands in the early Modern Period. I: Roding, J. og van Voss, L.H. (red.) 1996. Hilversum/Verloren. 185–198.

 

-- Martin Skjekkeland er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.11.2007 | Oppdatert:11.06.2015