Hundre år med nynorsk liturgi

AV JARLE BONDEVIK

Det fyrste dokumentet som inneheld ei liturgisk tekst på nynorsk, er to samanlagde blad (til saman seks trykte sider) med tittelen Salmar og tekstar til kyrkjebruk den 17. Mai. Det er utgjeve året 1899 av Olaf Huseby (1856–1942) frå Leikanger i Sogn. Han dreiv forlag i Kristiania, men emigrerte til USA i 1903.

Dette vesle heftet vart innleiinga til ei rik bløming for nynorsken i den religiøse tekstverda, med bibeltekster, salmar og liturgiske tekster.

At den nynorske skriftnormalen skulle kunna nyttast på alle område i samfunnet, vart etter kvart eit mål som mange sette seg. Nett på denne tida vart det ei opning for slike tankar. Striden om unionen med Sverige hadde nørt opp under interessa for det nasjonale, og fleire prestar hadde brukt nynorsk både i preika og i liturgien, som dei då måtte omsetja sjølve. «Daa visst mange vil finna stor Hugnad i aa høyra Norsken i Kyrkja serleg denne Dagen, er Salmarne og Tekstarne prentad paa Landsmaalet» står det i den korte innleiinga til Salmar og Tekstar til kyrkjebruk den 17. Mai, som òg berrlegg tru på framtida. Elias Blix hadde omsett teksta «til Norsk», og med det vart denne freistnaden med nynorsk liturgi knytt til salmane hans, som hadde vore godkjende til kyrkjebruk sidan 1892. Det nye testamentet hadde funnest på nynorsk frå 1889, so grunnlaget fanst. I katekismene som kom ut frå 1869 og utetter i hundreåret, hadde bodorda, Fadervår og trusartiklane fått si utforming på landsmål. Det hadde òg vore ei omvelting i rekrutteringa til presteyrket. No tok bondesøner og ikkje berre embetsmannsssøner teologien som studium. Attåt var det ikkje so fåe prestar som hadde halde preiker på nynorsk. Dei er omtala i Gud er attaat av Peter Hognestad (1914) og Prestar som talar nynorsk av Anton Aure (1924). Bernt Th. Anker, Anders Hovden, Bernt Støylen, Johan Einar Unger og Peter Hognestad er mellom dei som vert omtala. Peter Hognestad (1866–1931) kom elles til å verta leiande i arbeidet for nynorsk kyrkjemål.

I teksta merkar vi oss at det heiter «Sannkjenning av synderne» og «Tru-sannkjenning». Å sannkjenne finn vi i fleire religiøse tekster frå denne tidbolken, og ordet vert nytta som motsvar til bekjenne i det vanlege skriftmålet. Trusartiklane skal seiast å vera sanne, dei skal ha aksept, so ordet i seg sjølv har eit tydeleg innhald. Men ordet sannkjenning fall etter kvart ut or det nynorske kyrkjemålet.

Teksta til dei liturgiske ledda Kyrie (bønerop til Gud) og Gloria (lovprising av Gud) er mykje lik den som seinare har vore nytta.

Det er seks bibeltekster i heftet: to tekster frå Salmane, ei frå breva og tre frå evangelia. Dei nytestamentlege tekstene er tekne frå den nyreviderte utgåva av Det nye testamentet frå same året (1899). Dei gammaltestamentlege salmane er omsette av Elias Blix, som alt hadde byrja med å omsetja dei 150 Davidssalmane til landsmål. Han rakk 53 av dei før han gjekk bort i 1902. Teksta her er ikkje heilt identisk med den i Salmarne. Umsette fraa Hebraisk, Kristiania 1904.

Blix har laga to av dei fem salmane som står i heftet, og omsett to. «Gud signe vaart dyre Fedraland» vart til i 1893, medan 17. mai-salmen «I Norigs Vetter rann ein Vaar» var skriven til høvet. Det må nemnast at dette vesle liturgiheftet vart utvida med tekster for olsokdagen og trykt opp att noko seinare.

