Lån eller import?

AV HELGE SANDØY

Orda jarn, pløye, skildre, potet, sjy, kjeks og teip blir gjerne omtalte som lånord. Men vi har inga plikt til å levere desse orda tilbake, slik at ordboksdefinisjonen av å låne, nemleg 'få til bruk ei viss tid (før tilbakelevering)’ passar dårleg når ein talar om å låne ord. Vi har i alle fall neppe tenkt å gjere opp for oss når det gjeld dei nemnde «lånorda». Som skandinavar krev vi vel heller ikkje å få tilbake pronomenet they frå engelsk. Rettnok har vi fått tilbake bag for det norrøne ordet baggi, som vi i si tid lånte ut, men slike tilbakebetalingar er sjeldsynte.

Desse orda har vi meir enn til låns, så det kan vere rett å skifte biletbruk. Å kalle orda importord kan vere meir tenleg; det er endatil tale om gratisimport, og det finst ingen opphavsrettar knytte til orda. Derfor står vi heilt fritt til å gjere kva vi vil med dei, og det har vi stort sett gjort.

Slik er det med orda at dei kan vandre mellom språka og ta med seg impulsar til det nye heimlandet før dei blir litt omstøypte i kontakten med samfunnet og det tradisjonelle ordforrådet. Det norske ordet kjeks betyr ikkje lenger cakes, ei sjappe er ikkje a shop, og ein boks er ikkje det same som a box. Seier ein digge, strippe eller stresse på norsk, gir det ikkje dei same assosiasjonane som på engelsk. Ein engelskmann veit knapt kva ein sikspens eller ein smoking er. Sjølv så nye importord som teip og bag blir ikkje brukte likt på norsk og engelsk.

Det er ikkje berre sjølve innhaldet i orda vi slipar til. Vi kan også gi orda ein spesiell kulturell status, vi kan endatil gjere dei til «heilnorske» ord. Før nynorsken hadde godteke ordet beskrive, stod skildre for oss som det særprega norske ordet. Men dét også er importert frå tysk likeins som beskrive; vikingane kjende ikkje desse orda. Vi står altså fritt til å gi våre eigne verdiar til importorda. Dette er som med dei norske bunadene, dei er i utgangspunktet importerte i norsk kultur, men vi har endra dei litt og gjort dei til våre eigne, til nasjonale symbol. (Til bunaden kan ein også ha cape, som ville høve betre i samanhengen om ein skreiv kep.)

Kva er forvirrande?

Er det forvirrande for elevane å skulle skrive teip i norsktimen, men tape i engelsktimen? Det skaper neppe meir ugreie enn å måtte skrive sjokk på norsk og shock på engelsk; her også er uttalen temmeleg lik, men skrivemåten forskjellig. I andre tilfelle skriv vi orda likt, men uttalar dei ulikt. Slik er det med f.eks. ordet land.

Å lære engelsk inneber mellom anna å lære eit anna forhold mellom bokstav og lyd enn det vi har i norsk. Utifrå det norske ortografiske mønsteret veit vi korleis teip, sjokk og land skal uttalast. Rettnok har ikkje engelsk eit så tydeleg samsvar mellom uttale og skrivemåte som norsk, men likevel er mønsteret klårt nok til at vi ser at f.eks. teip og sjokk verkar uengelske. Dessutan kan vi slutte oss til at tape, shock og land svært sannsynleg må uttalast /teip, sjåkk, lænd/ på engelsk.

Å meistre dei ulike ortografiske mønstra er ein fundamental del av innsikta i dei to språka, og brott på dei kan forvirre både i engelsktimane og i norsktimane. Korleis skal vi uttale f.eks. hall i squashhall i ein norsk tekst? Anne-Line Graedler, som har skrive ei avhandling om engelske ord i norsk, har laga dette eksempelet: La meg for egen regning tilføye at jeg tror tapet tapet tapet medfører, kan bli katastrofalt. Korleis skal vi tolke, og korleis skal vi uttale denne setninga? Vi treng litt tid før vi finn ut av det!

Skal vi skrive tape på norsk fordi det er importert frå engelsk? Ovafor har vi vist at importorda får eit nytt og sjølvstendig liv når dei blir brukte i det nye språket og samfunnet. Vi kan i prinsippet ikkje rekne norsk dress og teip for å vere same orda som engelsk dress og tape. I engelsktimane må vi nettopp lære oss å ikkje gå i grøfta når vi møter så like ord. Da kan det jo faktisk vere ein pedagogisk lette at vi ser av ortografien kva språk orda hører heime i. Vi bør vere glade for at kjeks ikkje er skrive cakes.

Norsk normeringstradisjon

Det pedagogiske omsynet har lege bak den normeringstradisjonen som tok til i 1862 - dvs. med den første norske språkreforma. Da fjerna ein mellom anna c, ch, ph og q frå ei mengd importord: Technique og Philosophie blei til Teknik og Filosofi. Den første tida var det mest ord frå fransk og dei klassiske språka latin og gresk som skapte tydelegast brott på det ortografiske mønsteret.

Det tok tid før ein fann endelege løysingar for ein norsk skrivemåte, både fordi det norsk-danske skriftspråket enno ikkje hadde funne si norske form, og fordi ein måtte finne fram til prinsipp for korleis ein skulle overføre f.eks. latin og fransk til norsk. Ordet qualificere blei først endra til kvalificere, seinare til kvalifisere; jalousi gjekk vegen om jalusi til sjalusi. Det kom prinsipielle reformer i både 1869, 1885, 1907 og 1917, men frå da av kan ein seie at det var etablert eit ryddig mønster for korleis ein skulle gi ord frå latin, gresk og fransk ei norsk skriftform.

I vårt hundreår er det importen frå engelsk som meir og meir har dominert blant problemorda. Det finst nokre tidlege eksempel på engelske importord som har fått heimstadrett i det norske ortografiske systemet, f.eks. blei strike endra til streike i 1907 og trawle til tråle i 1917. Seinare har nokre fleire ord følgt etter. Hovudretninga i norsk normeringspolitikk har vore den same frå 1862: Importord som er blitt vanlege i norsk, skal få norsk skrivemåte.

Den kjende framstøyten i Språkrådet i 1996 var eit forsøk på rydde opp i ein del av dei orda som er plagsame i norsk ortografi. Rådet gjorde framlegg om valfri norsk skrivemåte av 61 ord (for det meste engelske importord). Dei fleste av desse blei godtekne av Kulturdepartementet, men det ville vente med å godkjenne 15 ord som det meinte var noko problematiske, og bad om at Språkrådet greidde betre ut ymse prinsipielle spørsmål om korleis ein skal behandle importorda. Det gjaldt særleg forholdet mellom uttale og skriftbilete, som i f.eks. taxi, rush og boke. Det er no laga ei større utgreiing: Lånte fjører eller bunad? Om norsk skrivemåte av importord. Ho er for tida ute til høring. Saman med høringsfråsegnene skal utgreiinga vere grunnlaget for ei prinsippdrøfting på årsmøtet i Norsk språkråd i februar 1998.

Sexy taxi

Under utgreiingsarbeidet blei det gjennomført ei gransking av uttalen av ein del moderne importord. Det viser seg å vere ein del variasjon, og folk som blei spurde, var stundom usikre på korleis dei uttalte slike ord, ja, somme hevda dei lét vere å bruke orda nettopp fordi dei kjende seg usikre på uttalen. Derfor heldt for eksempel somme på ordet drosje i staden for å gå over til taxi. Denne uvissa viser nok ein naturleg tilstand i ein lånefase.

Det største problemet i Språkråds-drøftingane har vore korleis ein skal få taxi-typen, dvs. ord som på engelsk blir uttalte med kort /æ/, inn i norsk ortografi. For dei moderne importorda er det eit tydeleg geografisk mønster: Unnateke i og kring Oslo dominerer det mønsteret at ord som bag og tagg rimar på tradisjonelle ord som vegg, dvs. slike som har kort e. Ein skrivemåte som begg og tegg ville da vere den rette løysinga for stordelen av landet. I Oslogryta har det i dei siste generasjonane komme inn eit mønster der ein lèt slike importord få ein opnare æ-uttale, som gjer at bag ikkje rimar på vegg, og taxi ikkje rimar på sexy. I dette dialektområdet ville skrivemåten bægg og tæksi ha svart best til uttalen.

I Rogaland og på Agder finst det tydelege tendensar til at ein bruker a i desse orda, dvs. at ein seier tagg, som rimar på knagg. Dette mønsteret representerer også den tradisjonelle tilpassinga til norsk i heile landet for importord som har fått nokre år på baken. I mellomkrigstida streva ein med ordet jazz, somme sa djæss og andre sa sjess. No er nok jass einerådande (om ein ikkje vil ha fram ein spesiell stilistisk verknad). Vi ser tydeleg òg at rally, taxi, frilans osv. følgjer same retninga, dvs. over til a-uttale.

Skulle ein velje det mest utbreidde mønsteret, burde ein altså brukt e i dei moderne importorda. Men ein kan òg gå inn for å styrkje den tradisjonelle løysinga med a og rekne med (og vone) at dei nye importorda (f.eks. handikappa og matche) tek same vegen som dei gamle (f.eks. kidnappe og takle). Vel vi å skrive f.eks. matsje og taksi, vil kanskje den norske konsonantismen i ordbiletet hjelpe til med å etablere ei god norsk løysing på importproblemet.

Normeringsprinsipp

I utgreiinga er det lagt fram mange detaljforslag om prinsipp for norsk skrivemåte og for behandlinga av importord generelt. Det blir f.eks. tilrådd at ein skal prioritere arbeidet med å få innarbeidd norske avløysarord der importordet er eit samansett ord, mens ein skal vere meir villig til å godta det utalandske ordet når det er usamansett. Det vil seie at ein arbeider lengst råd med å få f.eks. airbag bytt ut med kollisjonspute, for dette samansette ordet er bygd opp med eit visst innhald, dvs. med eit visst logisk forhold mellom ledda i ordet. Denne ordforståinga bør ta utgangspunkt i norsk fantasi og norske ord. Det usamansette ordet straight har ikkje noka logisk oppbygging, det er berre ei samanstilling av lydar. Derfor kan vi lettare godta det og skrive det som streit på norsk. At vi da har fått eit nytt ord i norsk, treng ikkje gjere språket vårt dårlegare. Vi har tvert imot fått ein ny byggjekloss i det norske ordforrådet.

Ein kunne ha som ideal at eit heimelaga ord alltid var best. Men når vi ikkje har greidd å innføre noko for f.eks. charter, og importordet alt er i allmenn bruk, må vi gjere det beste ut av situasjonen, nemleg å skrive sjarter. Og da er kanskje ikkje skaden så stor heller.

Det er normalt at vareimportørane tilpassar vara til norske standardar. Ein bil må få lysa justerte i samsvar med norske krav. Det er eit ønske at Norsk språkråd kan arbeide meir offensivt med å tilpasse importorda til heimlege krav. Å få impulsar utafrå er viktig, men det er like viktig at vi sjølve vil noko med impulsane. Med å vedta prinsipp for korleis nye ord bør sjå ut, kan Norsk språkråd bli betre i stand til å gi språklege råd.

 

-- Helge Sandøy er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter