Leder: Mensa rotunda

sa vesle Marius. Det er latin og tyder «rundt bord», eller «det runde bordet». Det var det siste han sa, ifølgje Alexander Kielland. Romanen heitte Gift og kom ut i 1883. Totalt utsliten av meiningslaust latinsk grammatikkpugg braut Marius saman.

På kort sikt hadde det norske skulesamfunnet berre godt av Gift. På lengre sikt kan det henda at effekten på språkundervisninga ikkje har vore berre god. For i mange tiår har det vore litt for god latin å hevda at «grammatikkpugg» ikkje er spesielt føremålstenleg. Er det ikkje så at grammatikk er eit vondt og ubekvemt og negativt ord?

Verda og universet – frå celler til galaksar – forstår me utover det trivielle gjennom matematikk og fysikk. Dei to orda har status. Endå er det svært få som i røynda bruker matematikken til noko i vaksenlivet. At grammatikk og språkleg analyse gjev innsikt i korleis me menneske fungerer, har gått reformpedagogikkens hus forbi. For det første er språkleg analyse ein intellektuell disiplin som hjelper oss til å få grep om språket som system og formidlingsreiskap. For det andre er språkleg analyse direktevegen inn i vår tenking og verdsforståing, korleis me som menneske oppfattar, kategoriserer og analyserer. Nøkkelen til alt dette har tradisjonelt berre eitt namn – og det er grammatikk.

I Aftenposten den 12. mars i år hadde Åshild Næss og Atle Næss ein artikkel med tittelen «Grammatikk – et skjellsord?» Eg siterer: «Grammatikk bør kobles løs fra sin funksjon som tvilsom hjelpedisiplin [...] og studeres som det den er: Et av de mest fascinerende fenomener menneskets utvikling har frembrakt."

Viss språkleg analyse både er utviklande og nyttig, melder det seg med ein gong eit spørsmål: Kva slag omgrepsapparat og teorigrunnlag skal ein byggja på? Der er det, dessverre, dårleg med fasitsvar. Dette nummeret av Språknytt presenterer den terminologien som Språkrådet og Utdanningsdirektoratet no tilrår at ein bruker i skulen. Situasjonen har vore uavklara dei siste åra. Skal me halda på den gamle terminologien, eller skal me ta i bruk den terminologien som er gjengs hos språkfolka på universiteta?

Den tilrådde terminologien representerer eit kompromiss, mellom den utviklinga som har vore i språkforskinga, og dei innarbeidde termane som stadig fungerer godt. Språkrådet og Utdanningsdirektoratet trur framlegget til terminologi er tenleg, men er samstundes nøkterne nok til å meina at det i detaljar alltid vil finnast ting som kan diskuterast. Dessutan må ein alltid vurdera nivå og alder; detaljane høyrer heime i dei eldste årsstega.

Det latinske bordet til Marius var rundt. Grammatikken er ikkje rund og bør heller ikkje gjerast rund. Sjølv om han aldri kjem til å gå opp som ei likning og bli heilt firkanta.

 

Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.05.2007 | Oppdatert:11.06.2015