Nynorsk liturgi slepp til i kyrkja

Opptakten til ei fullverdig gudsteneste på nynorsk var gjord i 1899, og motet voks hjå nynorsktilhengjarane. Jærbuen Peter Hognestad stod fremst i strevet med å få liturgi og tekster omsette til nynorsk, og samstundes organiserte han eit gudstenesteliv der nynorsk skulle brukast i alle tekster. Og ikkje minst, dette nye måtte få statleg godkjenning.

Olaf Huseby, som hadde gjeve ut salmane til Elias Blix som tillegg i Landstads salmebok frå 1893, oppmoda Hognestad til å laga ei nynorsk altarbok og tekstbok som var parallell med dei autoriserte bøkene. Alt våren 1900 kom framlegget frå Hognestad til Kyrkjedepartementet, som brukte professor Elias Blix og biskopen i Oslo A. Chr. Bang til konsulentar. Dei rådde til godkjenning, men det drygde før departementet fekk saka frå seg. I dei politisk urolege tidene var det fleireregjeringsskifte, og fyrst med statsråd Otto Jensen kom godkjenninga. Slik står det fremst i boka:

«Ved kongeleg resolution fraa 28 oktober 1907 er denne Tekstbok og Altarbok godkjende til kyrkjebruk.» Det er soleis velgrunna å dra fram dette emnet no ved 100-årsleitet og sjå litt nærare på Tekstbok og Altarbok for den norske kyrkja, som fyrst var ferdig prenta i Kristiania 1908, året etter at godkjenninga låg føre.

God stønad til å halda nynorske gudstenester kom frå Bondeungdomslaget i Oslo (skipa 1899), som 7. desember 1900 vedtok at dei ville freista å få til gudstenester på nynorsk i hovudstaden. Deira arbeid resulterte i at Hognestad 31. mars 1901 kunne preika på nynorsk ved ei gudsteneste i Kristiania, og at han i 1903 vart sett til stiftskapellan i bispedømet der med særskild oppgåve å halda gudstenester på nynorsk. Klaus Sletten (1877–1946) i Bondeungdomslaget og biskop A.Chr. Bang (1840–1913) samarbeidde om å få rom for nynorske gudstenester i hovudstaden. Stiftskapellanar som skulle halda nynorske gudstenester (målprestar), kom etter kvart til i alle bispedøme.

Det må nemnast at dei fyrste gudstenestene som Hognestad heldt i Kristiania, ikkje gjekk føre seg utan bråk og sinte avisinnlegg.

Tekstbok og altarbok

Alt teksttilfang som trengst til gudstenester og kyrkjelege handlingar, har rom i Tekstbok og Altarbok for den norske kyrkja, ei bok på 472 sider i salmebokformat. Her er det aller meste, og i alle fall det viktigaste frå den autoriserte Tekstbog og Alterbog for den norske kirke.

Den fyrste delen av tekstboka inneheld tekster som skal lesast i gudstenesta, to føre preika (lektie frå Det gamle testamentet og Apostelgjerningane og Johannes' openberring, epistel frå brevlitteraturen og evangelietekst frå eitt av dei fire evangelia) og evangelietekst som vert lesen frå preikestolen (preiketeksta). Tekstene er skipa etter kyrkjeåret. Til kvar gudstenestedag er det sett opp ei kollektbøn, knytt til temaet i tekstene.

Dei tekstene som står i Det nye testamentet, er tekne frå 1899-utgåva av Det nye testamentet på landsmål. Det er berre gjort ørsmåe grafiske og ortografiske brigde, som småe forbokstavar i staden for store i substantiv, og endra skrivemåte i nokre fåe ord, til dømes dør for Dyrr og sist for sidst. Tekstene frå Det gamle testamentet er tekne frå salmeutgåva frå 1904, som Blix og Hognestad hadde omsett. «Dei andre stykke fraa det gamle testament er umsette fraa nyom,» skriv Hognestad (s. 30). Ein lektie frå 2. Mosebok var omsett av Alexander Seippel (1851–1938). Hognestad arbeidde mykje med gamletestamentet, som vart hans fag då han seinare vart lærar på Menighetsfakultetet (1908–1916). Eitt døme frå ein lesetekst (Salme 23):

Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting.
Han fører meg til læger paa grøne engjar;
Han leider meg til vatn der eg finn kvila.

