Leiar: 30 ordformer og 7000 språk

Norsk har tretti former av ordet kvae, får vi vete i dette nummeret av Språknytt. Desse ordformene er skapte av språkendringar i norsk siste tusenåret. I levande språk ligg det kime til variasjon, men vokstervilkåra er ikkje sjølvsagde.

I vår tid opplever vi ein kulturkatastrofe. 30–60 språk døyr kvart år, dvs. 300–600 på ti år, og 3000–6000 på ... Ja, her må vi stoppe opp. Kan vi verkeleg oppleve at dei fleste språka i verda forsvinn i vår levetid? Tala talar tydeleg i ein artikkel om følgjene av den moderne sivilisasjonen, og forfattaren fortel korfor færre språk gjer oss fattigare.

Her i landet kjem vi godt frå risikoen for språkdød. Vi er privilegerte i forhold til dei 6500 språksamfunna lenger nede på styrkeskalaen. Men kunnskap om språkdød er viktig for oss òg, for det gir perspektiv til eit medvete språkliv her heime.

Det norske språksamfunnet er av dei mest homogene, og det kan gjere at vi ikkje oppdagar verdien i mangfaldet. Vi kan likevel ta lærdom av kulturmangfaldet i dei to skriftmålsvariantane våre. Dermed blir vi «betre budde på å møte det fleirkulturelle internasjonale samfunnet», sa kulturminister Ellen Horn da ho opna Aasen-tunet i sommar. Dette tunet skal «styrkje den kulturelle eigenidentiteten», skriv direktøren der. Kjensla av å vere språkleg godteken er viktig for nynorskbrukarane, men også for bokmålsbrukarar og språklege minoritetar. At det politisk er likeverd det dreiar seg om, kjem òg fram i artikkelen om det europeiske språkmangfaldet. Vi får alle testa vår språklege toleranse – både i Noreg og i verda. Samferdsleministeren har nyleg gitt Postbanken melding om at denne banken ikkje treng praktisere språkleg jamstilling lenger! Og Postbanken tek konsekvensen.

I arbeidet med å halde oppe likeverdet for eit språk er bruksverdien viktig. Den moderne språkteknologien skal hjelpe oss nordmenn til å oppleve morsmålet som fullverdig på flest mogleg område. Norsk er i førstedivisjonen når vi kan koste på oss slik teknologi, men også i den divisjonen er det konkurranse om å halde oppe eigenverdien. Og norsken er vårt tilskott til verdsmangfaldet. Den tanken kan vi halde i hovudet samtidig med at vi prøver å forstå kreftene som herjar verre med andre.

 

Helge Sandøy

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter