Frå språknemnd til språkråd

AV KJELL VENÅS

Dei største medvitne og planlagde inngrepa i norsk skriftspråk har vorte førebudde av nemnder som skulle gjera noko som styremaktene hadde gjort vedtak om. Det var såleis særskilt oppnemnde arbeidslag som stelte til rettskrivingane av 1901 for landsmål, av 1907 for riksmål, av 1917 og av 1938 for båe skriftmåla. Eit fast organ for røkt og stell av norsk språk høyrer etterkrigstida til. Det fyrste heitte Norsk språknemnd.

Norsk språknemnd

Då Norsk språknemnd vart skipa i 1952, var det ei rådgjerd som hadde samanheng med det som var gjort med skriftmåla i 1938. Nemnda skulle føre det arbeidet vidare. Inngrepa i skriftnormene for nynorsk og bokmål den gongen hadde skapt reaksjonar hjå visse kategoriar av brukarar. Det galdt båe måla, nynorsk fyrst og bokmål så. Krigen hadde frose fast usemja om skriftnormer, lagt striden på is, så å seia, men han fekk nytt liv etter krigen. Motstanden i etterkrigsåra mot 1938-norma for bokmål var ein del av bakgrunnen for at Norsk språknemnd vart til. Men det var også andre, mindre tidsbundne, grunnar til å skipa eit slikt råd. Utan å tenkje på den aktuelle stoda med usemja om norma var det somme som gjerne ville få til ein offentleg institusjon for stell med språket, eit akademi. Dei visste at språket er den grunnleggjande føresetnaden for samfunnsliv og kultur, og at slike akademi fanst i andre land.

Det vart ikkje full semje om skipinga av Norsk språknemnd heller. Det var stor strid særleg om føremålsparagrafen åt nemnda. Der heitte det at nemnda skulle arbeide for tilnærming mellom dei to skriftmåla våre på norsk folkemåls grunn . Dei som la mest vekt på verdien til skrifttradisjonen, var redde for at den ville li skade om arbeidet vart styrt av eit slikt føremål. Og elles gjekk striden om skriftnormene frå 1938 vidare. Ei av dei fyrste oppgåvene til Norsk språknemnd vart å laga ein læreboknormal, ei fast ramme for språket i lærebøkene for skulen. Det hadde vore tenkt på og arbeidt noko med ein slik normal etter at rettskrivinga av 1938 var sett ut i livet. Arbeidet med normalen vart i røynda ei ny gjennomgåing av heile skriftnorma, så det tok det meste av femtiåra. Normalen vart sett i verk frå 1959, men han stod ikkje for noko avgjort brot med det som var gjort i 1938. Utforminga av normalen var ein grunn til at somme gjekk imot Norsk språknemnd.

Vogtnemnda

For å løyse eit vanskeleg politisk spørsmål og få ordskiftet om skriftspråket og arbeidet med det inn i meir positive former sette regjeringa ved statsråd Helge Sivertsen i 1964 ned ei nemnd som skulle drøfte heile språkstoda i landet og koma med ei tilråding om språksaka. Etter formannen, professor Hans Vogt, vart ho gjerne kalla Vogtnemnda. Tilrådinga frå nemnda kom i 1966, og ho fekk i åra etter ei brei vurdering av mange slags institusjonar i samfunnet, til sist av regjering og Storting.

Eit kapittel i tilrådinga frå Vogtnemnda har overskrifta Språknemnd, råd eller akademi . Der gjekk nemnda noko inn på det dei meinte var grunnane til at Språknemnda ikkje heilt hadde fått gjort det ein hadde venta av henne: at ho var bunden av 1938-rettskrivinga, av føremålsparagrafen sin og av at ikkje alle som var opptekne av desse spørsmåla, hadde gått med i nemnda eller slutta opp om arbeidet der. Vogtnemnda meinte at det trongst eit breitt forum der representantar for ulike språkpolitiske syn kunne møtast og drøfte retningslinene for norsk språkpolitikk og finne former for røynleg samarbeid om konkrete oppgåver.

Eit slikt forum ville Vogtnemnda av praktiske grunnar kalle «råd», og dei meinte det måtte setjast saman på ein annan måte enn Norsk språknemnd, som mest hadde hatt normeringsoppgåver. Eit nytt råd skulle ha målsfolk frå ymse faglege og språklege samskipnader og ha til oppgåve å drøfte og koma med framlegg om nye løysingar av gamle stridsspørsmål, peike på tiltak til vern om språkarven vår og styrkje interessa for språkdyrking. Tanken var at dette på lengre sikt skulle føre til meir gjensidig forståing og meir vørdnad for andre syn, og føre til eit samarbeid som kunne tryggje dei språklege rettane åt alle.

Tilrådinga gjekk vidare med konkret å forme ut grunnlaget for det rådet nemnda tenkte seg. Såleis kom nemnda med framlegg om at rådet skulle skipast ved lov, og ho la fram eit utkast til lova og til vedtekter for rådet. Kapitlet om dette er ein sentral del av tilrådinga frå Vogtnemnda, og jamvel om mange punkt i framlegget vart forandra på vegen frå tilråding til endeleg vedtak, finst sjølve bygnaden av Norsk språkråd og grunnlagsdokumenta for rådet i denne tilrådinga frå Vogtnemnda.

Norsk språkråd

Noko nytt i høve til Norsk språknemnd var namnet på organet det vart gjort framlegg om. Når Vogtnemnda ville kalle det råd og ikkje nemnd , var grunnen vel at dei ikkje ville ha eit namn som det knytte seg uheldige og negative tankar til hjå somme av dei som skulle vera med. Ved dette kom Noreg til å skilja seg ut frå dei nordiske grannane. I 1942 hadde Finland og i 1944 Sverige fått tilsvarande institusjonar som bar namnet språknämnd , og i 1955 fekk Danmark sitt Dansk Sprognævn . Framlegget til lov om ei norsk nemnd vart innleidd med orda: Det skal opprettes et råd for språkvern og språkdyrking. Ut frå dette ville dei kalle det nye organet Norsk språkvernråd. Men ein av medlemene i Vogtnemnda, Einar Hovdhaugen, såg ingen grunn til å gå bort frå det innarbeidde og korte namnet Norsk språknemnd. På eit seinare steg i saksførehavinga vart det stuttare namnet Norsk språkråd vedteke.

Vi såg at tilrådinga om språksituasjonen vart lagd fram i 1966, men lova om Norsk språkråd vart ikkje vedteken før i juni 1971 og vedtektene i oktober same året. Rådet hadde det fyrste møtet sitt 1. februar 1972 og avløyste då Norsk språknemnd, som hadde arbeidt i tjue år. Då Norsk språkråd kom i arbeid, tok det med ein gong fatt på den saka der 1938-rettskrivinga og Norsk språknemnd hadde møtt den mest verknadsfulle motstanden, rettskrivinga og læreboknormalen for bokmål. Visse innleiande vedtak om oppmjuking vart gjorde med ein gong, men arbeidet med å gå gjennom heile rettskrivinga tok noko tid, og resultatet vart det vi kjenner frå stortingsmelding nr. 100 (1980–81), og som utgjer gjeldande rettskriving for bokmål. Kritikken og motstanden mot 1938 frå dei som hevda skrifttradisjonen på nynorsk side, hadde gjort mest av seg før krigen, men har vore der heile tida og rettar seg no mot Norsk språkråd, som eit krav om full jamstelling for i-målet.

Den viktigaste skilnaden mellom Norsk språknemnd og Norsk språkråd var at alle fraksjonane på språkmarknaden gjekk med i Norsk språkråd. Mest hadde det å seia at samskipnadene som arbeidde for det tradisjonelle moderate eller konservative bokmålet, no hadde kome med, og at også dei med det måtte ta ansvar for arbeid og samarbeid. Det var omsynet til dei Vogtnemnda hadde lagt mest vekt på. Men elles hadde det ikkje hendt noko revolusjonerande i og med at eit språkråd kom i staden for ei språknemnd. Det var dei same variasjonane i norsk talemål og dei same ulike syna på språktilhøva våre. Likevel var det kan hende skapt noko nytt med det rådet som kan sjå attende på dei fyrste 25 åra no.

 

-- Kjell Venåser professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter