Frå einfelde til ordyrje

AV TOR ERIK JENSTAD

Som vi veit, finst det eit yrjande mangfald av livsformer i naturen. Biologane kan fortelje oss at alt dette har utvikla seg frå primitive eincella organismar. Noko tilsvarande kan vi sjå i språket, utan at vi dermed skal dra parallellen for langt og oppfatte språket som ein levande organisme, slik det til dels vart gjort før. Vi treng ikkje gå lenger enn til våre eigne dialektar for å møte eit påfallande mangfald av former på ulike nivå i språket. Det som i utgangspunktet ser ut til å vera den enklaste lydsekvens, kan gje dei mest varierande resultat.

Eit av dei mest frekvente orda i språket vårt er det vi omtalar oss sjølve med (når vi ikkje brukar namnet vårt), altså det personlege pronomenet i første person eintal, subjektsform – eg. Variantane går her tilbake på to «urtypar» på det norrøne språksteget, vestnordisk ek og austnordisk jak, som begge må ha funnest på norsk område. Frå den siste har vi fått utvikla dei typiske austlandsformene je, jei o.l., med j først i ordet.

Ut frå ek har vi fått uttalevariantar som sprikjer frå den tronge vokalen i (Romsdal, Sunndalen, Snåsa og Li) til den heilt opne æ, som vi finn på mykje av trøndersk og nordnorsk språkområde. Korleis kan dette ha seg? Først må det ha gått for seg ei svekking av k-en til g, slik at vi fekk forma eg. Overgang frå p, t og k til b, d og g i visse stillingar i ordet hører heime på Sørlandet («den bløde kyststribe») og lengst sør på Vestlandet. Men akkurat i pronomenet eg ser det ut til at vi har fått «blaut» konsonant over heile landet, jamvel om det finst ein tradisjon frå ytre Nordmøre (Aure, Smøla) om at somme riktig gamle, som var fødde tidleg på 1800-talet, skal ha sagt både æk, mæk og dæk. Fell g-en i eg bort, vil resultatet bli e. Ei såkalla «lågning» av vokalen til æ (som i hæst for hest, og tilsvarande utviklingar i t.d. fesk for fisk og bøgd for bygd) er også ein heilt normal prosess, og dermed kan vi forklare både æg og æ.

Forma i har truleg oppstått som ein trykklett variant av eig eller ei. Det er ikkje uvanleg at personlege pronomen har ulike former i trykksterk og trykklett stilling, jf. han og 'n. Overgangen frå eg til ei(g) er ei diftongering av same slag som når ordet veg kan bli uttala veig.

Dialektgeografien støttar opp under denne teorien om opphavet til forma i. I-området i Romsdal grensar opp til Sunnmøre, der dette pronomenet har uttalen ei, medan i-området i Nord-Trøndelag står i kontakt med Inner-Namdalen, der pronomenet lyder eig. Ein har nok opphavleg hatt både ei(g) og i i begge områda, fordelt som trykksterk og trykklett variant, og med kvart har ein gjennomført anten den eine eller den andre forma i alle stillingar.

Eit anna moment som talar for denne forklaringa, er at den ubundne artikkelen ei (til dels også eit) i ein del dialektar har den trykklette forma i. Ein kan altså snakke om både i bygd og i hus for ei bygd og eit hus. Somme stader er dette også gjennomført i trykksterk stilling.

Utviklinga i jamvektsord

Ei ordgruppe som kan utvikle dei merkelegaste former frå eit enkelt utgangspunkt, er dei såkalla jamvektsorda. Dette er tostava ord som i norrøn tid hadde kort rotvokal med kort konsonant etter rotvokalen. Det er i det austnorske dialektområdet (austlandsmål og trøndermål) at slike ord får særbehandling, og det gjer seg særleg gjeldande i kategoriane hokjønnsord som endar på trykklett e, som veke og vise (såkalla svake hokjønnsord), og i infinitiv av verb. I dette området kan rotvokalen og endingsvokalen i slike ord jamne seg ut etter kvarandre på ulike måtar.

Spesielt mykje variasjon kan det bli i ord som på norrønt hadde ein ð (ein stemd lespelyd, som til dømes i engelsk either) mellom rotvokalen og endingsvokalen. Vi skal sjå på eit døme på det, og vel norrønt iða 'bakevje', som i moderne norsk blir skrive ide. I tillegg til nominativsforma iða hadde norrønt iðu i dei tre andre kasusa (akkusativ, genitiv og dativ), og det er denne forma som er utgangspunktet for dialektformene i dag.

Ein uttale som bokstavrett tilsvarar våre dagars skriftform ide, finn vi truleg berre somme stader på Nord-Vestlandet. Etter vanlege reglar i norske målføre finn vi så uttaleformer som ie og ia på Sørlandet, Vestlandet og i Nord-Noreg. Også i Austfold og Telemark finst forma ie. På Helgeland kan ordet lyde nærmast som , og somme stader nordpå er også notert ija , som har ein j innskoten mellom dei opphavlege vokalane. Frå Vesterålen er jia registrert. Det er spreidde einskildbelegg på iu i austlandsområdet. Heil avkorting til i' kan ein støyte på i Lofoten og Vesterålen.

Som resultat av ein velkjend og vanleg lågningsprosess har ordet fått e som rotvokal ein del stader: ea finst i Fosen, Ytter-Namdalen og i Nord-Noreg, ee er brukt i Folldal, på Nordmøre og i ytre og nordre delar av Namdalen, eo eller eu i Gudbrandsdalen og einskildvis på Nordmøre, og ordet kan vera heilt nedskore til e' på Nord-Fosen og i søre delar av Ytter-Namdalen. Stundom kan rotvokalen vera enda meir lågna: æe (Eid i Romsdal, Bardu i Troms).

Dei merkelegaste formene av dette ordet har vi likevel innanfor jamvektsmåla. I Engerdal og Nord-Østerdalen har ein öe eller liknande, og tilsvarande former går vidare inn på trøndersk område i øvre og midtre Gauldalen (i Singsås også aue). Konsonanten mellom vokalane er bevart og forlengd i den mykje utbreidde austtrønderske forma uddu, som også er kjend i stadnamn som Udduvoll. Uddu har det heitt endatil i bymålet i Trondheim. I somme trønderdialektar kan det også bli sagt øddu (Tydal, Verdal, Snåsa), og den lydrette jamningsforma i Inner-Namdalen er oddo.

Med utgangspunkt i dei utjamna formene kan ein så ved bortfall av mellomkonsonanten få u' eller uu (Meldal, Rennebu, Oppdal, Horg).

Når ein i trøndermål også finn variantar som veo, vuddu, vøddu og vu', særleg i samansetjingar som attveo, bakvuddu, kringvøddu o.l. (som alle tyder 'bakevje, ringstraum'), går dette helst tilbake på ei utgangsform vode. Men kor ein no reknar, har norrønt iða oppfylt det norske språklandskapet med over tjue forskjellige former!

Kvae

Det siste dømet vi skal ta for oss for å illustrere det slåande mangfaldet av former som kan finnast i dialektane våre, er også eit svakt hokjønnsord. Ordet er kvåe eller kvae «harpiks». Dette er eit såkalla overvektsord, i alle fall i utgangspunktet, sidan det har lang rotstaving. Den norrøne forma er kváða, der á markerer lang a-lyd. Men som vi skal sjå, oppfører det seg til dels som eit jamvektsord. Det er elles ikkje uvanleg at ordet har gått over til hankjønn, stundom også til inkjekjønn.

Forma kvae er truleg den mest vanlege i austlandsområdet, og ho finst elles spreidd i alle landsdelar, ofte truleg som innslag frå skrift. På Austlandet seier ein mange stader også kvaa (med to stavingar), og innimellom finn vi kva, som er inkjekjønn. Forma kvåe (eller kvåa, i a-målsområdet i Sørvest-Noreg på stader der ordet framleis er hokjønn) kan vi registrere frå Telemark, Agder og oppover heile Vestlandet til Romsdal, ofte i lag med andre former. Også i Gudbrandsdalen seier dei kvåe. I dei mest typiske kystområda har ein i mange høve ikkje ordet i det heile, og nyttar i staden lånordet harpiks eller harpeis(e). Variantar som held på d-en, finn vi i eit lite område på Nordvestlandet, med kvade i Nordfjord (her også kode) og kvåde på søre Sunnmøre. I Agder og Romsdal finst også forma kvoe, her og der på Vestlandet kvoa, og i Nesna er kvoä oppskrive; sjå meir om variantar med o-vokal nedanfor.

I austlandsdalane kan vi sjå at ordet får jamvektsformer: kvåo eller kvao i Valdres, kvåu eller kvau i Hallingdal, og kvøu (med ein spesiell ø-lyd) i Telemark og øvre Numedal. Kveu er registrert frå Nore i Numedal. Kvu' og kvo' frå Oppdal i Sør-Trøndelag må også gå tilbake på jamvektsformer, og det same gjeld truleg kvue, som er notert frå Hustad i Romsdal.

V-en kan falle bort, noko som gjev oss former som kåe (Odal, Solør, Østerdalen ofl. i Hedmark fylke, Lesja, einskildvis i Telemark, Bardu og Målselv) eller kåa (av og til i Hordaland). Før v-en forsvann, kan han ha verka med til at å-en endra seg til o. Resultatet av dette blir kode (Nordfjord, Sunnmøre), koe (somme stader i Østerdalen, Øyer, Nedre Telemark, Vestfold, Sunnmøre, Romsdal, Nordmøre, øvre og midtre Gauldalen, rørosbygdene, Selbu, Tydal, innimellom i Nord-Noreg), koa (a-målsområdet på Vestlandet; mange stader i Nord-Noreg – her også som koæ) eller forkorta ko(') (av og til på Sunnmøre, svært vanleg i Trøndelag, ofte i Nord-Noreg). Ku' i Rennebu går truleg ut frå kvu', ei form som ein enno har i grannebygda Oppdal.

Så har vi ei gruppe uttalevariantar der v-en er kommen inn att, men no etter rotvokalen. Vi får dermed kove (Romsdal, Nordmøre, spreidde stader i Finnmark), kova (Sunnhordland, Nord-Noreg) eller kov' (indre Nordmøre, Fosen, Meldal, nordre del av Nord-Trøndelag, Salten, Lofoten). Ei sterk form kov er registrert frå Breim i Nordfjord, og med til denne gruppa må vi også rekne kuv' (Meldal i Sør-Trøndelag). Heilt for seg sjølv står kåven, som hører heime i Finnmark (Båtsfjord, Gamvik). Ein reknar med at formene med v-innskot går tilbake på koa/koe.

Tel vi opp, får vi over tretti forskjellige måtar å uttale eitt og same ordet på. Nokon betre?

 

-- Tor Erik Jenstad er førstekonsulent og sekretær for statens namnekonsulentar for Midt-Noreg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:19.06.2015