Ordbok over trøndermåla

Straks føre jul opplevde ein i Trøndelag det uvanlege at ei språkbok gjekk til topps på salslistene i mange bokhandlar. Dette uforferda produktet var Trønderordboka, redigert av Tor Erik Jenstad og Arnold Dalen og utgjeven av Tapir forlag (Trondheim 1997, 287 sider).

AV KRISTOFFER KRUKEN

Forlaget satsa optimistisk, og fekk eit eventyrleg tilslag: Etter få veker hadde dei selt over tre tusen bøker av eit førsteopplag på fire tusen.

Boka er eit resultat av arbeidet med prosjektet «Ordbok over trøndermåla», som tok til med NAVF-støtte i 1981. Redaktørane kallar sjølv boka ei folkeutgåve. I det ligg det at ho er ein litt forenkla versjon av det som frå byrjinga var tenkt å bli ei heildekkjande, vitskapleg ordbok, men som økonomien dessverre har sett bom for, iallfall førebels. Når gali først skal vera, er 'folkeboka' ei god løysing. Ho inneheld om lag 4000 ord og dekkjer det mest sentrale og spesielle ordtilfanget i Trøndelag og på Nordmøre. (Trøndelag omfattar i denne samanhengen òg Frostviken i Jämtland, som frå gammalt har same målføret som Lierne.) Dei fleste orda har ei viss utbreiing i landsdelen, og somme er kjende over heile området. Ikkje alle er reine trønderord, men finst og andre stader i landet. Heilt sjeldne ord, med belegg frå berre éin stad, er som regel ikkje tekne med. Ordartiklane er oppbygde slik: oppslagsform, ordklasse, definisjon(ar), heimfesting, bruksdøme, uttalevariantar, etymologi.

Oppslagsformene er gjennomgåande normaliserte, så sant det ikkje er snakk om enkeltståande belegg eller etymologisk usikre ord (t.d. slåggå). Der normaliseringa gjev stor avstand til uttalen, er det brukt tilvisingar etter skjønn, t.d. frå oddo og uddu til ide f, og frå lånnå til lina v, men ikkje t.d. frå moro og murru til mare f eller frå lanna til lina v. Det kunne gjerne ha vori fleire tilvisingar, for det er ofte vanskeleg – både for trønderane sjølv og andre – å vita kva normalform eit trøndsk ord svarar til. Som døma viser, gjeld avvika helst jamvektsord. Sidan rettskrivinga tillet kløyvd infinitiv (-a/-e), men ikkje kløyvd nemneform i substantiv, kjem det trøndske jamvektssystemet, trass i alt, best til uttrykk i verba. Såleis har utlydsvokalen både i verbet tåggå og i substantivet tåggå m grunnlag i ein historisk a, men etter rettskrivinga kan a-en berre brukast i verbet. Rettskrivinga har òg ført til skilnad mellom ei kort form som jar m og ei lang form som dugurd m. For å dekkje det trøndske formsettet (jar, jåddår o.fl.) burde også det første hatt lang form, jadar.

Uttalen av ord og setningar står med lydskrift i kursiv når opplysningane er nokolunde sikre, men med vanlege bokstavar i utheva kursiv når belegga uttalemessig er meir usikre. Skilnaden er etter mitt syn godt motivert og skaper aldri problem for forståinga. Somme av teikna i lydskrifta hallar meir enn dei andre, noko som gjev eit uryddig synsinntrykk. Det ser ut til at to fontar er brukte om einannan. Dette bør rettast ved eit eventuelt nytt opplag.

Tydingsskilnader er, som forklart i innleiinga, markerte med tal og bokstavar, og uttalevariantar og bruksdøme er skilde med semikolon. Men her er det flytande overgangar, og mange stader må det som er avgrensa med semikolon, lesast som tydingsnyansar og ikkje som konkret språkbruk. Det gjeld t.d. 'ynkeleg stakkar; krek' ved skræling m, og 'pirke; fingre med' ved pjota v, tyding 1. Andre stader verkar tydingane for lite samanarbeidde, slik at orda framstår som meir tydingsrike enn dei i røynda er. Såleis har t.d. skvarr n fått fire tydingsvariantar, alle skilde med semikolon. Her trur eg nyansane i stor grad botnar i ulik ordlegging hos informantane. Tilsvarande ved stuppul m, tyding 5, o.fl. Fordelen med å redigere såpass forsiktig er at grunnlagsmaterialet kjem meir til sin rett.

Av og til blir det opplyst at ordet finst i stadnamn, t.d. aun n, forskott n og hevel m. I slike tilfelle blir ikkje namna drøfta som namn, men tener som kjelde til ordkunnskap. Særleg kan dei vise andre (og oftast vidare) ordgeografiske grenser enn det ein elles har opplysningar om. Nyttar ein stadnamn slik, vil dei primært kaste lys over eldre tids språkbruk og dermed leggje ein historisk dimensjon til ordstoffet.

Til heimfesting er det nytta både større område og herads- eller kommunenivå etter eldre inndeling. Dette gjev presise geografiske opplysningar, men ein må vera klar over at dei områda som blir nemnde, prinsipielt er minimumsfelt for ordet. Ofte finst det vidare, berre at ordboksprosjektet ikkje har fått belegg på det. Litterære sitat er heimla med forfattarnamn og kort tittel. Det er eit sakn at siterte forfattarar og verk ikkje er oppførte i ei samla liste, slik som informantane elles er (s. 285–287).

Mykje av materialet til ordboka har komi inn som ein del av eit breiare tradisjonsstoff knytt til reiskapar, arbeidsliv, samværsformer, sed og skikk osv. Mange av desse fenomena er no borte og ukjende for dei fleste, og orda truleg likeins. At ordtilfanget såleis i visse delar er døyande eller utdøydd, kjem ikkje direkte fram, og nokon slik klassifikasjon av 'helsetilstanden' åt orda er det vel heller ikkje mogleg å gje. Eit inntrykk elles er at påfallande mykje av det som finn sin plass i ei slik bok, er ord som karakteriserer folk, og da som regel negativt, anten det gjeld kropp, framferd eller sinnelag. Kanskje er òg denne delen av ordtilfanget meir levedyktig enn ord for konkrete ting. På den andre sida kan det hende slike ord kjennest spesielt lokale for informantane – og dermed blir spesielt åtgådde ved oppskriving – fordi orda gjerne er lite framme i offentleg tale og skrift.

Boka har ei framifrå innleiing med oversyn over dei viktigaste lydlege og grammatiske trekka i trøndsk. Somme av fenomena er illustrerte med kart. Det er òg nytta kart til å vise ordgeografiske mønster i ordboksdelen, m.a. for 'knott', 'kvaks' og 'mygg'. Oftast er orda eller ordformene som skal demonstrerast, skrivne direkte på kartet, med heildregne liner imellom. Dette er mykje betre enn den tradisjonelle måten med å setje symbol på kartet og orda ved sida av. Også teknisk er karta av svært høg kvalitet.

Trønderordboka er i beste forstand folkeleg utan at det har gått utover den faglege kvaliteten. Den store interessa ho har vorti møtt med, er fullt fortent og til rettkomen heider for både redaktørar og forlag. Stoffet vil i neste omgang òg koma Norsk Ordbok til gode, og materialet er allereie tilgjengeleg på Internett.

 

--Kristoffer Kruken er førsteamanuensis ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Seksjon for namnegransking ved Universitet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.11.2003 | Oppdatert:25.06.2015