Med desse tekstene stod nynorskfolket godt budde til få 'fullnorske' gudstenester.

Like viktig var altarboka. Her vert heile skipnaden for høgmessa presentert, med tilvisingar til korleis framføringa skal vera, kva tid orgelet skal koma inn, kva slags klede presten skal ha, og kva tid og kor lenge det skal ringjast med kyrkjeklokkene. Ei gudsteneste har si faste form, og mønsteret lyt fylgjast. Gudstenesta er bygd opp med faste ledd som kjem i same rekkjefylgd.

Høgmessa kan i sumt jamførast med eit drama med fleire aktørar: presten, klokkaren, organisten og kyrkjelyden. Og her finst 'scenetilvisingar'. Altarboka skriv føre kva tid kyrkjelyden skal sitja, og kva tid han skal stå. Korleis presten skal te seg, er òg regulert. Han står framfor altaret, han vender seg mot kyrkjelyden, han bøyer kne på bedeskammelen, han lyfter armane til velsigning, og han teiknar det heilage krossmerket. Av ledda i gudstenesta skal sumt lesast og sumt syngjast, og det skal vera vekselsong mellom prest og kyrkjelyd.

Mange av ledda i gudstenesta er eldgamle. Gloria er til dømes teke frå englesongen i juleevangeliet: «Ære vere Gud i det høgste! Og fred paa fordi og hugnad med menneskjom!»

Kyrie er eit sams bønerop frå kyrkjelyden og er det fyrste verset i litaniet, bønesalmen som vert framført som vekselsong mellom presten og kyrkjelyden. Litaniet skriv seg frå «den eldste kyrkjetid» (Nynorsk salmebok) og er det einaste på gresk som finst i gudstenesta: «Kyrie eleison. Gud Fader miskunna oss!» kom det til å heita i den nynorske altarboka.

Lange tradisjonar ligg òg bak velsigninga, som er henta frå 4. Mosebok (den aronittiske velsigninga). Det ynskjande kjem fram gjennom konjunktivformene av verbet. Hognestad si form (bortsett frå byte av ein preposisjon) har vorte ståande i ettertid, for her er det naturleg med eit høgt stilnivå.

Herren velsigne deg og vare deg!
Herren late sitt andlit lysa yver deg ogvere deg naadig!
Herren lyfte si aasyn paa deg og gjeve deg fred!

Nattverdsliturgien byggjer òg på gamle tradisjonar, og sume av tekstene der vert framførde som dialog mellom prest og kyrkjelyd. Her finn vi òg eit hebraisk hyllingsrop: Hosianna 'gje frelse', kjent frå skildringa av Jesu inntog i Jerusalem. Nokre andre hebraiske ord er med: (Herren) Zebaot, '(Herren) Allhers Gud', seraf 'himmelsk skapning'. Opphav i latin har majestet, og same opphav har sakrament, 'nådemiddel'.

Til nattverdliturgien høyrde Nadverdformaning, det vart heitande Nattverdaaminning, eit ord som ikkje fekk so lang levetid i den nynorske liturgien. Derimot vart innsetjingsordi for Indstiftelsesordene ståande. Hognestad var elles flink til å finna gode og ende-framme formuleringar til avløysarord. Nokre døme: «Dette gjører til min Ihukommelse» vert til: «Gjer dette til minne um meg». «[H]vormed han har gjort Fyldest for alle Eders Synder» vert til «som han gav til soning for alle synderne dykkar».

Dei mange imperativane på -er i den tradisjonelle teksta gjorde truleg forståinga vanskeleg for mange. «rager dette hen og æder det» og «Drikker alle deraf!» vert attgjeve soleis av Hognestad: «Tak dette og et det!» og «Drikk alle av det!». Konjunktivformer på -e frå riksmålsbibelen vert ofte ståande: «[H]an styrke og opholde Eder herved i en sand Tro til det evige Liv» fekk denne utforminga: «Han styrkje og halde dykker uppe i ei sann tru til ævelegt liv!»

