Den nye teljemåten – ein sosiolingvistisk sensasjon

Under partileiardebatten i september hagla det med tal på summar både i skattelette og løyvingar til gode formål. Og dei store summane kom korrekt etter den nye teljemåten – i alle politiske fargar!

AV HELGE SANDØY

Kva tid hørte vi eit telefonnummer lese på gamlemåten? Går vi i banken eller på posten, kan vi rekne med at summen vi skal betale eller har på kontoen, kjem som femtitre tusen fire hundre og trettiseks. På eit årsmøte eg nyleg var innom, begynte kasseraren – som var godt oppi åra – å gå igjennom den framlagde rekneskapen med å lese tala etter den gamle teljemåten, men litt nede i første kolonne snubla ho så grundig i dei lange tala at ho gjekk over til den nye.

Kva har skjedd dei siste tiåra? Går vi 30–40 år tilbake, var det litt spesielt å rekne på nymåten – utafor visse institusjonar. Slikt la ein merke til. Men ikkje no lenger. Det er likevel ikkje slik at gamlemåten å telje på går ut av bruk. Nei, mønsteret er at det er fleire som bruker begge teljemåtane, og dermed færre som bruker den gamle konsekvent. Dei to teljemåtane held tydeleg på å få ulike bruksområde og stilområde. Når bankfunksjonæren snur seg bort frå kunden og vender seg til kollegaen for å sludre eller sladre, går han gjerne over til å seie «fire-og-førti».

I tillegg til at det kan liggje ein viss stilvariasjon i bruken ved at somme held seg til den nye teljemåten i formelle situasjonar, men ikkje i det som skal vere ein jovial samtale, ser vi tydeleg at dei to måtane å telje på får ulike bruksområde. Snakkar ein om alderen på folk, kjem han mest på gamlemåten: Ho er «to-og-førti» år. Det vanlegaste er òg å opplyse om tosifra årstal med den same teljemåten. Men sjølv om ein fortel om D-dagen i «fire-og-førti», blir det lett til at ein seier nittenførtifire når ein skal presisere hundreåret. Summar på tre siffer og meir blir nok òg oftare omtalte på gamlemåten enn tosifra småsummar. Og alt som skal vere uttrykk for presisjon og rekning, kjem lettare på den nye teljemåten: Bak meg i rulletrappa ned til Jernbanetorget i Oslo stod ein dag to tilårskomne damer og prata, og den eine sa: «Ja, han er to-og-førr og hun bare en-og-tyve. Det blir jo tjue-en år i forskjell det!» Når kalkulatoren (eller hovudreknaren) blei kopla inn, kom altså den presise differansen på denne nye måten. Å opplyse om alder og årstal krev derimot ikkje at ein bruker aritmetikk.

Nesten halvdelen på nymåten

Noko av dette mønsteret for bruken blei observert alt for nokre år sia. I ei gransking Vibeke Lauritsen (1995) gjorde av talordbruken i Kristiansand i 1995, blei for eksempel summen 38 173 875 og årstalet 1874 lesne på nymåten av alle informantane. Derimot las dei fleste 25 øre etter den gamle teljemåten. I det munnlege intervjuet som Lauritsen arrangerte, blei nesten halvparten av taluttrykka brukte på nymåten. Dei yngre har naturleg nok gjennomsnittleg høgare bruksprosent enn dei eldre. Informantane med høgare utdanning skåra også høgare enn dei utan slik utdanning. I ei ikkje heilt samanlikneleg gransking frå 1978 som Bjørn Harald Kvifte gjennomførte blant skoleelevar i Oslo, ser ein tilsvarande mønster, men gjennomsnittsskåringane er litt lågare sjølv om informantane er yngre. Det kan stadfeste at utviklinga frå 1978 til 1995 viser aukande oppslutning om talordreforma.

