Du spør – vi svarer

Redaksjonen tar gjerne mot brev fra leserne. Det kan være kommentarer til artiklene og emner i bladet, interessante ord og uttrykk en har kommet over, nyord, språkspørsmål eller annet. Adressen er: Språknytt, Norsk språkråd, Postboks 8107 Dep, 0032 OSLO.

Spørsmål: Hvorfor har det engelske språket sine egne navn på tyske og italienske byer, f.eks. Cologne (Köln), Munich (München), Florence (Firenze) og Turin (Torino)?

Svar: Det er ulike tradisjoner i forskjellige land når det gjelder navn på byer. Det er ikke bare engelsk som har andre navn på byer enn det navnet som brukes i det landet byen ligger.

Den byen som vi kaller Praha, slik tsjekkerne selv gjør, heter Prag på tysk, svensk og dansk og Praga på russisk. Den tyske byen Mainz heter Mayence på engelsk og fransk. Det som tyskere og nordmenn kaller München, heter Munich på fransk og engelsk og Monaco (!) på italiensk.

Den byen som på portugisisk og norsk heter Lisboa, het tidligere Lissabon på norsk. På fransk heter den Lisbonne, på engelsk Lisbon. Hovedstaden i Italia heter Roma på italiensk og norsk. På fransk og engelsk er det Rome, på russisk Rim. Den italienske byen Milano heter Milan på engelsk og og fransk, men Mailand på tysk. Den italienske byen Livorno heter Livourne på fransk, Leghorn på engelsk.

Den konsentrasjonsleiren som tyskerne og vi kaller Auschwitz, heter Oswiecim på polsk. Stedet ligger i Polen.

Også når det gjelder navn på land, er det ulike tradisjoner. Tyskland heter Deutschland på tysk, Germany på engelsk, Allemagne på fransk, Vokietija på litausk.

***

Spørsmål: Eg vil så gjerne skrive den (dvs. bilen) køyrer fort, den (dvs. boka) var god. Eg veit at denne bruken av den ikkje har vore akseptert i nynorsk tradisjon, men lurer på om det framleis er slik.

Svar: I nynorsk skil vi mellom tilvisingspronomena han og ho på den eine sida og det peikande pronomenet den på den andre. Etter dette systemet skal den normalt ikkje brukast som tilvisingspronomen i nynorsk. Nynorsk har altså ein nyanse som ikkje finst i bokmål. Det vanlege tilvisingspronomenet i nynorsk er han for alle hankjønnsord og ho for alle hokjønnsord – så sant pronomenet ikkje strir mot det naturlege kjønnet. Døme: Ytringsfridommen er til liten nytte om han ikkje blir nytta i praksis. Saka er vanskeleg, og vi må derfor drøfte ho grundig. Er det den boka du meiner? Nei, det er den.

Mange bruker den slik som du har hug til, men vi reknar det likevel ikkje som idiomatisk og rett nynorsk.

***

Spørsmål: Kvifor heiter det Christmas Island i motsetnad til Påskeøya, og til dømes Long Island, men Jomfruøyane?

Svar: Inkonsekvensane på dette området har med tradisjonar å gjere. Somme namn har vorte omsette til norsk, heilt eller delvis, andre ikkje. Såleis heiter det Kviterussland, men ikkje «Sørslavia», som ville ha vore ei omsetjing av Jugoslavia.

Tidlegare var det to øyar som vart kalla Christmas Island på engelsk. Den eine heiter no Kiritimati og er ein del av øystaten Kiribati (før Gilbertøyane) i Stillehavet. Den andre ligg i Indiahavet og høyrer til Australia. Det norske namnet er Christmasøya.

På norsk seier vi Dei store sjøane (blant sjøfolk ofte berre «Sjøane» eller «Leikane» i staden for The Great Lakes), men ikkje «Langøya» for Long Island.

Namnet Påskeøya er omsett frå spansk Isla de Pascua. Jamfør vidare at det på norsk heiter Mexico by og ikkje Mexico City. Ei full omsetjing av det spanske Islas Canarias ville ha gjeve Hundeøyane, men det heiter altså Kanariøyane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter