Noreg

Landet vårt skal framleis heite berre Noreg på nynorsk.

Kulturdepartementet har etter ei samla vurdering avvist eit framlegg frå 1996 frå nynorskseksjonen i Norsk språkråd om å innføre sideforma Norge. Framlegget frå nynorskseksjonen var omstridt og vart gjort med 13 mot 6 røyster.

Namneforma Noreg vart innført som eineform i nynorsk som ein del av rettskrivingsreforma av 1938. Frå 1917 til 1938 var Norig og Norge jamstelte former, men forma Norge var lite brukt. Før 1917 var Norig den vanlege forma i nynorsk – det var denne forma Ivar Aasen gjorde framlegg om – men også forma Noreg vart ein del nytta. Forma Noreg vart etter kvart meir og meir vanleg i 1920- og 30-åra, etter eit vedtak i Noregs Mållag i 1922.

I norrøne skrifter er forma Noreg(r), frå eldre Nordrvegr, som viser til det mest sannsynlege opphavet «nordvegen, vegen mot nord». Det er rimeleg å tru at namnet er blitt til i landa sør for Noreg, først som ei nemning for sjølve skipsleia og kyststrøka. Seinare kom namnet i bruk på det samla riket.

I store delar av landet vårt vart landsnamnet uttalt når(r)i eller liknande til langt ut i etterkrigstida. I dag er nårge den dominerande uttalen. Denne uttalen er såleis ei skriftbasert uttaleform, prega av bokmålsforma Norge.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter