Leiar: Norsk språkråd 25 år

I år er det 25 år sidan Norsk språkråd avløyste Norsk språknemnd som organ for språkrøkt og språkplanlegging i Noreg. Dette var noko meir enn eit reint namneskifte, og det var store voner om at det nye organet skulle få ro til å driva konstruktiv språkrøkt til beste for alle partar. Denne vona har i stor monn vorti oppfylt. Men det vil heldigvis ikkje seia at det har vori stilt kring arbeidet åt Språkrådet. Det fekk vi døme på i fjor da det gjorde framlegg om norvagisering av skrivemåten av nokre engelske lånord.

Dei reglane som Språkrådet gjev om rett og gali språk, gjeld fyrst og fremst slikt som ikkje utan vidare er del av folks naturlege mål, men som alle lyt læra på «kunstig» vis, dvs. framfor alt rettskrivingsreglane. Berre i svært liten grad legg Språkrådet seg oppi slikt som gjeld setningsbygning og ordval. Her er det snarare tale om å gje språkråd. Og når det gjeld «korrekt» uttale av norske ord, er Språkrådet svært atterhaldsamt. Og det er som det skal vera. Det bør vera ei grense for kor langt inn i folks djupaste språkkjensle eit offentleg oppnemnt råd bør våga seg.

Men jamvel relativt uskuldige inngrep i stavemåten av ord kan likevel føra til sterke reaksjonar frå publikum. Det viser at rettskrivinga kan røra ved dei djupaste kjensler, eller i alle fall dei mest inngrodde vanar.

Stundom kan reaksjonane bli så sterke at dei blir uttrykte i form av krav om at Norsk språkråd må nedleggjast. Men da gløymer ein at språk ikkje berre gjeld personleg smak og individuell identitet. Språk er også ein kulturell institusjon og eit nasjonalt identitetsmerke. Nasjonale språk og kulturar er truga av ei omfattande amerikanisering og globalisering både språkleg og elles, og i ein slik situasjon er Norsk språkråd del av ein nødvendig beredskap. Noreg kan ikkje klara seg som kulturnasjon utan eit organ for språkrøkt og språknormering.

 

Jan Faarlund

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter