Rettskrivingsreformer i nynorsk i dette hundreåret

AV LARS S. VIKØR

Ved førre hundreårsskifte hadde nynorsk vore i bruk i fleire tiår. Men noka offisiell rettskriving for nynorsk fanst ikkje; Aasens normal var ei rettesnor som dei første brukarane såg på som genial, men sjeldan følgde fullt ut. Frå 1892 var det tillate å bruke nynorsk som opplæringsmål i folkeskolen, og det kunne ikkje godt gjerast utan ein fastsett normal for skrivemåten. Kyrkje- og undervisningsdepartementet sette derfor i 1898 ned ei nemnd til å arbeide ut ein slik normal, med skolemannen Rasmus Flo, forfattaren Arne Garborg og vitskapsmannen Marius Hægstad som medlemmer. Vi kan dermed markere hundreårsminnet for det statlege rettskrivingsstrevet for nynorskens del i år.

Vi skal gi eit oversyn over hovudlinene i dette strevet i denne artikkelen, sentrert om dei årstala som markerte nye offisielle rettskrivingar.

1901

Rettskrivingskomiteen kløyvde seg og la fram to framlegg. Flo og Garborg ønskte ei rettskriving som bygde på dei såkalla midlandsdialektane, særleg Vest-Telemarksmålet. Normalen deira kallast «midlandsnormalen», og bygde på slike drag som kløyvd infinitiv (å vera – å kaste), i-ending i supinum av sterke verb (hev funni), -i- og -u- i bøyingsendingar i staden for -e- og -o-: fleire Skaalir – alle Skaaline, fleire Visur – alle Visune, og i tillegg ei stryking av stumme t-ar, også i bunden form inkjekjønn som Huse, Borde osv.

Hægstad ville byggje på Aasens normal, med visse lempingar. Han ville altså halde på infinitiv på -a i alle verb (å vera, å kasta), supinum på -e i sterke verb (hev funne), -e- og -o- i bøyingsendingar: fleire Skaaler, fleire Visor, og endeleg Huset, Bordet osv. Alt dette er former Aasen hadde, bortsett frå at Aasen ville ha fleire stumme t-ar i bøyingsendingar: hev funnet, det Augat, nokot, og ikkje minst denne fortidsbøyinga av a-verb: kastade – hev kastat. Men her hadde dei enklare formene funne, Auga, noko og kasta – hev kasta alt komme i praktisk bruk, og Hægstad var altså samd med Flo og Garborg i at desse forenklingane kunne gjennomførast. Derimot gjekk han imot dei når dei ville sløyfe -r- i bestemt form fleirtal av substantiv, og altså skrive Armane, Skaaline og Visune. Aasen hadde Armarne, Skaalerna og Visorna, og Hægstad godtok berre utjamning av sluttvokalen: Armarne, Skaalerne og Visorne, skulle det heite.

Departementet vedtok å satse på Hægstads framlegg, og gjorde det til hovudform i skolen (kalla «Hægstad-normalen»). Men midlandsnormalen vart tillaten for elevar, altså som det vi no kallar «sideform». Han gleid likevel stilt ut av biletet som offisiell normal og eksisterte i alle fall ikkje meir etter 1917.

1910

Dette året vart det innført nokre sideformer i Hægstad-normalen til valfri bruk for skoleelevar: Ubestemt form av svake hokjønnsord skulle kunne få -e ved sida av -a: ei vise ved sida av den tradisjonelle forma ei visa. Dei r-lause formene i bestemt form fleirtal slapp no inn: armane, skaalene, visone ved sida av armarne, skaalerne, visorne. Verb på -ere fekk tillaten e-bøying: studerer – studerte – studert ved sida av det tradisjonelle studerar – studera – studera. Ei rekkje ord med -ju- eller -jo- skulle kunne få -y-: bryta, blyg, krypa, lyn ved sida av brjota, bljug, krjupa, ljon. Dei store førebokstavane i substantiv var på denne tida glidd ut or språket utan at det eigentleg var formelt bestemt i noka konkret rettskriving.

1917

Denne rettskrivinga omfatta begge målformene og var så stor og detaljert at vi her berre kan nemne nokre få hovudpunkt. Minst omstridd var innføringa av bokstaven å for aa i begge målformene. Elles var denne rettskrivinga todelt: Dei minst vidtgåande endringane vart kalla «obligatoriske» og gjennomførte for alle, og ei rekkje langt meir radikale endringar vart gjorde valfrie. For første gong var tilnærming til bokmålet no ei av hovudmålsetjingane for ei rettskrivingsreform; den andre målsetjinga var å skaffe målforma eit breiare og meir representativt dialektgrunnlag.

Den viktigaste obligatoriske endringa var at den stumme -r-en i bestemt form fleirtal av substantiv vart fjerna; det skulle altså no heite armane, skålene, visone. Dessutan vart stum d fjerna i ein del ord for å skape samsvar med (dei radikale formene i) bokmål: brei, li, hei (tidlegare breid, lid, heid).

Dette var likevel lite mot dei valfrie endringane. Viktigast her var innføringa av -a i bestemt form av sterke hokjønnsord eintal og inkjekjønn fleirtal: boka, sola, husa, borda ved sida av dei tradisjonelle boki, soli, husi, bordi. I same slengen kom vokalen -e- for -o- i fleirtal av svake hokjønnsord: viser – visene ved sida av visor – visone. Dette vart sjølve skiljemerket i dei to hovudvariantane av nynorsken seinare: a- målet versus i-målet.

Infinitiven på -e vart godteken ved sida av -a: leve, kaste ved sida av leva, kasta. Kløyvd infinitiv kom inn att som tillaten form for elevar: leva, kaste.

