Grammatikkbiten – grammatikk er morosamt

Det kan vel – jamvel blant lesarane av Språknytt – vera delte meiningar om sanningsverdien i overskrifta her. Det som det likevel ikkje kan vera delte meiningar om, er at setninga er korrekt norsk. På den andre sida er vi vel òg samde om at ordet grammatikk er eit hankjønnsord: ein grammatikk – grammatikken. Korleis kan vi da godta at eit predikativt adjektiv som står til dette ordet, har inkjekjønnsform? Her er fleire døme: (1) fisk er sunt, drosje er dyrt, sommarferie er ikkje aktuelt i år. Noko anna rart med desse setningane er at subjektet står i ubunden form utan artikkel. Det er ikkje vanleg i norsk: (2) *fisk hang på kroken, *drosje køyrde forbi, *sommarferie er i juli. Med andre adjektiv i 1 blir det òg reint gale: (3) *fisk er tjukt, *drosje er grønt, *sommarferie er ikkje langt i år. Set vi subjektet i bunden form, blir det heller ikkje heilt bra, jamvel med dei opphavlege "rette" adjektiva: (4) *fisken er sunt, *drosja er dyrt, *sommarferien er ikkje aktuelt i år.

Slike setningar viser at ei setning kan gøyma noko meir i seg enn nett det vi ser på overflata. Eksempla merkte 1 tyder om lag det same som desse setningane: (5) å eta fisk er sunt, å ta drosje er dyrt, å ta sommarferie er ikkje aktuelt i år. No står ikkje det predikative adjektivet lenger til eit substantiv, men til eit infinitivsuttrykk, og infinitivsuttrykk tek alltid adjektiv i inkjekjønn. Dei substantiva som er subjekt i 1, er no objekt til eit verb i infinitiv. Det er forklaringa på at dei kan ha ubunden form. Ei liknande tolking er ikkje mogleg korkje i 2 eller 3. Adjektiva i 3 er ikkje slike som kan stå til infinitivsuttrykk: (6) *å eta fisk er tjukt, *å ta drosje er grønt, *å ta sommarferie er ikkje langt i år. Infinitivsuttrykk uttrykkjer eit meiningsinnhald, men desse adjektiva kan ikkje beskriva eit meiningsinnhald.

Men kva er så i vegen med setningane i 4? Grunnen til at vi i det heile kan godta setningar av typen 1 med adjektiv i inkjekjønn, er at vi (sjølvsagt heilt umedvite) oppfattar dei som forkortingar av underliggjande konstruksjonar med verb, altså ein type predikat. Men for at vi skal kunna forkorta eit uttrykk på denne måten, må det uttrykkja noko heilt allment, slik at ikkje viktig informasjon går tapt. Det allmenne forsvinn dersom substantivet får bestemt form, og dermed blir det heller ikkje aktuelt å forkorta uttrykket.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter