Om formene menner, born og augo i læreboknormalen

I Språknytt nummer 1.98 skriv Jan Terje Faarlund om «Ny læreboknormal for nynorsk» og nye prinsipp for normeringi av nynorsk (frå side 1 til 3), og til slutt oppmodar han oss til å drøfta framleggi frå fagnemndi. Dei fem prinsippi som er oppsette på fyrste sida, ser greie ut ved fyrste augnekastet, men problemi melder seg snøgt når me ser på framleggi frå fagnemndi på andre og tredje sida. Eg vil her berre taka for meg dei tre dømi i overskrifti og sjå på utbreiingi deira i målføri og tilhøvet til nynorsk skrifttradisjon. Framleggi frå fagnemndi bryt sterkt med dei prinsippi som er nemnde i innleiingi åt Faarlund, og desse formene bør ikkje gå ut or læreboknormalen etter mitt syn. Det skal eg grunngjeva nedanfor.

Formene or målføri våre som eg syner til her, er tekne or synopsisen, samleverket, i Målførearkivet, og dei er tilgjengelege for alle i samlingane våre.

Formi menner

På Austlandet er menner den vanlege fleirtalsformi, t.d. i Østfold, Vestfold (med ein open a-lyd som innskotsvokal) og nordetter flatbygdene so langt som -r held seg. I Nord-Østerdalen og Nord-Gudbrandsdalen har hankjønns- og hokjønnsord med omlyd og einstavings tonelag i fleirtal fått bortfall av endingi (t.d. føt, bøk), og her er då menn den einaste formi. Sameleis er det i Nordhordland (sjå nedanfor). Dei lyt læra å skriva føter, bøker, og formi menner vil då fylgja same regelen for dei i opplæringi. Frå og med Valdres og søretter fjellrekkja til Telemark, indre Agder og vestetter til Dalane i Rogaland er innskotsvokalen -a i desse hankjønns- og hokjønnsordi, og her er menna(r) eineform. (Denne -a-en kjenner me frå midlandsmålet, t.d. hjå Garborg). Heile Vestlandet til og med Sunnmøre (frårekna Nordhordland, som ikkje har innskotsvokal) held på -e i fleirtal, med -er i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger, (på Voss med -u i fleirtal, den sermerkte vossa-u-en), og etter desse målføri er menner den einaste brukelege formi i skriftmålet.

Formi mann i fleirtal finn me i Romsdalen, på Nordmøre (Stemshaug har -er) og i mykje av Sør-Trøndelag (med bortfall av innskotsvokalen slik som i Nord-Østerdalen og Nord-Gudbrandsdalen), men rundt Trondheim, i sjølve byen og sume stader i Fosen er -er vanleg (sameleis i Melhus og Hølonda). Frå og med Innherad i Namdalen og på Helgeland held desse omlydde ordi på -r i fleirtal, og menner er den rådande formi helt nord til Rana og Salten.

Frå og med Ofoten og nordetter i Nordland, i det meste av Troms og i heile Finnmark er den analogiske formi manna so godt som einerådande (med palatal -n og tostavings tonelag), berre med spreidde døme på menn(er), og menn i bymåli i Kirkenes og Vadsø.

Dette syner då greitt at det er heilt meiningslaust å taka ut formi menner or læreboknormalen, for eigenleg er det formi menn som er avvikande i nynorsk, både i skrift- og talemål, og ho har eigenleg ikkje krav på noko rom (anna enn om ein vil leggja vekt på ei tilnærming til bokmål?). Dersom det skal gjerast noko med desse formene, ville eg heller ha teke ut formi menn for å skapa konsekvens i opplæringi. Formi menner må i alle høve verta ståande.

Fleirtalsformi born

Fagnemndi i Språkrådet vil no taka fleirtalsformi born ut or læreboknormalen, skriv Faarlund. Denne utskytingi or læreboknormalen må meir byggja på eit ynske om systematikk enn på kunnskap om bruken i målføri. Bruken i skriftmålet òg stør formi born. Eg vil her gjeva Språkrådet dei nyare opplysningane me har i Målførearkivet om den vide utbreiingi av denne omlydde fleirtalsformi, slik at ho fullt ut kan få halda på plassen sin.

Eintalsformene får me fara noko lettvint over, men dei skifter frå barn (i bymåli og etter skriftmålet), badn (i sørvestlandsk), bådn (Hallingdal – Valdres), alle med lang vokal, til ban (med palatal n) frå og med ytre Sogn og Nord-Østerdalen og nordetter, og bån (med lang å) frå Gudbrandsdalen og Sør-Østerdalen og søretter til og med Aust-Agder.

Fleirtalsformi er då i regelen båddn (i sørvestlandsk, med stutt, open o-lyd), bøddn (Hallingdal – Valdres), bånn (med palatal n) frå ytre Sogn til og med Romsdalen, på Nordmøre, i Trøndelag, Nord-Noreg og Nord-Østerdalen. I målføre med bån i eintal har dei fleirtalsformer med bonn, bånn (med open o-lyd eller ö), i Vest-Telemark og Setesdalen, og fleirtalsformene bon, bån med lang vokal finn me i Aust-Telemark, Numedal, indre Vestfold, i Østfold og Akershus (òg barn der); bon er vanleg i mange opplandsmål (Toten, Hedmark, Solør) og i Sør-Østerdalen, og i heile Gudbrandsdalen er bon eineform i fleirtal.

Formi born i fleirtal er då den samlande formi for alle desse målføreformene med omsyn til vokalismen. Fleire vil seia at dei heller vil bruka ordet unge, i fleirtal unga(r), i daglegtalen, då med sine uttaleformer, men i skriftmålet og i lærebøkene treng me jamt ordet barn, og då er vokalismen i fleirtalsformi born i samsvar med dei aller fleste målføri, so Språkrådet må framleis lata denne formi få ha romet sitt i læreboknormalen.

auga – augo

Linne inkjekjønnsord på -a, t.d. auga, hjarta, øyra, har hatt jamstelte former med -a eller -e i endingi (i siste høvet med -t i bundi form og fleirtal med -e og bundi form på -a, dei auga), men no skal dei få ny status, med di -a skal gå ut or læreboknormalen, skriv Faarlund, og det dreg med seg at dei tradisjonelle formene med fleirtal på -o, augo, hjarto, øyro, òg fell ut. Denne omskipingi må vera heilt uturvande og forkasteleg, for formene med -a har svært vid utbreiing i talemålet og har jamt vore mykje nytta i skriftmålet òg; jamfør serleg punkt 2 og 3 i prinsippi hjå Faarlund.

Me skal her sjå på utbreiingi av -a i ubundi form eintal, og me brukar auga til typedøme. Alle dei sørvestlandske a-måli (målføri frå og med midtre og indre Sogn til og med Vest-Agder) har -a, og mest heile e-måldelen av ytre Sogn og Jostedalen held på -a her. I austnorske mål finn me formerr med -a (trass i den lange stavingi) i Nord-Gudbrandsdalen og Midt-Gudbrandsdalen (Fron og halve Ringebu), i Valdres (til og med Etnedal og halve Sør-Aurdal), i Hallingdal (ned til og med Flå), i noko av Aust-Telemark (t.d. Hjartdal) og heile Vest-Telemark. Vidare finn me -a i dei sørlege e-måli frå Nissedal og Fyresdal (i Telemark), og i heile Setesdalen (frårekna Evje), Tovdal og Gjøvdal i Aust-Agder, men Åmli skil seg ut med -e i hjarte (elles -a). I Aust- og Midt-Telemark skifter -a og -e noko (t.d. i Bø og Sauherad).

På indre Nordmøre finn me -a i bygdene Sunndal, Ålvundeid og Øksendal (òg -e i Øksendal), og dei ytre bygdene Aure, Valsøyfjord og Stemshaug har -a, sameleis i Hemne og Vinje i Sør-Trøndelag (grensebygder mot Nordmøre). I ytre Namdalen fylgjer Leka, Vikna og Nærøy helgelandsmålet med -a, og -a (eller ein noko opnare a-lyd, mot æ) er vanleg på Sør-Helgeland. Lenger nord i Nordland held endingi -a seg i Salta-Folda-området (trass i endingsbortfallet i ei mengd andre former), og -a er vanleg i Ofoten. Former med -a frå Kvæfjord, Torsken og Balsfjord i Troms kan truleg vera hokjønnsord (i alle høve frå Balsfjord).

Denne opprekningi syner til fullnads kor sterkt -a-endingi står i målføri, og Språkrådet må lata -a få stå i læreboknormalen slik som før, og då med flerital på -o, -o som i tradisjonelt mål.

Tillegg: Det er med vilje eg ikkje tek opp fleirtalsformene her, men fagnemdi burde taka seg tid til ei skikkelig drøfting av problemet med fleirtalsformene i lint inkjekjønn, for i svært mange målføre har desse ordi fått nye, analogiske hokjønnsformer i fleirtal, endå om inkjekjønn eintal står ved lag. I regelen er desse analogiske fleirtalsformene etter dei linne høkjønnsordi, t.d. auge(r), -o(r), -u(r) og bundi form på -en(n), -edn, -edna, -on(n), -un(n) og -udn etter den endingi målføret har der. Tilfanget er rikeleg i synopsen vår i arkivet, om nokon vil bruka dette materialet til eit oversyn.

 

-- Andreas Bjørkum er professor i målføre ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter