Vern av minoritetsspråk i Europa

AV SIGVE GRAMSTAD

Det europeiske charteret for region- og minoritetsspråk har som føremål å verna og fremja region- og minoritetsspråk i Europa som ein del av den europeiske språkarven. Kvart land som sluttar seg til charteret, tek på seg å verna og fremja region- og minoritetsspråk i landet som ein del av kulturarven og den kulturelle identiteten til landet.

Charteret er ein konvensjon. Det betyr at når eit land ratifiserer (sluttar seg til) charteret, blir reglane i charteret lov i landet. I dag har 27 land signert charteret; av dei har 15 land ratifisert. Dei femten landa er: Austerrike, Danmark, Finland, Kroatia, Liechtenstein, Nederland, Noreg, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Tyskland og Ungarn.

Kva språk gjeld charteret for?

Charteret gjeld for språk som

  • er tradisjonelt brukte
  • finst innanfor eit område i landet
  • blir brukte av innbyggjarar som normalt utgjer ei mindre gruppe enn resten av innbyggjarane
  • skil seg frå dei offisielle språka.

Eit regionspråk blir brukt av fleirtalet av dei som bur innanfor eit slikt område, som katalansk i Catalonia i Spania. Eit minoritetsspråk blir brukt av eit mindretal også innanfor kjerneområdet for språket. Ofte blir «minoritetsspråk» brukt som samnemnar for begge gruppene.

Eit land kan la charteret gjelda for såkalla ikkje-territoriale språk, dvs. språk som ikkje har eit geografisk kjerneområde. Romanes og romani er døme på slike språk. Charteret kan også gjerast gjeldande for mindre brukte nasjonale/offisielle språk. Finland har gjort det for svensk, og Sveits for italiensk og retoromansk. Charteret er ikkje gjort gjeldande for nynorsk, og er heller ikkje direkte tilpassa den spesielle norske nasjonale språksituasjonen.

Dialektar fell utanom. Det kan sjølvsagt vera tvil om eit språk er eit eige språk eller ein dialekt. Dette spørsmålet vil normalt eit land ta stilling til ved ratifikasjonen. Sverige ratifiserte t.d. for tornedalsk (meänkieli), eit språk som mange har meint er ein finsk dialekt.

Immigrantspråk fell også utanom. Det heng saman med at charteret skal verna minoritetsspråka som ein del av den historiske kulturarven i Europa. Det hadde sannsynlegvis vore umogleg i 1992 å få vedteke charteret om det hadde blitt marknadsført som eit målretta verkemiddel i minoritetspolitikken. Den indirekte positive verknaden for minoritetar er likevel tydeleg. Den komiteen som laga charteret, peikte på at immigrantspråk også burde vernast, men at eit slikt vern reiste delvis andre spørsmål, som burde handterast med eit særskilt regelverk.

To nivå for vern

Charteret har to nivå for vern: Del 2 gir vern for alle minoritetsspråk i landet. Del 3 gir vern for spesielt nemnde språk, vanlegvis avgrensa til det området som er rekna som kjerneområde for språket. Når eit land ratifiserer charteret, nemner det kva for språk som har vern etter del 3, og kva for spesielle plikter staten har teke på seg for kvart språk.

Følgjande språk har fått spesielt vern i kvart av dei landa som har ratifisert charteret:

LandSpråk

Austerrike

Kroatisk, slovensk, ungarsk

Danmark

Tysk

Finland

Samisk, svensk

Kroatia

Italiensk, rutensk, serbisk, slovakisk, tsjekkisk, ukrainsk, ungarsk

Nederland

Frisisk

Noreg

Samisk

Slovakia

Bulgarsk, kroatisk, polsk, romanes, rutensk, tsjekkisk, tysk, ukrainsk, ungarsk

Slovenia

Italiensk, ungarsk

Spania

Baskisk, galisisk, katalansk

Storbritannia

Irsk, skotsk-gælisk, walisisk

Sveits

Italiensk, retoromansk

Sverige

Finsk, samisk, tornedalsk (meänkieli)

Tyskland

Dansk, nordfrisisk, austfrisisk, høgsorbisk, lågsorbisk, lågtysk

Ungarn

Kroatisk, rumensk, serbisk, slovakisk, slovensk, tysk

Liechtenstein har ikkje minoritetsspråk. Men gjennom ratifikasjonen har fyrstedømmet solidarisert seg med den ideologien som charteret er grunna på.

Del 2 gjeld som nemnt alle minoritetsspråk i eit land. I Noreg gjeld del 2 for kvensk, romanes og romani i tillegg til samisk.

Dei landa som har ratifisert charteret, har i del 2 teke på seg å byggja politikken, lovgjevinga og praksisen sin for dette området på somme nærmare fastsette mål og prinsipp:

  • Språka er uttrykk for kulturelle verdiar
  • Det er viktig med resolutt handling for å fremja språka
  • Det skal oppmodast til bruk av språka (og leggjast til rette for å bruka dei)
  • Det skal utviklast samband mellom brukarar av slike språk, både i landet og over landegrenser
  • Det skal vera høve til å studera og få undervisning i språka

Landet tek også på seg å eliminera alle urettvise former for diskriminering av språka (men positiv særbehandling er lov) og å fremja respekt, kunnskap og toleranse i forhold til språka som eitt av måla for utdanninga. Når politikken for språka blir forma, skal ønske og behov frå språkbrukarane telja med.

«Plikter» til tiltak

Det er likevel del 3 som gjer charteret spesielt. Del 3 er delt inn i artiklar som representerer ulike samfunnsområde. Kvart land som ratifiserer, må spesifisera kva for språk del 3 skal gjelda for. Landet må velja minst 35 «plikter» frå alle artiklane, bortsett frå artikkel 14:

  • utdanning (artikkel 8)
  • rettsstellet (artikkel 9)
  • offentleg forvaltning og tenesteyting (artikkel 10)
  • media (artikkel 11)
  • kultur (artikkel 12)
  • økonomisk og sosialt liv (artikkel 13)
  • kontakt over landegrensene (artikkel 14)

Del 3 er bygd opp som eit menysystem, der landet kan velja ulike former for vern. Om vi t.d. ser på artikkel 8 om utdanning, paragraf 1b, som gjeld grunnskule, ser han slik ut:

Når det gjeld utdanning tek partane på seg, innanfor det området der språket er i bruk, i forhold til situasjonen for kvart språk og utan å diskriminera opplæring i det/dei offisielle språk i landet:

  1. å gjera undervisning i grunnskule tilgjengeleg på det aktuelle språket; eller
  2. å gjera ein vesentleg del av undervisninga i grunnskulen tilgjengeleg på det aktuelle språket; eller
  3. å syta for at det blir gitt opplæring i det aktuelle språket som ein integrert del av læreplanen; eller
  4. å nytta eitt av dei tiltaka som er nemnde ovanfor under punkta 1 til 3, i alle høve for dei elevane der foreldra krev det, og der foreldra er mange nok.

Dersom eit land ønskjer å gi grunnskuleopplæring i det aktuelle språket, finst der såleis fire alternativ å velja mellom.

Slik som dette er dei fleste paragrafane i artikkel 8 og mange av dei andre artiklane i del 3 forma. Det gir landa høve til å velja det vernet ein meiner er best tilpassa dei aktuelle språksituasjonane. Artikkel 8 har paragrafar som gjeld

  • førskule
  • grunnskule
  • vidaregåande skule
  • yrkesretta opplæring
  • universitets- og høgskuleutdanning
  • vaksenopplæring
  • undervisning i historia og kulturen til språka
  • grunn- og vidareutdanning for lærarar
  • tilsynsorgan som skal følgja med på om tiltaka blir gjennomførte
  • undervisning i eller om språka utanfor dei områda der språket er i bruk

Nå skulle ein kanskje tru at landa vel dei «lettaste» alternativa. Det ser heldigvis ikkje ut til å vera tilfellet. I artikkel 8, paragraf 1 om utdanning, som dekkjer alle punkta ovanfor bortsett frå det siste, finst der 25 ulike alternativ for vern. Alle alternativa er brukte av eitt eller fleire land. Det tyder på at dei landa som har ratifisert, har vurdert den konkrete situasjonen for kvart språk og gitt det nivået for vern som høver best, og ikkje valt den lettaste løysinga.

Samisk i Noreg

Noreg har som nemnt ratifisert charteret og har valt desse alternativa frå del 3, som skal gjelda for samisk, innanfor det samiske forvaltningsområdet:

  • På utdanningsområdet skal i det minste ein vesentleg del av undervisninga vera tilgjengeleg på samisk for elevar som har foreldre som krev det (og er mange nok). Dette gjeld for førskule, grunnskule, vidaregåande skule og yrkesretta opplæring. Dessutan skal det vera mogleg å studera samisk på høgskule-/universitetsnivå, det skal vera undervisning i samisk historie og kultur, det skal vera grunn- og vidareopplæring av lærarar i samisk, og det skal finnast opplæringstilbod på eller i samisk utanfor kjerneområdet om talet på brukarar av samisk rettferdiggjer det.
  • I kriminalsaker skal rettsforhandlingane skje på samisk om ein av partane krev det, den sikta skal garanterast rett til å kunna bruka samisk, spørsmål og bevisføring skal kunna skje på samisk, og dokument som blir nytta, skal finnast på samisk om det blir kravt. I sivile saker gjeld tilsvarande reglar. Omsetjing og bruk av tolkar skal skje kostnadsfritt for partane.
  • Dei viktigaste nasjonale rettstekstane og dei som rettar seg spesielt mot samane, skal finnast på samisk.
  • Ein person skal kunna ta kontakt med eit offentleg kontor på samisk, skriftleg og munnleg, og få svar på samisk. Mykje brukte skjema og administrative tekstar skal finnast på samisk. Samisk skal også kunna brukast i regionale og lokale folkevalde organ.
  • Både samiske personnamn og stadnamn skal kunna brukast.
  • Noreg skal leggja forholda til rette for at det blir sendt kringkastingsprogram og gitt ut aviser på samisk, for at samiskspråklege audiovisuelle produksjonar kan få støtte, og for at opplæring av samiskspråklege journalistar skal støttast.
  • På kulturfeltet skal organ som organiserer eller gir støtte til kulturaktivitetar, opna for at kunnskap om og bruk av samisk språk og kultur blir inkorporert i tiltak som får støtte, at slike organ har tilsette som meistrar både samisk og norsk, og at representantar for brukarar av samisk deltek direkte i tilrettelegging og planlegging av slike aktivitetar. Utgiving og bevaring av samiske verk og etablering av nødvendig samisk terminologi er andre krav, det same gjeld presentasjon av samisk kultur utanfor kjerneområdet og i andre land.
  • Elles skal sosialinstitusjonar kunna hjelpa personar som bruker samisk, og materiale om forbrukarrettar skal finnast på samisk.

Rapportering til Europarådet

Dei landa som sluttar seg til charteret, skal eitt år etter at landet har ratifisert charteret, senda ein nasjonal rapport om situasjonen for minoritetsspråka, særleg i høve til dei pliktene landet har teke på seg. Deretter skal landet senda ein rapport kvart tredje år. Rapportane skal sendast til Europarådet, som har oppretta ein ekspertkomité med oppgåve å studera rapportane for å undersøkja om landet har oppfylt pliktene sine. Medlemmene i ekspertkomiteen er personleg valde av ministerkomiteen i Europarådet på grunnlag av tre nominasjonar frå kvart land. Dei er likevel ikkje representantar for heimlanda sine, men skal ha ein uavhengig, domstolliknande posisjon. Ekspertkomiteen gir råd til ministerkomiteen om kva som bør gjerast betre i dei aktuelle landa. Ministerkomiteen kan gi slike tilrådingar til eit land om det er grunnlag for det. Om det kjem slike tilrådingar, vil det aktuelle landet melda tilbake om kva som er gjort, i ein seinare rapport. Systemet skal såleis vera ein stadig påminnar om dei tiltaka kvart land har teke på seg for å verna og fremja minoritetsspråka sine.

I haust vil ministerkomiteen behandla rapportar om situasjonen i sju land. Eitt av dei er Noreg. Det er ministerkomiteen som avgjer om dei rapportane han får frå ekspertkomiteen, skal gjerast offentleg tilgjengelege eller ikkje. Ekspertkomiteen har gått inn for offentleggjering fordi det vil vera ei viktig tilbakemelding til styresmakter, språkorganisasjonar og andre om kva som skjer. Samtidig vil det gi innsyn i korleis ekspertkomiteen arbeider, og kva som er grunnlaget for eventuelle tilrådingar frå ministerkomiteen.

Arbeid med slike internasjonale konvensjonar som charteret for minoritetsspråk går ofte seint og omstendeleg for seg. Det er likevel mykje som har skjedd sidan charteret blei vedteke i november 1992. Mange land har vedteke nye lover for vern av minoritetsspråk, dels for å gjera det mogleg å slutta seg til charteret. Hadde ikkje charteret eksistert, hadde vi kanskje ikkje hatt slik positiv utvikling på eit vanskeleg og politisk kontroversielt felt som dette er, ikkje berre i såkalla mindre utvikla demokrati, men også i vårt eige land.

 

-- Sigve Gramstad er direktør i Eigarskapstilsynet og leiar i Europarådets ekspertkomité for det europeiske språksjarteret.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.11.2003 | Oppdatert:18.06.2015