Vi må presisere at denne framstillinga gjeld teljemåten. Substantiv som inneheld talord, står for seg sjølv, slik at det har ikkje noko med denne saka å gjere at somme drikk «seksognitti», og heller ikkje at det merkeleg ofte blir snakka om sekstiåttarar og sekstiåttegenerasjonen.

Brukt i berre 50 år!

Stortinget vedtok samrøystes å støtte framlegget om ny teljemåte 20. november 1950, og departementet kunngjorde i mai 1951 at omlegginga skulle skje frå 1. juli i 1951. (Dette var altså før Språknemnda si tid!) Dei 50 åra som no er gått, er ein svært kort periode når vi skal studere endringar i talemålet, for talemålsvanane våre er seige. Dei første som for eksempel blanda saman sj- og kj-lydane (og held fram med å gjere det i vaksen alder), var fødde tidleg i 1960-åra og nærmar seg no førti år. Sjølv om avantgarden for dette fenomenet dreg til seg stadig fleire og fleire unge – ja, slik at det hos tjueåringane i Bergen no er blitt ein bruksfrekvens på kring 50 % – er det langt frå noko samanfall hos fleirtalet av dei som framleis lever i Bergen. I ei litt fyldigare utlegging ville det vere mogleg å vise korleis dette samanfallet ikkje kan vere gjennomført i Bergen før inn på 2100-talet. Og før denne «katastrofen» ev. er gjennomført i heile landet, kjem det til å ta fleire hundre år – for dei fleste stader i landet er enno ikkje «smitta». I talemålet tek endringane altså lang tid.

At vi no etter 50 år kanskje er halvvegs i overgangen til ny teljemåte, er ein sensasjon! Språkhistorisk og sosiolingvistisk innsikt skulle tale imot at dette kunne skje slik. Det spesielle ved bruksekspansjonen her er at eldre også har følgt etter; folk som lærte seg å telje før 1952, er med på galeien – meir enn det som er vanleg i andre talemålsendringar. Språkpolitisk kan denne omlegginga i norsk gå inn i rekkja av sigrar som offentleg språknormering viste fram på 1900-talet. I skriftmålet er jo omleggingane svært store. Ja, sjølv om det alltid har vore skriftmålsbrukarar som har lege ein god generasjon etter dei offentlege språkvedtaka, var det slik at knapt nokon i år 2000 ønskte seg tilbake til skriftformene frå 1900. Om langt ifrå alt har gått etter den offentlege viljen, er 1900-talet beviset på at det likevel nyttar. Men det gjeld skriftmålet.

I talemålet har det ikkje skjedd så store endringar som i skrift frå 1900 til 2000. Det er ei godt grunnfesta innsikt at det ikkje nyttar å normere eller styre talemålet. Det tek ofte sine eigne vegar. Folk har eit så intimt forhold til talemålet at nettopp det kan bli brukt som ein fristad for å vise opposisjon mot for eksempel det etablerte. Hadde politikarane kring 1950 rådspurt sosiolingvistar – dersom slike språkvetarar hadde funnest da – ville Stortinget og departementet ha blitt frårådde å gjere vedtak. Det er nesten uråd å finne eksempel på at ein har kunna styre talemålsutviklinga gjennom vedtak. (Berre Island har greidd slikt.) I det perspektivet er den nye teljemåten ein sensasjon!

Hindra var ikkje til hinder

Politikarane kring 1950 var sjølvsagt naive når dei trudde at endringa skulle skje raskt og enkelt. Somme antyda ein overgang på fem år! Andre spådde at vedtaket kom til å bli mislykka, m.a. fordi den nye teljemåten endra talerytmen. Mens «to-og-tjue» går som tung-lett-tung-lett, går tjueto som lett-lett-tung. Dette argumentet viser seg altså ikkje å vere så sterkt. Ei tid heittest det at talordsformer som «tyve» og «syv» berre kunne gå med den gamle teljemåten, men no hører vi mange unge som reknar med «tyvesyv». Heller ikkje her er det noko hinder.