Det er mitt inntrykk at Hognestad har fått til ei språkleg form på nattverdliturgien som gjorde han lett å syngja, og at han har teke vare på samanhengen med dei bibelske tekstene.

Frå forskriftene for dåpshandlinga vil eg berre dra fram ein språkleg detalj. I våre dagar snakkar ein om dåpshue, men her er kristnehuva brukt. Å kristna var tidlegare det folkelege ordet for å døypa, som vart det ordet som frå fyrste stund kom inn i dei religiøse skriftene på landsmål.

Fadervår

Fadervår er fast innslag i gudstenestene og ved dei fleste kyrkjelege handlingar, og ordlyden der vert livleg diskutert ved alle språklege revisjonar av Bibelen. På landsmål kom Fadervår med i Matteusevangeliet (6,9–13), som var omsett av Johannes Belsheim (1886), og seinare i utgåvene frå 1889 og 1899 av Det nye testamentet. Då Hognestad forma ut si utgåve av Fadervår, hadde Herrens bøn dessutan hatt plass i dei fem katekismeomsetjingane som var komne etter 1868, då Georg Grieg sende ut den fyrste omsetjinga. Hognestad fylgde ikkje nett Det nye testamentet frå 1899, heller ikkje Blix sine versjonar i dei to katekismene som Blix hadde gjeve ut (1891 og 1900). Problemet var å få sagt fram det ynskjande i dei fyrste hønene, og her gjorde Hognestad ingen omskrivingar: «Namnet ditt verte helga! Riket ditt kome!»

Kjønnsnøytrale nemningar vart truleg ikkje diskuterte på den tida, so Hognestad har «skuldmenner» med i den femte bøna. Her fylgde han katekisma til Blix. Bibelteksta hadde ei anna formulering: «Og forlat oss vaar Skyld, liksom me forlæt deim, som er oss skulduge!» står det i bibelteksta som Blix hadde revidert i 1899.

Sluttord

Då endeleg tekster og liturgi hadde fått si form på landsmål, byrja arbeidet med å få dei i bruk kring i kyrkjelydane. Salmane til Blix hadde nok opna vegen til kyrkjeromet, men det vart ikkje berre lett å få landsmål eller nynorsk på trygg plass. Det vart arbeidt frå mange kantar, ikkje minst verknad hadde presentasjonen som dei Bokalla ungdomsprestane gjorde av dette nye kyrkjemålet. Bernt Th. Anker var ein av dei, han preika på nynorsk i 1000 kyrkjer kring i alle bispedøme. No har fleire generasjonar hatt nynorsk som sitt kyrkjemål, og folk steller ikkje spørsmål om dette språket høver i kyrkjeleg bruk, slik som i den fyrste tida.

Det nynorske kyrkjemålet har utvida området sitt monaleg frå 1906, då Bygland prestegjeld som det fyrste vedtok å ta nynorsk i bruk. No (dvs. i 2005) er nynorsk nytta som kyrkjemål i 368 sokner etter Ottar Grepstad sine opplysningar i Nynorsk faktabok 2005. Grepstad opplyser at kvar femte kyrkjegjengar var med på ei nynorskgudsteneste (statistikken gjeld for 2004). Flest nynorsksokner finst i Stavanger, Bjørgvin og Møre bispedøme, men det er òg nynorsksokner i Agder og Telemark, Tunsberg, Hamar og i Nidaros. So nynorsk kyrkjemål hadde kultur og stil nok til å fungera i kyrkja.

Litteratur

  • Aure, Anton: Prestar som talar nynorsk. Risør 1924
  • Bondevik, Jarle: Og  ordet vart nynorsk. Bergen 2003
  • Grepstad, Ottar: Nynorsk faktabok 2005. Oslo 2005
  • Hognestad, Peter: Gud er attaat. Med [...] soga um nynorskt kyrkjemaal. Kristiania 1914
  • Avisene Aftenposten, Den 17de Mai og Morgenbladet

 

-- Jarle Bondevik er pensjonert professor i nordisk språkvitskap.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter