Då nynorsken kom til universitetet – eit hundreårsminne

AV KJELL VENÅS

I 1899 skipa Stortinget eit nytt professorat i norsk språk. Det hadde ei lang føresoge. Kring 1880 arbeidde somme for at Ivar Aasen skulle bli professor, men han ville ikkje. Etter ein hard politisk strid vart det i 1881 løyvt pengar til eit professorat for Hans Ross, men mange ved Universitetet gjekk imot Ross, og det gav den konservative regjeringa mot til ikkje å setja tanken ut i livet. Dette professoratet var ei av fanesakene for Venstre, og då Johan Sverdrup hadde vorte statsminister i 1884, vart det sett gjennom året etter. Men då var Ross uviljug. Det vart ei løysing likevel, for Moltke Moe vart professor i staden. Han skulle òg ta seg av folketradisjonar, og det var det eigenlege faget hans, så det var helst det han dreiv med i forsking og førelesingar. Det var ynskjeleg å få gjort noko med dette, og etter ymis politisk togdraging vedtok Stortinget, med berre 6 røyster imot, å løyve pengar til eit professorat i «landsmaalet og dets dialekter». Ordet «landsmaal» var nemninga for det skriftmålet som seinare fekk «nynorsk» som offisielt namn. Universitetet på si side hadde drøft saka mellom anna ved å lata ei nemnd uttala seg, og ho gjekk inn for å skipa det nye professoratet ved å dele det gamle i to.

Det var to søkjarar til det nye embetet, Marius Hægstad og Amund B. Larsen. Hægstad hadde vore skulemann, bladmann og politikar, så han hadde ikkje mykje vitskapleg produksjon å vise for seg, lite meir enn ei avhandling om gammalt trøndermål. Han hadde ikkje ein gong full akademisk utdaning her i landet, berre noko dei kalla andreeksamen, som var allment førebuande prøver til sjølve embetsstudiet. Etter det hadde han rett nok studert noko ved det vidgjetne universitetet i Oxford. Men han hadde skrive mykje både på og om landsmål i bøker og blad, såleis den fyrste grammatikken om landsmål som var skriven på landsmål. Den hadde tittelen Norsk Maallæra og hadde kome ut alt i 1879. Larsen på si side hadde ein solid vitskapleg produksjon om norske dialektar; han var ein vitskapleg einar, men hadde ikkje skrive eit ord om eller på landsmål og hadde ikkje nokon tilhug eller tilknyting til målet. Den sakkunnige nemnda skar igjennom vanskane ved at ho la vekt på at Hægstad høvde godt for embetet, og at han hadde drive vitskapleg gransking av gammalnorske tekster. Nemnda rådde til at Hægstad vart utnemnd, og regjeringa følgde tilrådinga.

Fyrsteførelesinga 6. oktober 1899

Ein nytilsett professor ved Universitetet skulle den gongen halde ei høgtideleg fyrsteførelesing. Med ei akademisk vending kalla dei det «tiltrædelsesforelæsning». Det var ein skikk som heldt seg heilt til i 1960-åra og fyrst tok slutt med den store auken i stillingar då. Den som var utnemnd, kunne velja emnet fritt, men det var vanleg at det gjekk på noko sentralt i faget og gjerne gav eit program eller synte ei stemnelei som professoren ville gå. Hægstad gjekk til sjølve rota av faget då han tok «Upphavet til det norske folkemaal»som emne. Han sa at det skulle vera eit stutt utsyn over korleis folkemålet vårt hadde vakse fram. Med nemninga «folkemaal» meinte dei talemål, dialektar. Hægstad synte at utgangspunktet for det mangslungne folkemålet var at det hadde vore dialektskilnader alt i gammalnorsk tid. Han gjekk vidare i førelesinga med å dra liner frå gammalnorsk til målføra i samtida. Med valde døme av skriftstykke frå tida etter 1350 synte han korleis talemålet i Noreg hadde forandra seg i den tidbolken vi plar kalle mellomnorsk (1350–1526). Med det hadde norsk følgt ein vesteuropeisk kulturstraum med grammatisk forenkling som førte til eit mindre formrikt mål.

Til slutt i denne vitskaplege førelesinga hadde Hægstad ein målpolitisk bodskap. Den harde striden mellom dei to måla i Noreg burde slutte, for dei som no levde, var utan skuld i dei skriftspråklege vanskane vi hadde. Ein skulle tru at alle norske ynskte eit norsk mål i Noreg, og det ville vi lettast nå fram til når alle arbeidde for den beste norsk dei kunne og visste «– trufast og paa grunnlag av greid upplysning».

Bladet Den 17de Mai fortalde dagen etter at «festivitetssalen» på Universitetet hadde vore full ved førelesinga. Til stades var «professorar, riksrådar, språkmenn og elles studerande av alle slag». Den nye professoren hadde halde «eit stutt og greidt foredrag». Rett nok var den gamle festsalen på Universitetet den vanskelegaste staden å tala som fanst, for det var slik ein atterljom der at orda lett kom bort. Då Hægstad til slutt hadde peika på leia han ville følgje, vart det sterk klapping, «endaa det ikkje plar vera skikk å klappa til foredrag der i huset». Bladet visste også kva som var grunnen til at dei braut skikken; det var at «gleda vart mange for sterk. Ein kjende, at her var ein ny og god siger vunnen for det målet som so ille hev fare nedgjenom tiderne; men som likevæl hev halde seg so merkjelegt godt. Og ein kjende meir, ein kjende at Hægstad er mannen som med all sin ihug vil leggja seg i arbeidet, og få noko gjort».

Førelesinga åt Hægstad vart også noko referert i Dagbladet, og like etter vart heile manuskriptet prenta i Syn og Segn. Det kom til å bli eit viktig grunnskrift for nynorsk fordi det overtydande klart la fram den historiske bakgrunnen for målet. Hægstad hadde drege opp hovudlina for talemålsvoksteren i landet og samstundes felt den faglege kunnskapen inn i eit målpolitisk program på ein folkeleg og godlidande måte. Det nye embetet i landsmål frå 1899 var det fyrste i den faglege disiplinen som frå 1917 vart kalla nordisk språkvitskap. Eit embete i riksmål som svara til embetet i landsmål frå 1899, kom i 1916, og i det vart D.A.Seip utnemnd. Førelesinga åt Hægstad stod òg for eit tidarvende i språkleg akademisk liv, for det var den fyrste førelesinga på nynorsk ved Universitetet.

Marius Hægstad som vitskapsmann

Hægstad var mest 50 år då han tok over det nye embetet, men i dei 23 åra han sat i embetet, kom han til å gjera ein stor språkvitskapleg innsats. Han fingranska handskrivne tekster frå gammalnorsk og mellomnorsk tid og la med det grunnen til eit nytt syn særleg på gammalnorsk. I arbeidet sitt om gammalt trøndermål hadde han vore ein føregangsmann i studiet av gammalnorsk, og seinare grunnfeste han plassen sin med eit verk i mange band om vestnorske målføre føre 1350. I desse omfattande studiane synte han at gammalnorsk ikkje hadde vore eit einskapleg mål, men at det hadde vore dialektar i gammalnorsk mest som i nyare norsk.

Saman med Hjalmar Falk stod Hægstad seinare for det vitskaplege bakgrunnsarbeidet med å føre ein stor del av namna på kartverket vårt og namn på inndelingar av geografiske område over frå dansk til norsk skriftform. Det var namn på administrative einingar av ymse slag, slikt som bispedøme, fylke, herad, domssokner og lensmannsdistrikt. I samband med det arbeidet kom dei to også med framlegg om å ta opp nemningane «fylke» (med «fylkesmann») og «bispedøme» i staden for dei tysk-danske nemningane «Amt» (med «Amtmand») og «Stift», som var brukte tidlegare. Nemninga «fylke» tok dei opp frå gammalnorsk, og det kan gje ein tanke om kor uvanlege og avvikande dei nye nemningane var, når ein ser at statsråden og departementet ville ha hatt den gamle hovdingnemninga «jarl» i staden for «fylkesmann». Det var stor politisk strid om dette, særleg då spørsmålet om inndelingsnamna var oppe i Stortinget sommaren 1918. Falk og Hægstad laga òg ei utgreiing om bynamna våre, og om kva grunnar det var til å forandre nokre av dei. Dei tala sterkt for å ta opp att Oslo i staden for Kristiania. Det vart gjennomført i 1925.

Marius Hægstad som målmann

Marius Hægstad kom ikkje beinveges frå bondefolk, han var son av cand.jur. Ole Hægstad og Charlotte Abigael Rønneberg, ei dotter av handelsfolk på Larsnes ved Ålesund. Han voks opp i Nordfjord og Bergen, og alt i 14-års-alderen, då han gjekk på latinskule i Bergen, vart han overtydd målmann. Med tanke på det fekk han i studietida tilnamnet «Maalet». Utanfor vitskapen og embetet sitt var han like verksam som målmann heile livet. Som stortingsmann laga han i 1894 den fyrste lova med nynorsk tekst, og han fekk drive saka igjennom i Stortinget endå framlegget møtte hard motstand frå mange som tykte det var heilt urimeleg å ha lover på landsmål. Då Bjørnson i 1899 opna strid mot landsmålet med ei vidgjeten tale i den gamle losjesalen i Kristiania, omtala han også Hægstad sjølv, som han omtala som «en sød Mand», og det nye professoratet, som han hadde litt moro av. I 1906 var Hægstad ein hovudmann på den fyrste store målstemna i hovudstaden. Han tala sterkt for at dei skulle leggje press på Stortinget for å få fastsett at det skulle vera skriftleg prøve i landsmål til studenteksamen, og det vart vedteke året etter. Ved same høvet skipa stemnelyden Noregs Mållag, og Hægstad vart den fyrste leiaren i laget. Seinare var han ein hovudmann i arbeidet med å innføre fireårs landsgymnas. Det fyrste av dei kom på Voss i 1916. Marius Hægstad var fødd i 1850 og døydde i 1927.

 

-- Kjell Venås, som nå er pensjonert, har vært professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:23.06.2015