Kva har gitt oss dette særsynet i språkhistoria? Somme har hevda at den nye teljemåten er meir logisk. Men logikk har neppe med saka å gjere. Danskar og tyskarar er minst like logiske som svenskar og engelskmenn, for sjølve ordrekkjefølgja treng ikkje representere noko kvantitetsforhold eller logisk resonnement. At NRK gjennomførte den nye teljemåten, har neppe hatt avgjerande verknad på utviklinga, for det er elles lite som spreier seg frå etermedia til kvardagsspråket. Men NRK kan ha innverka på den formelle stilen, og det er jo òg ein bastion. Om lærarane kan få stor ære eller skam for utviklinga, er uvisst, for mange av dei har sabotert innøvinga av ny teljemåte.

Kan det praktiske ha spela inn? Eg hørte for ei tid sia ein ekspeditør opplyse til kunden at den nye vasskranen kosta «seks hundre og femogsytti» kroner. Men da han snudde seg og skulle slå prisen inn på kassa, repeterte han høgt for seg sjølv: seks hundre og syttifem. No var dette talet ikkje lenger berre eit kvantitativt omgrep, no gjaldt det praktisk sifferhandtering: Ekspeditøren skulle samordne ordrekkjefølgja og fingerrørslene. Derfor var det vel ikkje utan grunn at det var Televerket som tok initiativet til vedtaket om ny teljemåte. Det opplevde for ofte at telefonnummer som 23 46 78 blei slått som 32 64 87! Det er faktisk upraktisk å slå (no: taste) sifra på telefonapparatet samtidig med at ein tel etter gamlemåten – når ein først har til disposisjon eit akseptabelt alternativ. Kva bruksmåte den nye teljemåten har sigra på, kan nettopp tyde på at dette praktiske er ein viktig faktor.

Ein kan òg tenkje seg at dette språkpolitiske tiltaket kan ha fått medvind på grunn av at talordsreforma kom i ein historisk fase vi kallar gjenreisinga. Landet skulle byggjast opp att og moderniserast, og det kunne skape ein gunstig mentalitet for endringar som folk oppfatta som ein del av «den nye tida». Den positive holdninga kjem fram i at heile 75 høringsinstansar i samband med stortingsmeldinga i 1950 støtta framlegget om talordreform, berre to gjekk imot. Ein gallup viste at 48 % av folket var for og 21 % imot omlegginga, og det er jo slettes ikkje så dårleg utgangspunkt for ei språkreform! Seinare gallupar har vist aukande oppslutning.

Vil den utviklinga vi har beskrive, fortsetje slik at den nye teljemåten har sigra fullstendig om nye 50 år? Det vil i så fall seie at det bruksmønsteret vi no ser, er berre eit mellomstadium, og at talet på konsekvente brukarar av den nye teljemåten aukar meir og meir. Det siste veit vi neppe noko om. Situasjonen er framleis litt labil, og vi hører jo tydeleg at talordforma «tredve» har ein inn-funksjon i visse grupper. Derfor får vi slike tilfelle som den da ein medarbeidar i NRK talde: «tjuesju, tjueåtte, tjueni, tredve, trettiein, trettito ...»

Kan hende kjem det bruksmønsteret vi beskreiv ovafor, til å bli ståande i lang tid. Det har nemleg ein viss funksjon. Og blir det ståande, får vi enda eit vitnemål om kor stor variasjon det naturlege menneskespråket toler. – Forresten meistra visst også forfedrane våre for berre få hundreår sia begge måtane å telje på!

Litteraturtilvising

  • Kvifte, Bjørn Harald 1978. Den nye tellemåten – departementalt påfunn eller språkforbedring? søkelys på tallreformen av 1951. (Utrykt hovydfagsoppgåve.) Oslo
  • Lauritsen, Vibeke 1995. Femognitti eller nittifem? Ei gransking av gjennomføringa av den nye teljemåten. (Utrykt hovudfagsoppgåve.) Oslo.

 

-- Helge Sandøy er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter