Grammatikkbiten – de eller dem?

Språknytt startar i dette nummeret ei fast spalte om grammatiske emne, skriven av Jan Terje Faarlund, som er professor i nordisk språkvitskap ved NTNU i Trondheim og leiar av fagnemnda i Språkrådet. Spalta er ikkje meint å skulla fortelja kva som er «rett» og «gali» i grammatikken. Meininga er fyrst og fremst å gje eit innblikk i grammatikkvitskapleg tankegang og metode.

De eller dem

I dagens norsk er det berre pronomena som skiftar mellom subjektsform (nominativ) og objektsform (akkusativ): eg/meg, du/deg osv. Men denne kasusbøyinga er ikkje like godt gjennomført for alle pronomen i alle former for norsk. Såleis er det berre normert bokmål som har kasusbøying i 3. person fleirtal: de/dem. Nynorsk og dialektane har berre ei form. Men heller ikkje i bokmål blir desse to formene alltid brukte i samsvar med regelen. Særleg når det kjem ei relativsetning etter, er det svært vanleg å bruka de anten det er subjekt eller objekt i oversetninga. Her er eit par autentiske eksempel: Kontrollegen friskmelder 40 % av de han innkaller; Det er liten belønning å hente for de som når målene. I begge tilfella står de etter ein preposisjon, og da skulle ein venta dem, ettersom det jo heiter for meg, av oss osv. Derfor vil da også mange meine at bruken av de i desse setningane er grammatisk feil.

Ein grammatisk konstruksjon kan seiast å vera feil dersom han strid mot ein grammatisk regel. Men ofte kan noko vera feil etter ein regel, men rett etter ein annan. Og her har vi nettopp eit slikt tilfelle. Etter regelen om at vi skal ha akkusativform av pronomen (dem) etter preposisjon, er setningane ovafor galne. Men er det så sikkert at de er pronomen i dette tilfellet? Vi har eit anna ord de, nemleg fleirtal av den, som kan fungera som førestilt bestemt artikkel: den jenta / de jentene, og dette ordet har ikkje kasusbøying: Jeg kjenner de jentene, ikkje *dem jentene. No er det slik at eit substantiv ofte blir utelati etter artikkel + adjektiv: De gamle [menneskene] er en resurs. Eit adjektiv er noko som står til eit substantiv. Relativsetningar er også noko som står til substantiv. Ei fellesnemning for slike ledd er adledd. Lat oss seia at eit adledd kan bli ståande saman med artikkelen etter at substantivet er stroki. Da kan vi tenkja oss følgjande konstruksjonar: Kontrollegen friskmelder 40 % av de [pasientene] han innkaller; Det er liten belønning å hente for de [bedriftene] som når målene. Dersom vi tek med det som står i klammer, ville det vera umogleg med dem.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.08.2004 | Oppdatert:24.06.2015