Leiar: Språkleg mangfald

Noko av det som pregar tidsånda nå mot slutten av hundreåret, er vel ønsket om mangfald, ikkje minst kulturelt mangfald, slik det ytrar seg i kunst, språk, klesdrakt, politiske meiningar og religiøs tru. Den enkelte krev i større grad enn før rett til å setja saman sin identitet og personlegdom etter eigen individuell smak. Saman med dette mangfaldet innafor eitt og same land ser vi også at grensene mellom landa blir mindre viktige. Det er t.d. ikkje lenger så lett å oppnå semje om kva som er typisk norsk.

I vårt land reknar vi i alle fall med at det språklege mangfaldet er godt nok teki vare på, med dei to målformene våre, med valfridommen innafor rettskrivingane, med den frie dialektbruken osv. Dette er forhold som vi kan vera krye av, og som vi bør taka vare på.

I dette perspektivet verkar gamle slagord av typen "nynorsk som einaste riksmål i landet" reaksjonære. Men vi veit at nettopp dette slagordet hadde som føremål, og sikkert også som verknad, å styrka stillinga åt nynorsken. Og da har det faktisk verka til større mangfald! Det er ikkje nynorsken som trugar det språklege og kulturelle mangfaldet her i landet. Heller ikkje kan ein seia at bokmålet i seg sjølv gjer det. Det er holdning og praksis blant ein del bokmålsbrukarar som er sjølve trugsmålet. Eit eksempel på det fekk vi nyleg frå eit hald som ein skulle venta seg meir vidsyn og mindre provinsialisme frå: Sosiologisk institutt på Blindern, der dei sikkert vil rekna seg som både (post)moderne og vidsynte, har gjevi studentar som vil ha eksamensoppgåvene på nynorsk, beskjed om at dei lyt søkja om å få det. Norske studentar har rett til å få eksamensoppgåver på si eiga målform. Det er ein merkeleg praksis at ein no lyt søkja om å få sin rett. Og det er eit reaksjonært åtak på eit kulturelt mangfald frå krinsar som burde vita betre.

 

Jan Faarlund

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter