Leiar: Rettskriving og sensur

I ein reportasje i Aftenposten 14. april kritiserte lærebokforfattar og forskar Egil Børre Johnsen norske lærebøker for «at de fører et utvannet, dårlig språk». Dette utspelet, som utan tvil var vel motivert, førte til fleire oppslag og kommentarar også i andre aviser.

Måten denne saka har vorti handsama på i pressa, er svært illustrerande for korleis media kan rota til ei viktig sak: Det startar med eit utspel i ei dagsavis frå ein kompetent fagperson. Denne avisa vil gjerne ta kulturspørsmål på alvor og lagar eit godt synleg og journalistisk respektabelt oppslag om kvaliteten på lærebøker. Avisa er ikkje av dei mest tabloidiserte her i landet, men likevel gjev dei ikkje fagpersonen plass nok til å konkretisera kritikken av språket i lærebøkene. Karakteristikkar som «utvatna», «dårleg» og «fråverande forfattarstemme» er med respekt å melda ikkje særleg presise. Dermed er det fritt fram for å vri debatten i den mest salsvennlege leia, og Dagbladet fleskar til med ein leiarartikkel med overskrifta Stopp sensuren, der dei utan vidare og utan nærmare grunngjeving eller dokumentasjon rett og slett slår fast at «det lave kvalitetsnivået skyldes den norske statens sensureringsbehov». Sanneleg litt av ein analyse av eit komplekst problem! Debatten har no gått over til å gjelda godkjenningsordninga for lærebøker generelt, og frå ulike hald kjem det krav om at ho må avskaffast, fordi det er sensur.

Lærebøker skal godkjennast av tre instansar, og den eine er Norsk språkråd, som skal sjå til at språkforma er i samsvar med gjeldande rettskriving (læreboknormalen).

Vi spør oss da: Kva har kontroll av rettskriving med sensur å gjera? Det kan knappast kallast sensur å retta ved sidan av til ved sida av eller ellers til elles i ein nynorsktekst. Og dersom den personlege forfattarstemma seier Kva utføringa av arbeidet kostar, så gjer det vel ikkje så mykje om han må vika for det «utvatna» Kva det kostar å gjera arbeidet.

Det vi treng, er ein debatt om kva som faktisk og konkret er i vegen med lærebøkene, og om korleis kvar lekk i produksjonen, frå forfattarens fyrste idé til sistekorrekturen i forlaget, verkar inn på kvaliteten i bøkene.

 

Jan Faarlund

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.07.2004 | Oppdatert:25.06.2015