Andre utradisjonelle verbalformer som vart valfrie var passiv på -(a)s: finnas – fins ved sida av finnast – finst; presens på -er i sterke verb: finner, kjemer ved sida av finn, kjem; -d i supinum av ei rekkje e-verb som tradisjonelt hadde -t: har bygd, levd, trudd, greidd ved sida av har bygt, levt, trutt, greitt; -te i preteritum av ein del verb som tradisjonelt hadde -de: kvilte, førte ved sida av kvilde, førde; presensformer som får, gir (og infinitiv gi), slår, tar ved sida av fær, gjev (infinitiv gjeva), slær, tek.

Også i enkeltord vart det innført ei lang rekkje valfrie former, som vi her berre kan gi nokre få døme på: mellom, før, om, så, drøm, høst, høra/høre, venn, fattig, gammal ved sida av tradisjonelt millom, fyrr, um, so, draum, haust, høyra, ven, fatig, gamal. Men dei eldre formene var altså framleis i praksis «hovudformer» og nok også mest brukte.

1938

Hovudmålsetjinga med denne reforma var, som i 1917, tilnærming til bokmålet og til ikkje-vestlandske dialektar. Men ei anna målsetjing var nedskjering av valfriheita i 1917-rettskrivinga. Systemet med ein læreboknormal som berre skulle omfatte eit utval av dei tillatne formene, hovudformene, og eit vidare utval av sideformer som elevar skulle kunne bruke utan å få feil for det, vart no utbygd for alvor i begge målformene.

Hovudendringa i formverket i nynorsk var at a-målet vart gjort til obligatorisk lærebokform, mens i-formene vart sideformer. Etter den vanlege ordlistekonvensjonen å setje sideformer i klammer, markerer vi dette forholdet slik: boka [boki], husa [husi], viser [visor], visene [visone]. I eintal av svake hokjønnsord vart -e obligatorisk, altså berre ei vise. Det same gjaldt e-bøyinga av verb på -ere: berre studerer – studerte – studert. Kløyvd infinitiv vart opphøgd til hovudform, mens e-infinitiv vart degradert til sideform. I supinum av sterke verb vart -i hovudform og -e sideform: har funni [funne]. Former som får, går, står vart obligatoriske.

I enkeltord vart det stramma inn på valfriheita, og da gjerne slik at den tradisjonelle forma vart ståande; såleis vart diftong igjen obligatorisk i ord som haust, draum, drøyma, og høra vart sideform til høyra. Austlandsk dobbelkonsonant i ord som gammal, venn, kjøtt, vart sideform til gamal, ven og kjøt. I andre ord vart dei nyare formene obligatoriske, som i mellom, før, om, så.

1959

Norsk språknemnd vart stifta i 1952, og fekk som første hovudoppgåve å justere 1938-rettskrivinga og lage ein ny læreboknormal for begge målformene. Målsetjingane var framleis gjensidig tilnærming og nedskjering av valfriheita. Den første målsetjinga vart oppnådd for nynorskens del, den andre ikkje; valfriheita auka tvert imot. I formverket vart dei viktigaste endringane gjorde i verbalsystemet. Den kløyvde infinitiven vart igjen degradert til sideform og e-infinitiven oppgradert til jamstilt hovudform, liksom det hadde vore frå 1917 til 1938. Eit «tilbakesteg» var det òg at supinum av sterke verb på -e vart gjord til hovudform att, men da jamstilt med -i, slik at det skulle kunne heite både har funne og har funni i læreboknormalen. I e-verb på -l- og -r- vart preteritum på -te obligatorisk: kvilte, førte.

Dei største endringane kom likevel i ei lang rekkje sentrale enkeltord, og dei omfatta til dels gjennomgåande trekk. Såleis vart former på -mm- no hovudformer i mange ord av typen gammal, hammar, sommar; dei gamle hovudformene gamal, hamar, sumar vart sideformer. I mange ord med valfritt -y- og -ø- vart ø-en styrkt; såleis vart følgje og sølv obligatoriske i læreboknormalen med fylgje og sylv som sideformer, og først vart jamstilt med fyrst; -ø-formene hadde før vore sideformer. Men dette vart ikkje gjort konsekvent (læreboknormalen skulle framleis berre ha bytte og syster, med bøtte og søster som sideformer). Monoftongformer som høre og kjøre vart jamstilte med høyre og køyre, og andre former som hadde vore utestengde, vart no sideformer (drøm, drømme, gjømme, glømme; lærebokformer: draum, drøyme, gøyme, gløyme). Av nye jamstilte tilnærmingsformer som tidlegare hadde vore sideformer, nemner vi mye, skole og søndag, jamstilte med mykje, skule og sundag.

Etter 1959

Etter 1959 har det ikkje vore noka større reform. Men Norsk språkråd har gjennom åra gjort ei rekkje endringar i enkeltord, pluss nokre få systemendringar. Dei viktigaste av desse er:

  1. Ubøygde former i perfektum partisipp fekk i 1981 sideformstatus der samsvarbøying tidlegare hadde vore eineformer (han/ho/dei er kjent; hovudformer: han/ho er kjend – dei er kjende).
  2. Svake hokjønnsord på -a vart sideform att i 1983 (utestengde sidan 1938): ei veka til hovudforma ei veke.
  3. E-verb på -r- fekk i 1986 igjen jamstilt preteritumsendinga – de: førde ved sida av førte, samtidig som -te vart tillaten sideform i j-verb der -de før hadde vore obligatorisk: spurte til hovudforma spurde.
  4. I 1996 fekk hankjønnsord på -nad og -a sideformer på -ar/-ane i fleirtal, mens -er/-ene før hadde vore eineformer: månadar – månadane til hovudformene månader – månadene.

 

-- Lars S. Vikør er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.11.2003 | Oppdatert:24.06.2015