Småstoff


På godt norsk

backlash – tilbakeslag, motreaksjon
bake-off – halvsteikt/halvstekt (om brød, rundstykke, pizza o.l.)
case study – kasusstudie, tilfellestudie
chat – nettprat
chatte – nettprate, prate på nettet
competetive edge – konkurransefordel
hanggliding – hengegliding
hedge fund – risikofond
joystick – styrespak
prime time – beste sendetid
release party – sleppfest (start) from
scratch – (begynne) frå/fra grunnen av, på nytt, på null
stay-ups – sjølvsitjande/selvsittende strømper
trainee – opplæringstilsett/opplæringsansatt, lærling
time-sharing – tidsdeling, deltidsbruk
touchpad – styreplate
wizard – (i dataprogram:) vegvisar/veiviser, los

Du finn fleire ord på nettsidene våre

Hovudfag i nynorsk skriftkultur

Høgskulen i Volda har nyleg fått godkjent hovudfag/"mastergrad" i nynorsk skriftkultur. Godkjenninga inneber at studiet kan setjast i gang hausten 2002. Hovudfaget er eit tverrfagleg studium som sameinar språklege og kulturelle emne. Professor Stephen J. Walton ved Ivar Aasen-instituttet ved høgskulen seier i ein kommentar at ein tek sikte på å ta opp 10 studentar kvart år, og at studiet vil utgjere 40 vekttal. Studiet vil dra nytte av den unike samlinga av nynorsk litteratur og nynorske språkkjelder ved Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, og vil mellom anna kvalifisere for arbeid innanfor undervisnings-, kultur-, medie- og informasjonssektoren, ved sida av at det også kvalifiserer for vidare studium på doktorgradsnivå.

Avløysande direktør

Vi har fått spørsmål om kva nemning ein bør bruke for stedfortredende direktør på nynorsk. Språkrådet tilrår nemninga avløysande direktør.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.07.2004 | Oppdatert:11.10.2016