Nytt frå Språkrådet

Nynorsk ordtilfang

På årsmøtet til Norsk språkråd 12.–13. februar vedtok nynorskseksjonen samrøystes at framlegget om å ta inn i nynorske ordlister ein del nye ord på an-, be-, -heit og -else skulle sendast attende til fagnemnda i Språkrådet. Avgjerd i den vanskelege og omstridde saka om ordtilfanget blir dermed utsett. Nynorskseksjonen vedtok òg samrøystes at det skulle arbeidast vidare med prinsippa for ordtilfanget i nynorsk, og at nytt framlegg skal leggjast fram på årsmøtet i 1999.

Importord

Årsmøtet i Norsk språkråd 12.–13.februar slutta seg til framlegget om prinsipp for behandling av importord i norsk. Dei grunnleggjande prinsippa er at ein skal prioritere å finne norske ord for heilt nye framandord, og at ein elles bør arbeide for at flest mogleg av importorda som går inn allmennspråket, får norsk skrivemåte.

Vellykka døme på det første er nakkesleng for whiplash, utblåsing for blowout, idédugnad for brainstorming og fagkunnskap for knowhow.

Døme på eldre eller nyare ord som har fått norsk skrivemåte, er streik, trål, faite og pønk.

Årsmøtet la elles vekt på at når ein gir ord norsk skrivemåte, bør ein gå fram i moderat tempo og ta rimeleg omsyn til reaksjonane frå språkbrukarane.

Kåre Lilleholt leiar

Professor Kåre Lilleholt vart gjenvald som leiar av nynorskseksjonen i Norsk språkråd og tek over som leiar av styret i 1998. Styreleiaren kjem annakvart år frå nynorskseksjonen, annakvart år frå bokmålseksjonen. Lilleholt er til dagleg professor i jus ved Universitetet i Bergen. Direktør Ola Haugen vart gjenvald som leiar av bokmålsseksjonen og blir nestleiar i styret. Leiar og nestleiar i fagnemnda er professor Dag Gundersen (bokmål) og professor Jan Terje Faarlund (nynorsk).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter