Grammatikkbiten – da og når

Dei fleste av oss har vel ein gong lært regla «Den gong da og kvar gong når». Men same kor godt vi hugsar regla, så kjem vi ofte i stuss om kva som er «rett», og ein treng ikkje lesa mange spaltecentimeter i ei avis for å finna brott på regelen. Årsaka er nok at den «rette» fordelinga av desse to orda ikkje er gjennomført i nokon norsk dialekt, slik at dei færraste har ei naturleg kjensle for kva som er rett.

Legg merke til at det er berre i leddsetningar det oppstår tvil. Spørsmålet er til dømes om det skal heita Når du kom, ... eller Da du kom ... Ingen vil finna på å spørja om det skal heita Når kjem du? eller Da kjem du?

Det dreiar seg her eigentleg om to heilt ulike ord. Da er eit tidsadverb, som kan stå både i leddsetningar og hovudsetningar, både fyrst og lenger ute i setninga: Da såg han meg / Han såg meg da. Når er eit spørjeord, som normalt berre kan stå fyrst i setninga: Når kjem du? Eit liknande tilhøve har vi mellom stadorda der og kor: Der er ho / Ho er der / Kor er ho? Der er eit adverb, og kor er eit spørjeord. Begge desse kan òg brukast til å innleia leddsetningar: Set deg der du vil / Set deg kor du vil. Men ved desse orda har ein av ein eller annan grunn ikkje funne det for godt å laga ein regel av typen «Ein stad der og kvar stad kor».

Men korleis kan det ha seg at to så ulike ord, eit spørjeord og eit adverb, kan brukast på same måten til å innleie leddsetningar? Da lyt vi sjå på kva slags leddsetningar det gjeld. Det er setningar for tid og stad. Dei er eigentleg ein type relativsetningar, med eit overordna ord og ei utfyllande leddsetning attåt. Ei vanleg relativsetning ser slik ut: den som du kjøpte, der den er det overordna ordet, og som du kjøpte er ei utfyllande relativsetning. Dersom det overordna ordet er der, får vi ein tilsvarande konstruksjon: der som du bur. Og på bokmål kan vi også bruke hvor i staden for som: der hvor du bor. (Ein slik bruk av kor førekjem òg i nynorsk, men er ikkje så vanleg.) Men vi kan òg utelata det ordet som innleier relativsetninga: den boka du kjøpte / der du bur. I tillegg kan vi i stad-setninga utelata der: det huset hvor du bor.

Tilbake til tidsuttrykka med da og når. I visse former for norsk talemål er det også mogleg å kombinera desse: Da når du kom ... Dette er altså ein parallell til der hvor. Akkurat som vi i visse variantar av norsk seier anten der du bor eller hvor du bor med om lag same tyding, seier vi også da du kom eller når du kom med om lag same tyding.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter